Uttala

Frå Mållekken
Versjonen frå 9. februar 2011 kl. 08:13 av TH (Ordskifte | tilskot) (→‎Uttaleordlista)
Hopp til navigering Hopp til søk

Uttala er den munnlege framburden av skriftmålet.

Høgnorsk uttala

Sjølvljod

I norsk hev me desse sjølvljodi i skrift: a, e, i, o, u, y, æ, ø, å. Med di mange av deim kjem i par med open og trong hått, og sjølvljod i endingar kann få ein annan hått en i rotstavingar, stend dei for femtan ulike sjølvljod i fyreskrivi høgnorsk ljodlæra. Uttala meir målføreleg kann denne bygnaden minskast til nie att, men samsvaret millom skrift og uttala kann ymsa millom dei ulike målføri.

Samansetjingar av tvo sjølvljod, tviljod, fylgjer eigne reglar for uttala.

skrift ljodskrift døme vanleg målføreleg anna målføreleg
a [a] gras [graːs], kann [kʰan] [æ] Austfold, upplandsmål i visse stodor
é [e] sér [seːr], lett [let]
è [ɛ] fer [fɛːr], sett [sɛt] ofte anten [æ] eller [e]
í [i] liv [liːv], inn [in]
ì [ɪ] liva [lɪːva] ofte [e] [ɛ] i visse stodor; [i] Telemark
ó [u] «européisk» [o] i sume målføre
ò [ɔ] [ø]
ú [ʉ] [u] fyre n i austnorsk «européisk» [u] i sume målføre
ù [ʊ] [u] eller [ʉ] [ø]
ý [y]
[ʏ] ofte [ø] [ʉ] sudvestnorsk
æ [æ] [e]
ø [ø] gamalt skil [ø]/[œ]
å [ɒ] ofte [ɔ] [au] Indre Sogn

Ope og trongt sjølvljod

e, i, o, u og y (og i eldre mål ø) kann lyda på tvo måtar, trongt (stram tunga) og ope (slakk tunga). I lange stavingar finn me oftast det tronge ljodet, i stutte oftast det opne. Når ljodet er ope, nærmar e seg til æ, i til e, o til å, u til o, y til ø. Sumtid merkjer ein desse når ein skal skilja ord som elles er like i skrift: lutande kile ( ́) yver trong, attkeik kile (`) yver open - t.d. blót (offer), blòt (leggja i b-).

Merk: Dei lange sjølvljodi i gamalnorsk vart tronge i norsk, dei stutte opne, ubunde av lengdi på sjølvljodet seinare i norsk - t.d. gn. skot, sót, sótt > nn. eit skot /skò:t/ el. /skòt/, ein sot /só:t/, ei sott /sót/. Ei gamalnorsk ordbok eller ei norsk ordbok som viser det gamalnorske upphavet, kann difor vera til hjelp for uttala i norsk.
Lengdi på medljod er ikkje lenger tydingsskiljande i norsk, ulikt gamalnorsk - jf. gn. sót 'sot' og sótt 'sott'. For eit skil millom stutt og langt medljod, jamfør uttala av t i engelsk met (til to meet) og norsk møtt (til å møta).

Schwa

I utyngd staving kann e få uttala schwa [ә], eit slapt ljod. Døme: hane [ha:nә].

Tviljod

Der er seks vanlege tviljod: au, ei, øy, ja, jo, ju, og dessutan je og som heng nært i hop med ja og jo. Døme: lauk, leik, røyk, jamn, brjota, ljuga; fjell, mjølk.

Tviljodet er ofte noko stuttare fyre langt sjølvljod eller sjølvljodsamband. Dette viser seg serleg i bøygningi, t.d. raud [røu] : raudt [røᵘt], å leida [²lɛia] : leidde [²lɛⁱdə].

Merk: I sume målføre vert det stutte tviljodet einfalda her - t.d. ein leist /lest/, raudt /røt/ (men raud /rau/). Einfalda sjølvljod er ikkje tilrådelegt i ei fyreskrivi uttala.

