Diskusjon:Uttala

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Er ikkje denne framleggjingi noko tung til rettleiding å vera? Jf. Midtun. Ikkje for det, ein treng ei heilskapleg yversynlista. --SAM 27. mai 2009 kl. 13:34 (CEST)

Er det ikkje greidast å rada det upp alfabetiskt slik, då? Det vilde eg ha sétt etter um eg skulde slå upp uttala i eit nytt mål. Tanken var å gje ei heilsleg yversyn. Både her og andre stader er det fulla ein fyremun um ein har ei stuttare innføring attåt au, men det var ikkje den enden eg tok åt med no. Tok du ikkje på ei side med innføring i høgnorsk? Kann hende er det ein tanke å leggje fram meir einfelde innføringar i ymse emne der, og lenkje millom hine innføringsbolkane og dei meir utfyllande teigane som denne. TH 27. mai 2009 kl. 15:23 (CEST)
Men dette er ikkje eit nytt mål ... Eg kann leggja til eitt og anna her, so fær me sjå um me skil ut tvo bolkar. --SAM 28. mai 2009 kl. 14:58 (CEST)
Nytt i tydingi mål ein treng å lære, må vita. Det er kje mange som skynjar tanken med eit eige norskt uttalemynster, av dei som soknar til nynorsk heller. På NRK dessmeir uttalar dei norske ord etter bokmålske uttalereglar. TH 28. mai 2009 kl. 15:13 (CEST)

Skal ein greida ut um uttala ved lengdumleggjing? T.d. norr. VK > nn. V:K el. VKK - jf. brot, skot osb. Same gjeld norr. KVKV (gera, vera osb.). Ein lyt dessutan få med at uttala i spurde, smurde osb. er trong. Og kva med alle desse medljodssambandi? Her trode ein ha ein eigen bolk under lista yver medljodane. --SAM 28. mai 2009 kl. 15:30 (CEST)

Eg tenkte noko slikt:

Medljodsamband

Stungen d. Millom sjølvljodar og i utljod vert d vanleg ikkje uttala – t.d. å beda, ei gleda, ein spade, ei tid, ein tidur. Undantak er ”bibelord” som Gud, nåde, og namn som Bodøy, Nidaros, Lade, og lånord som ode, jøde, mode, bad (og bada). Fyre etterfesti ‑ig og ‑ug er uttala oftast med d fyre ‑ig og utan d fyre ‑ug – t.d. vert stødig og stødug uttala /stø:dig/ og /stø:ug/.

Mrk. Sunnmørsk held på d millom sjølvljod og i utljod. Og i jamvektsord (spåddå, tuddur).

I sume samansetjingar og bøygjingsformer lyder d – t.d. naudsyn; og i tilleggsformene i fleirtal – t.d. bedne, bodne.

dj vert oftast uttala j i framljod – t.d. djup, djerv, djevel. I innljod er uttala anten /dj/ eller /j/ med lengd sjølvljod fyre – t.d. ei midja, rydja, stydja, ei smidja. Ljodhåtten åt sjølvljoden held seg når han vert lengd – t.d. stỳdja /stỳdja/ el. /stỳ:ja/. --SAM 28. mai 2009 kl. 15:42 (CEST)

Ja, lista eg laga gjeld som det stend berre for rotstaving. Endingar fylgjer noko andre reglar. Elles har eg skrivi um uttala under bolkane med endingsverk i t.d. namnord, men me fær ta ei grov yversyn her mèd. Lengdeumleggjing krev au ein eigen bolk (underbolk under sjølvljod?). Nøgnare utgreiding under tavlone vert lugom. Når det gjeld sjølvljod fær me semjast um eit sams ljodskriftsystem fyrst. TH 28. mai 2009 kl. 15:54 (CEST)
Eg tykkjer det lyt vera ein underbolk under sjølvljod. Mange tek i miss her, og difor er det viktugt å få fram. --SAM 28. mai 2009 kl. 17:11 (CEST)
Eg veit elles ikkje kor nyttugt det er med uttaledøme frå andre mål. T.d. er ikkje 'e' i 'sehen' det same som norsk 'e'. Eg trur desse «hovudsjølvljodi» er sopass kjende at ein ikkje treng slike døme. TH 28. mai 2009 kl. 16:03 (CEST)
Nei ingi sjølvljodar er like. Eg kann heller setja upp ein bolk som viser høvet millom deim når eg fær tid (høg, millomhøg osb.). --SAM 28. mai 2009 kl. 17:11 (CEST)

