Jamvektsmål

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Jamvektsmål heiter det talemålet eller skriftmålet der ord med tvo stavingar er skifte i tvo ulike bolkar: éin der sjølvljodet i endingi hev haldi på det fulle laget sitt: [ɑ], [ʉ], [i] osb. – og éin der endingsljodet er avveikt, helst til [ə].

Denne jamvektsregelen tér helst att i kløyvd nemneform: tala mot kaste – og i linne hokynsord: viku mot gjente. Desse formene er nytta ein del i skrift, med di dei vart knésette i midlandsnormalen. Men i målføri hev jamvektsregelen sett far etter seg i mest alle ordklassone, t.d. lagord: ei lita gjente, men ei sliti gjente – eller styreord: yvir, etter.

Upphav

Upphavet til namnet og ovringi ligg i gamalnorsk tid. I austnorsk fekk då tvostavingsord med stutt rotstaving jamn tyngd (jamvekt) på båe stavingane: ta-la – i motsetnad til ord med lang rotstaving, der hovudtyngdi låg fyrst: kas-ta, -su. Sidan er denne jamvekti kvorvi flest alle stader – ekte jamvekt finst i dag i målet Nord-Gudbrandsdalen, og i Aust-Telemark hev andrestavingi fengi hovudtyngdi – men hev sett merke på sjølvljodet.

Årsaki til den upphavlege jamvekti ligg helst i den austnorske tvostavingstonen; denne gjeng upp og ned og so upp att (som ~), og i stuttstavingsord kom heile siste uppgangen på siste stavingi, som då fekk same tonegangen som ei tyngd staving med einstavingstone (som ´). Soleis kunde tala [tâ.lá] høyrast som tvo tyngde stavingar (endå dei venteleg vanta full tyngd).

I mange gruppor av jamvektsord vart sjølvljodi handsama på same visi som tilsvarande lange sjølvljod i gamalnorsk. Soleis vert t.d. viku, hoso og visin uttala med tronge sjølvljod i mange austnorske målføre, og tala heiter mange stader «tålå».

Bruk

Sjå au