Nøgnare um uttala av sjølvljod

Uttala etter utjamning av stavingslengd

Sjølvljodi er anten stutte eller lange, og skifter sumtid i lengd alt etter målføret - t.d. eit skot /skò:t/ el. /skòt/, men einast ein rev /rè:v/. æ og å er jamnt lange, anna når tvifelt medljod eller medljodsamband fylgjer - t.d. ei råma, men adj. næste (til nær).


VK > V:K eller VK:

Når fyrste staving ender på medljod, kann e, i, o, u, y, ø alt etter målføret anten vera lange eller stutte – t.d. lit (ha. farge), vit; brot, lok, skot; skut (i båt, ikkje i tydingi "fjell-" eller eit slag utbygg), lut; løn (ha. treslag < gn. (h)lynr). a er jamt lang, anna fyre m – t.d. gras, mas, tal.

Når sjølvljodet upphavleg var stutt, kann me ålment segja at a jamnt er lang, anna fyre m - t.d. eit tak /ta:k/, men adj. tam /tam/. Stutt (serleg nordanfjells) eller langt sjølvljod fyre k, n (oftare langt sjølvljod sunnanfjells), p, t, s - t.d. eit lok; ein son, ei mòn (el. mån), eit tin (malm); eit skip; eit skot; eit bos. Jamnt stutt sjølvljod fyre m - t.d. lam, tam. Jamnt langt sjølvljod fyre d, g, l, r, v - t.d ein fred, ein led; ein hug; gul, eit kol, ein mòl (dyr); eit snòr, eit smør; eit lov, ein rev (dyr).

KVKV > KV:KV

Når fyrste staving ender på sjølvljod, skal sjølvljodet vera langt – t.d. (namnord) navar (bor), spade; boge, flote, mose; og (gjerningsord) draga, fara, svara; bera, gjera, lesa, skjera, vera; liva, vita. Stutt uttala er ikkje tilrådeleg her. Undantak: Fyre m kann sjølvljodet anten vera langt eller stutt – t.d. gamal, humar, koma, same, saman, sumar.

Merk. I å døma, eit døme, å søma, adj. sømeleg skal ø vera lang av di ø upphavleg var lang. I bokmål og dansk er desse anologiskt avstytte. Jf. svensk döma, men komma.

Vanlege uttalemistak av sjølvljod (dømi viser rett uttala)

Trong o i ein drott, ein idrott, ei otta (um morgonen, t.d. i o-), å ottast, ein otte (rædsla), ei rova (hale), ei sott (sjukdom), totte (tykte til tykkja), ein trott. Både trong og lang o i ein dom (sameleîs etterfestet -dom), ein domar. Open o i ein fole, ein hjort, ei hosa, ei kona, eit lok, ein mose (vokster), ein pose, eit spor. Open u i ein brunn, ein grunn, ein hug, ei humla, ein hund, å kunna, ein lut, ein munn, pron. sum(e), ein sumar (kann vera trong i visse målføre når sjølvljodet er stutt), å sumla, eit sund, adj. sund, adj. tunn. Open i i ein lit (farge), eit skin, eit skip, eit slit, sliten, eit stig, eit svik, eit tin (malm), eit vit. Open e i ei skjel (blautdyr).

Merk: Sumtid er sjølvljodet so ope at at ein skriv e for eldre i – t.d. kid > kjed (norr. kið, jf. killing < kidling), sid > sed (norr. siðr), vin > ven (norr. vin, vinr).

Stutt og ikkje langt sjølvljod i vakna - d.e. er /vakna/ og ikkje /va:kna/ (jf. rakna av rak). Sameleîs flakna (av flak), spakna (av spak) osb., og i alle høve blakna (av blakk), slakna (av slakk). Like eins stutt sjølvljod i fagna - d.e. /faŋna/ eller /fagna/ og ikkje /fa:ŋna/ eller /fa:gna/ (jf. regna). Sameleîs tagna osb. I hjarta og til knes skal sjølvljodet vera stutt og ikkje langt - d.e. /jarta/ el. /jaʈa/, /knes/.