Spursmål

Kan ikkje skj uttalast [sç]? Og stj [stj], [sç] eller [scç]? Og er -d- inn-/utljod alltid dumb utan -ig? Rita 7. mars 2010 kl. 17:21 (CET)

Eg hev ikkje høyrt onnor uttala av skj enn [ʃ]. For stj er uttala [stj] eller [ʃ]. Ja, ein høyrer ikkje d i inn- og utljod i flest alle målføre, anna fyre -ig. Sumtid kjem han derimot inn att, t.d. i partisipp - bedne osb. --SAM 7. mars 2010 kl. 18:20 (CET)
[sç] er eit systematiskt rett uttal av skj og stj, og var venteleg høyrande i eldre målstig der det no læt [ʃ]. Eg har ikkje ført det upp med di eg ikkje kjenner til at detta uttalet finst i dag, men det bryt ikkje med målbygnaden og er soleis ikkje rangt. [stj] for stj er eit reint bok(måls)-uttal, ikkje rettare eg veit. TH 7. mars 2010 kl. 23:38 (CET)
Ivar Aasen skreiv Om Udtalen af skj og sj i 1856. Eg trur nok at uttalone [sç] og [scç] hev gjenge attende sidan den gongen, so det er ikkje visst at dei enno kann høyrast.

--Egd81 13. april 2010 kl. 13:06 (CEST)

[scç] kann enno høyrast sume stader på Nordmøre. TH 15. april 2010 kl. 14:00 (CEST)

Berre eit par småe innspel

1) "Sjølvljodet i alle linne gjerningsord i telja‑klassa er trongt gjenom heile bøygjingi – t.d. byrja : bør : burde : burt; dylja : dyl : dulde : dult;..."

Her er vel, som òg formi "bør" i staden for "byr" i det fyrste dømet syner, sjølvljodet ope.

2) Er det nokon serskild grunn til at [dʲ] er gjeve som onnor normgild uttala frå ymse landslùter av dd, og ikkje det klangføre himnestengjeljodet [ɟ]? Og like eins med [tʲ] og ikkje [c] for tt?

Det var berre ei fyrebils «pedagogisk vurdering» av uppsetet i ljodlæra som i høgste mun er opi for umråding og brigde. Med [tʲ] er, som det gjeng fram or tavla der, ikkje meint anna en [c], og like eins for det klangføre ljodet. Kann hende det er betre å nytte [c] og heller setja på ein merknad som segjer kva for eit ljod dette er? TH 15. april 2010 kl. 13:51 (CEST)

3) Finst det klangføre himne-kvisleljodet [ʝ] i norske målføre? Detta skal vera den vanlege utala av j- i svenskt, men i Noreg hev eg aldri høyrt -(g)gj- uttala annarleis en [ɟʝ] eller [j]. --Egd81 13. april 2010 kl. 13:06 (CEST)

1. Det skal vera ope ja. 2. Skal uttala vera normgild, må ein setja visse grensor. Palatalisering er dessutan vandt å leggja av seg (tykkjer eg som er trønder :)). Kann henda TH eller nokon annan kann svara på 3. -SAM 13. april 2010 kl. 19:20 (CEST)
Finst [ʝ] i norske målføre? Etter Aasen i Norsk Grammatik skulde det tradisjonelt finnast i midlandsmåli, allvissa. TH 15. april 2010 kl. 13:51 (CEST)

Pust

Eg kom i ev um me bør setja upp etterpust som norm ved klanglause stengeljod i utljod, t.d. lett [letʰ]. I nordgudbrandsdalsmål heiter det t.d. tvert um [leʰt] med tydeleg fyrepust. Kann hende etterpust i slike tilfelle er so veik og ymsande at det ikkje er verdt å nemne. TH 18. april 2010 kl. 19:23 (CEST)

Kann henda ikkje i ei rettleiding um uttala, avdi dette skal vera ei rettleiding for folk utan serleg kunnskap. -SAM 20. april 2010 kl. 20:29 (CEST)
Ho skal fulla vera for folk med ymis kunnskap. Men me fær skrive um detta i ein eigen bolk når me fær skyn på det. Etterpust i framljod er likevel greidt å setja upp i ei ålmenn yversyn, so me fær nemnt emnet i minsto, og av di det er kjekt for utlendingar som vil lære høgnorsk – og norsktalande som vil lære andre mål, for den del – å verte minte um slike ofte «usynlege» (men høyrande) skilnader målemillom. TH 20. april 2010 kl. 21:19 (CEST)

Einskildord

Eg veit ikkje korleids ein best kunde gjeva upp uttala til einskildord. Eg sér me hev nokre reglar på sida her, men ingen reglar utan undantak. Eg spyr difor um uttala til nokre einskildord her:

  • so - trong eller open o?
  • um, upp, burt osb. - trong eller open u?
  • yver - kann ein uttala detta noko slikt som åver?

er gjerna ute etter detaljert kunna; t.d. um det finst fleire måtar som ein kann rekna som «rette».

Dessutan er bolken Vanlege uttalemistak av sjølvljod vand å skyna seg på. Er uttala som stend der rang eller rett? CS 27. januar 2011 kl. 21:32 (CET)

  • For so fører Grunnmanuset upp trong o som hovudform, men eg sér at t.d. Setesdal og Vest-Telemark hev open o. Etter mitt skyn lyt ein, som eitt av sers få undantak, opna for både trong og open o.
  • um, upp, burt hev open u.
  • yver hev open y, men oftast heilt yver til ø. Uttala åver er dansk.
Uttala som stend i Vanlege uttalemistak av sjølvljod er rett. -SAM 28. januar 2011 kl. 15:31 (CET)

Halden d i tilleggsformene

Uttala d i bodne, bedne osb. skal visst vera nedervd, og ikkje seinare tillempa leseuttala. Lengdi i sjølvljodet må difor vera jamna etter eintal og ikkje etter den d-lause uttala. -SAM 29. januar 2011 kl. 20:10 (CET)

Kjelde? TH 30. januar 2011 kl. 01:51 (CET)
Norsk Målsoga. -SAM 30. januar 2011 kl. 15:20 (CET)
Kva side? Eller kva for tilfang syner han til? TH 30. januar 2011 kl. 19:25 (CET)
Eg fann det ikkje att (såg etter på s. 347). Kann henda det var hjå Midtun (som eg ikkje hev nærhandes). -SAM 30. januar 2011 kl. 21:25 (CET)
Sudvestlandsk held mykje på d i den stoda. Sameleis i sms. (t.d. raudleitt, godvêr). Jf. Kolsrud (1951 s. 32). Indre nemnde det same (men eg finn det altso ikkje att), t.d. d oftast høyrdest i naudsyn. -SAM 21:46, 1 February 2011 (CET)

Ljodmerkjing

Skal ein merkja dragsa /drasa/ el. /drassa/? Dette vert vel noko anna enn å merkja skot /skot/? -SAM 31. januar 2011 kl. 00:44 (CET)

/…/ er for skilljod. Skil me /-VC-/ og /-VCC-/ nokorleis? Kann ikkje koma på det. Då er /-VC-/ høvelegt. TH 31. januar 2011 kl. 01:22 (CET)

Nokre uttalor

Stutt sjølvljod er jamnt lengt fyre g (ulikt t.d. p, t, k) i trøndsk. Nokon som veit nedervd ljodhått her? Er t.d. både /hù:g/ og /hu:g/ godtakande, eller må sjølvljodet i alle høve vera ope? Og kva med sjølvljodet fyre l, t.d. gul (/gu:l/?). Eg sér sameleis at uttala av son er uppførd med /son/ i GM. Er dette nedervd - jf. tin /tin/ (noko avslørande) og /ten/.

Eg trur me lyt einslaga skrivemåten av skilljod osb. her på sidone. Talast um det den 15.? TH 31. januar 2011 kl. 18:36 (CET)

burt. Det undrar meg um ikkje rett uttala er /burt/ el. /buʈ/, jf. at sjølvljod tiudleg vert lengt fyre - og -rt.