Merk: Langt sjølvljod i fagnad, lagnad osb. med di etterfestet hev større tyngd en vanlege endingar. Lengdi i mange tilleggsformer kann vera jamna etter eintal - t.d. vakne /va:kne/ (attåt /vakne/) til vaken /va:ken/.

Desse ordi skal ha langt sjølvljod og ikkje stutt: ein dom /do:m/ (sameleîs etterfestet -dom), ein domar /do:mar/, ein led /le:/ (el. /lì:/), eit par /pa:r/, å para /pa:ra/, eit smør /smø:r/, å smøra /smø:ra/, eit tal /ta:l/, ei øl /ø:l/.

Uttala av sjølvljodi ved bøygde former

Lagord. Når lagordet stend i inkjekyn, vert ofte stavingslengdi og ljodhåtten brigde, d.e. at sjølvljodet vert lengt og millomlågt sjølvljod lægt – t.d. god /gu:/ : godt /gɔt/. Stundom berre stavingslengdi - t.d. høg /hø:g/ : høgt /høkt/, låg /lɔ:g/ : lågt /lɔkt/, låk /lɔ:k/ : låkt /lɔkt/, rik /ri:k/ : rikt /rikt/.

Sterke gjerningsord. Dersom sjølvljodet upphavleg var langt i grunnformi (infinitiv), er ljodhåtten (i og y) trong i notid (presens), d.e. 3de (t.d. brjota : bryt : braut : brote) og 4de rekkja (t.d. lita : lit : leit : lite) av sterke gjerningsord – t.d. (3de) bit /bi:t/ (til bita), lit /li:t/ (til lita), skriv /skri:v/ (til skriva), og (4de) bryt /bry:t/ (til brjota), lyt /ly:t/ (til ljota), skyt /sky:t/ (til skjota).

I alle andre tilfelle der sjølvljodet upphavleg var stutt i grunnformi, er ljodhåtten trong i notid – t.d. (5te) fer /fɛ:r/ (til fara), grev /grɛ:v/ (til grava), tek /tɛ:k/ (til taka), veg /vɛ:g/ (til vega); (6te) lèt /lɛ:t/ (til lata).

Tilleggsformene (partisippi). Her er sjølvljodet jamt ope – t.d. bore (til bera), skore (til skjera), skote (til skjota), vore (til vera), vorte (til verta); skrive (til skriva), slite (til slita), drive (til driva); sprunge (til springa) , stunge (til stinga), sunge (til syngja).

Merk. Same gjeld lagord som ovan – t.d. vriden /vrì:en/, skiten – men ikkje vrid-en /vri:en/ (til vrid) og skit-en, avdi sjølvljodet i gamalnorsk var langt.

Linne gjerningsord. Opningsverdet av sjølvljodet held seg gjenom heile bøygningi, anten ope eller trongt. Sjølvljodet i alle linne gjerningsord i telja‑klassa er ope gjenom heile bøygningi – t.d. byrja : bør : burde : burt; dylja : dyl : dulde : dult; dynja : dyn : dunde : dunt; fylgja : fylgjer : fylgde : fylgt; selja : sel : selde : selt; spyrja : spyr : spurde : spurt; telja : tel : talde, talt. Sjølvljodet i linne gjerningsord i døma‑klassa er trongt gjenom heile bøygningi når sjølvljodet i fyrstestaving er langt – t.d. styra : styrer : styrde : styrt. Når sjølvljodet i fyrstestaving er stutt, er sjølvljodet ope gjenom heile bøygningi – t.d., lyfta, spytta, vyrda.

Merk. I målføre med retrofleks, er sjølvljodet i rotstavingi langt i fortid og tilleggsform - t.d. styrde /sty:ɖe/ : styrd /sty:ɖ/ til styra. I målføre utan, stutt - t.d. styrde /styrde/ : styrd /styrd/ til styra.

Gjerningsord i døma-klassa hev i presens ofte samandregi uttala - t.d. gleder (av gleda) /gle:r/ el. /gle:er/, lider (av lida) /li:r/ el. /li:er/.

Namnord. Fleirtal av ord på -nad hev ofte samandregi uttala - t.d. bunader /bu:nar/ el. /bu:naer/. Sameleîs fenad, lagnad, merknad, skilnad osb. Same gjeld fleirtal av hannkynsord på -a - t.d. sofa /so:far/ el. /so:faer/.

Medljod

Vanleg uttala av medljod og medljodsamband i rotstaving
Skrivegjerd Hovudnorm Onnor normgild uttala frå ymse landslùter
b [b]
c Berre i lånord
d- framljod [d]
-d- inn-/utljod
  • [-] dumb
  • [d] fyre etterfestet -ig
Sunnmøre/Nordfjord: [ð] eller [d]
dd [d] Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ɟ]
dj [ʝ] eller [ɟʝ] Mange stader: [j]
dk [k] Sum aust- og nordnorsk: [ɾk] (sjå rk)
f [f]
g- framljod
  • [g] fyre a, o, u, å
  • [ʝ] fyre ei, i, y, øy – «linn
  • Vestnorsk: [ɟʝ] fyre ei, i, y, øy
  • Mange stader: [j] fyre ei, i, y, øy
-g- innljod
  • [g]
  • [ʝ] fyre mange endingar på -e-, -i-
  • Vestnorsk: [ɟʝ] fyre mange endingar på -e-, -i-
  • Mange stader: [j] fyre mange endingar på -e-, -i-
-g utljod [g] Sume stader etter e, i, y, æ, ø og l, r: [ɣ] eller [j]
gj [ʝ]
-gn inn- og utljod [ŋn] eller [gn]
h [h]
hj [j] I sume ord mange stader: [ç] (t.d. hjå)
j [j]
k- framljod
  • [kʰ] fyre a, o, u, å
  • [ç] fyre ei, i, y, øy – «linn
Vestnorsk: [cç] fyre ei, i, y, øy
-k- innljod
  • [k]
  • [ç] fyre mange endingar på -e-, -i-
Vestnorsk: [cç] fyre mange endingar på -e-, -i-
-k utljod [kʰ], [ʰk], [k]
kj [ç] Vestnorsk: [cç]
l [l] Austnorsk:
  • [l] i framljod og etter i, ì, ý
  • [ɽ] elles
ld [ld] eller [l] Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ʎ]
lg Sjå -g i utljod
lj [lj] eller [j]
ll [l] Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ʎ]
m
  • [m]
  • [ɱ] fyre f
mb [mb] eller [m]
n
  • [n]
  • [ŋ] fyre g, k
  • [ɲ] fyre gj, kj og linn g, k
nd [nd]] eller [n] Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ɲ]
ng [ŋg] eller [ŋ]
nn [n] Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ɲ]
p framljod [pʰ]
-p- innljod [p]
q Berre i lånord
r [r]
  • Aust- og nordnorsk: [ɾ]
  • Mange stader på Sud- og Sudvestlandet: [ʁ]
  • Sume nordnorske målføre: [ɹ]
rd [r] Austnorsk: [ɽ]
rg Sjå -g i utljod
rk [rk] Trøndsk og nordnorsk: [ɹ̥k]
rl [rl] Austnorsk: [ɭ]
rn [rn] eller [n]
  • Austnorsk: [ɳ] eller [n]
  • Andre stader: [dn], [ɲ]
rs
  • [ʃ] eller [rs]
  • [s] i sume ord (t.d. fyrst)
rt [rt]] Austnorsk: [ʈ]
s [s]
sj [ʃ] eller [sj]
sk
  • [sk] fyre a, o, u, å
  • [ʃ] fyre ei, i, y, øy
  • Sum vestnorsk og trøndsk: [scç] fyre ei, i, y, øy
  • Andre stader: [sj] fyre ei, i, y, øy
skj [ʃ]
sl [sl] eller [ʃɭ] Trøndsk og andre stader: [ɬ]
stj [ʃ]
t framljod [tʰ]
-t- innljod [t]
tj [ç] eller [cç]
tl [tl] eller [ʃɭ] Trøndsk og andre stader: [ɬ]
tt [t] Nordnorsk, trøndsk o.a.: [c]
v [ʋ]
w, x, z Berre i lånord