Det er berre o som vart lengd her. Dimed fekk bord og burd same uttalet. TH 31. januar 2011 kl. 18:30 (CET)
So du meiner urd skal uttalast /ù:r/? -SAM 31. januar 2011 kl. 18:32 (CET)
Nei, framlydande sjølvljod vart ofte lengt hokke som, t.d. akr > åker. TH 31. januar 2011 kl. 18:36 (CET)

Ljodsamand med rn er veilne. Eg tykkjer leidrettingi som er, ikkje er serleg god. Me kann ikkje berre segja at det sumtid er so og so. Eg spør meg um uttala med samandregen r til retrofleks og langt sjølvljod fyre ikkje er tilrådeleg. Eit lyt soleis setja upp ein regel at sjølvljodet jamnt er stutt fyre rn, og at rn kann uttalast /rn/, (/dn/ el. /n/) - t.d. bjørn /bjørn/, (/bjødn/ el. /bjøn/), horn /hòrn/, (/hòdn/ el. /hòn/), men einast ørn /ørn/. barn og born byd på visse vanskar. Sume av uttalone med /rn/ er nedervde, men sumtid er dei ikkje etteviste - t.d. birna. -SAM 31. januar 2011 kl. 16:11 (CET)

Kva er grunnlaget for at det i teksti på sida vert sagt at ordi ørn og jarn skal uttalast med langt sjølvljod? Eg hev aldri høyrt ørn uttala annleis enn /ørn/, sjølv um ein au finn formi /odn/ i stadnamn som til dømes Ådneram. Jarn er eg meir uviss på, då det i målføret mitt heiter /jedn/, men eg kan ikkje sjå nokon grunn til at ikkje /jarn/ skulde kunna vera ei heilt greid uttala her. Dersom jarn er ein god skrifteleg samnemnar for dei ulike norske målføreformene, burde det same vera tilfellet med den munnlege samnemnaren /jarn/. Eg finn helder ingenting i grunnmanuskriptet åt Norsk Ordbok som skulde tyda på at det skal vera lang sjølvljod i desse tvo ordi.--Egd81 20:58, 9 June 2011 (CEST)

Samd. Lang /ø:/ kann det berre vera fyre uttal med /ɳ/. Lista er elles ikkje utfyllande med alle landsgilde avbrigde. TH 22:51, 9 June 2011 (CEST)
Ja, det skal vera /ørn/ med stutt ø. Veit ikkje heilt kvifor eg skreiv det, men uttaleordlista viser rett uttala. Sameleis med jarn. --SAM 19:39, 12 June 2011 (CEST)

Segja, tegja

Korleids skal ein tala ut desse ordi? Beint fram med tydeleg g og j: segja, stum g: seja, eller endåtil som i nynorsk: seia? CS 11:26, 1 January 2012 (UTC)

Ikkje med [g]. Elles er [seːja] (eller [seːʝa] med hardare j-ljod, eller [seːa] utan j-ljod i heilo) og [seia] ([sɛɪa]) båe fullgode uttal, i tråd med korleis <gj> vert uttala elles. <-a> kann òg ymsa i tråd med målførom. TH 13:43, 1 January 2012 (UTC)

Raud - IPA

Skulde det ikkje vore anten [røʊ] eller [røʉ] heller en [røu], jf. tabellen yver sjølvljod? CS 14:56, 28 July 2012 (UTC)

Ja, audsynt. TH 20:35, 29 July 2012 (UTC)
Eg tenkte då serskilt på uttala under Tviljod. Kva er det då som er «rettast» uttala av u-en i raud, [ʊ] eller [ʉ]? CS 10:41, 30 July 2012 (UTC)
Eg skriv vanlege uttaleformer av au som [öʊ], [əʊ], [æʉ̜] og [aʊ]. Det er rørsla meir en grant kva ljod det er som er det viktugaste her. TH 08:32, 31 July 2012 (UTC)
Ja, det er vanskelegt å fyreskriva uttala av tviljod. Det viktuge er at tviljodet vert uttala som tviljod - det er korkje som einljod eller med u som v (konsonant). --SAM 22:43, 1 August 2012 (UTC)

-leg

Ljodlaus -g eller ikkje? -- CS 16:51, 8 June 2013 (UTC)

Det rimelegaste er at -g i -leg skal uttalast. --SAM 21:39, 9 June 2013 (UTC)

Skil, skin osb.

Eg sér at uttalelista segjer t.d. /skɪ(:)l/ og /skɪ(:)n/, men skulde det ikkje vore /ʃɪ(:)l/ og /ʃɪ(:)n/? --CS 16:43, 9 September 2013 (UTC)