Nøgnare um uttala av medljod

«Stungen» d. Millom sjølvljod og i utljod vert d vanleg ikkje uttala – t.d. å beda, ei gleda, ein spade, ei tid, ein tidur. Undantak kann vera «bibelord» som Gud, nåde, stadnamn som Bodøy, Nidaros, Lade, og allveg lånord som ode, jøde og mode. Fyre etterfesti ‑ig og ‑ug er uttala oftast med d fyre ‑ig og utan d fyre ‑ug – t.d. vert stødig og stødug uttala /stø:dig/ og /stø:ug/.

Merk: Sunnmørsk og nordfyrdemål held på d millom sjølvljod og i utljod. I jamvektsmål finn ein au halden d: spåddå (spade), tuddur (tidur).

I sume ord og former kann d lyda so meiningi vert tydelegare – t.d. bedne /be:dne/, bodne /bò:dne/ (med langt sjølvljod som i eintal).

dj vert oftast uttala som j i framljod, men i sume uttalor som gj – t.d. djup, djerv, djevel. I innljod er uttala anten /dj/ med stutt sjølvljod fyre eller /j/ med langt sjølvljod fyre – t.d. ei midja, å rydja, å stydja, ei smidja. Ljodhåtten av sjølvljodet held seg når det vert lengt – t.d. stỳdja /stʏdja/ el. /stʏ:ja/.

I sume ljodlag med j er uttala anten sekundærtyngd på j, eller at j fell burt: bljug, brjost, brjota, drjug.

tj vert i framljod oftast uttala /ç/ (kj-ljod), stundom /t/ – t.d. tjukk, tjuge, og millom tvo sjølvljod /tj/ eller /ç/ – t.d. sitja, vitja – der sjølvljodet i roti kann vera langt eller stutt: /siça/, /vɪːça/.

ggj finst berre i innljod og hev oftast uttala /ʝ/ (gj-ljod), men òg /j/ – t.d. leggja /leʝa/ el. /leja/, byggja /byʝa/ el. /byja/, (tvi)eggja /eʝa/ el. /eja/. kkj finst berre i innljod og vert uttala /ç/ – t.d. vekkja, ikkje, bikkja

gj i framljod – t.d. gjeva, gjenta – og i innljod – t.d segja, bægje, pløygja, bøygja. kj i framljod – t.d. kjenna, køyra – og i innljod– t.d veikja.

Merk: Bjodeformi hev hardt medljod – t.d seg, pløyg, veik til segja, pløygja, veikja

Ljodlagi dg, dk og gs vert samandregne til gg, kk og ss. Er sjølvljodet i eller o, skifter det ljodhått og stavingslengd – t.d. vidga /vìga/ (av vid /vi:/), blodga /blòga/ (av blod /blo:/), vridka /vrìka/ (av vrid /vri:/). Når a, berre stavingslengd – t.d. dragsa /drasa/ (av draga /dra:ga/).

kj. Sjå gj

kkj. Sjå ggj..

ld og nd vert i utljod uttala anten /ld/ og /nd/, eller /ll/ og /nn/ (dei tvo fyrste uttalone oftare i innljod enn i utljod) – t.d. kald, kveld, vald; land, rand, (sam)fund, snild. Men utan jamning i fortidsformene – t.d. talde (til telja), kjende (til kjenna), kunde (til kunna), og tilleggsformer – t.d. tald, kjend.

nd. Sjå ld.

ng vert anten uttala /ŋ/ eller /ŋg/ – t.d. ring.

rd vert vanleg uttala /r/ (el. /ɽ/) - t.d. ein fjord, ei jord, eit mord, ei urd; å herda, å vỳrda. Undantak er framandord som ordning (men ordna /orna/), og det norrøne hird. I stadnamn er uttala anten med eller utan d - t.d. Stord, Hordaland, Fỳrde (den nedervde uttala er utan d).

Merk: Når d og t ikkje er lekk av sjølve ordstomnen, men er ein bøygningslekk av gjerningsordi, gjeld andre reglar. I fortid kann d halda seg, samandragast med r til ein retrofleks eller falla heilt ut. Det er serleg etter u at d-en fell burt – t.d. spurde (av spyrja) /spùrdә/, /spù:ɖә/ eller /spù:rә/. I andre tilfelle held d-en seg oftast, t.d. førde, høyrde, vyrde. I gjorde (av gjera) fell han oftast burt. I partisipp og supinum held d-en og t-en seg eller dei vert samandregne med r til ein retrofleks: spurd kann då uttalast /spùrd/ eller /spù:ɖ/, og spurt /spùrt/ eller /spù:ʈ/. For rd (og rt) i avleidde lagord er tilrådd uttale den same som for partisippi, t.d. bærd, hærd, lærd, tærd.

rs vert i sume ord uttala ss fyre t – t.d. fyrst /fỳst/, tyrst /tỳst/, størst /støst/.

rn er tilrådd uttala /rn/, i sume ord òg /n/ (t.d. ei birna), med stutt og ope sjølvljod fyre - t.d. eit korn /kòrn/. Undantak er ei ørn /ø:rn/ med jamnt langt sjølvljod og ei stjorn /stjorn/ med (stutt) trongt sjølvljod, avdi sjølvljodet upphavleg var langt (gn. stjórn). Sume ord tykkjest oftare ha /n/ enn /rn/, serleg tvostava ord - t.d. ei birna, å varna, adv. gjerne; allvegen borne /bò:rnə/ el. /bòrnə/, skorne /skò:rnə/ el. /skòrnə/, (u)vyrdne /vỳr(d)nə/ osb.

Merk: rn skifter alt etter målføret millom /n/ (el. palatal /ɲ/), /dn/ og /rn/ (serleg i nordnorsk), medan sjølvljodet oftast er stutt og ope - t.d. eit korn /kòn/, /kòdn/ og /kòrn/.
Uttala med langt (oftast trongt) sjølvljod og retroflekst medljod, som i bokmål, er ikkje tilrådelegt - t.d eit korn /kó:ɳ/.

Burtfall. I ljodlag med tri medljod kann det millomste falla ut – t.d eldst /elst/, hemnd /hemd/, nemnd /nemd/, siglde (til sigla) /sìgdә/ el. /sìgәldә/.

Tonelag

Til liks med svensk hev norsk tvo tonelag (skil i tone ved stavingar med hovudtyngd), som skapar minstepar. Døme: liket [¹li:kə], like [²li:kə] (til lo. lik); leiken (no.) [¹læikən], leiken (lo.) [²læikən].

Merk: Grunntonemynsteret for dei tvo tonelagi skil seg frå målføre til målføre.


Circumfleks

Er tostavingstonelag på ord med éi staving. Dette gjeld berre fåe ord. Døme: fôr, vêr, sâl. Ikkje alle ord med circumfleks er vanlege å merkja: mor, far, mt. glør (til glod).

Merk: Circumfleks femner vidare i sume målføre med apokope (m.a. trøndsk), jf. han er stor mot dei er stôr (= store).


Uttaleordlista

  • bil eit /bì:l/
  • birna ei /bìna/ el. /bìrna/
  • bjørn ein /bjørn/
  • blodga v /blòga/
  • boge ein /bò:ge/
  • brot eit /brò:t/ el. /bròt/
  • burt adv /bùrt/ el. /bùʈ/
  • byrja v /bỳrja/
  • dom ein /dom/ el. /do:m/. Sameleîs etterfestet -dom
  • dotter ei /dòter/ el. /doter/
  • dragsa v /drasa/
  • drope ein /drò:pe/
  • drott ein /drot/
  • dylja v /dỳlja/
  • døma v /dø:ma/
  • døme eit /dø:me/
  • fagna v /faŋna/ el. /fagna/
  • fagnad ein /fa:gna/
  • flakna v (av flak) /flakna/
  • flote ein /flò:te/
  • fole ein /fò:le/
  • fylgja v /fỳlja/
  • fyrst adv /fyst/
  • gamal adj /gamal/ el. /ga:mal/
  • gras eit /gra:s/
  • hjarta eit /jarta/ el. /jaʈa/
  • hjort ein /jort/ el. /joʈ/
  • horn eit /hòrn/
  • hosa ei /hò:sa/
  • hug ein /hù:g/ el. /hu:g/
  • humar ein /hùmar/ el. /hù:mar/
  • idrott ein /idrot/
  • jarn eit /jarn/
  • koma v /kòma/ el. /kò:ma/
  • kona ei /kò:na/
  • korn eit /kòrn/
  • kvern ei /kvèrn/
  • lagnad ein /la:gna/
  • lit ein /lì:t/ el. /lìt/
  • lit ei /li:t/
  • liva v /lìva/ (men liv eit /li:v/)
  • lok eit /lò:k/ el. /lòk/
  • lut ein /lù:t/ el. /lùt/
  • lyfta v /lỳfta/
  • mose ein (vokster) /mò:se/
  • otta ei (um morgonen) /ota/
  • otte ein (rædsla) /ote/
  • par eit /pa:r/
  • para v /pa:ra/
  • pose ein /pò:se/
  • selja v /sèlja/
  • so adv /so:/ el. /sò:/
  • sott ei (sjukdom) /sot/
  • rova ei (hale) /rò:va/
  • saman adv /saman/ el. /sa:man/
  • same pron /same/ el. /sa:me/
  • segl eit /segl/
  • segl eit /sègl/ (på skip)
  • sigla v /sìgla/
  • skin eit /skì:n/
  • skip eit /skì:p/ el. /skìp/
  • skot eit /skò:t/ el. /skòt/
  • slit eit /slì:t/ (el. /slìt/)
  • slita v /sli:ta/
  • sliten adj /slì:ten/
  • smør eit /smø:r/
  • spakna v (av spak) /spakna/
  • spor eit /spò:r/
  • spyrja v /spỳrja/
  • stjerna ei /stjerna/
  • stjorn ei /stjórn/
  • sum, sume pron. /sùm/ (el. /sù:m/), /sùme/ el. /sù:me/
  • sumar ein /sùmar/ el. /sù:mar/
  • svik eit /svì:k/ (el. /svìk/)
  • svika v /svi:ka/
  • søma v /sø:ma/
  • sømd ei /sømd/
  • tagna v /taŋna/ el. /tagna/
  • tal eit /ta:l/
  • tegl eit /tegl/ (el. /tìgl/)
  • tjørn ei /tjørn/ el. /tjøn/
  • totte pret. (= tykte til tykkja) /tote/
  • trott ein /trot/
  • tyrst adj /tyst/
  • um prep /ùm/
  • upp adv /ùp/
  • vakna v /vakna/
  • velja v /vèlja/
  • vit eit /vì:t/ el. /vìt/
  • vita v /vì:ta/
  • yver prep /ỳ:ver/ el. /ø:ver/
  • ørn ei /ø:rn/