Mållekken:Brukarportal

From Mållekken
Jump to: navigation, search

Denne sida er til dryfting av innehald og ålmenne spursmål elles, og til vitring og hjelp for nye brukarar. Ein kann anten skriva nye teigar eller vidga og bøta på gamle. Ein kann brigda sidone utan brukarkonto, og der er ikkje noko krav til namngjeving. Ein kann skriva det ein vil, men me mun leggja ei viss tyngd på formlæror, ordlistor, ljodlæra, målteigar og rettleidingar (HTML/CSS, programvara osb.). Alt tilfang skal skrivast på høgnorsk, men ver ikkje rædd mistak, det vert snøgt retta på. Soleis er denne netstaden òg ein stad å læra seg høgnorsk på.

Gjeremål

Dryftingar og spursmål

Upptak og framlegg

Kven vil laga ei vænare utgåve av bilætet uppi vinstre hyrna? TH 22. januar 2009 kl. 13:14 (CET)

Kannhenda me skulde byrja på ei handbok i høgnorsk (eller innføring)? For sume held det med ei formlæra og ei ordbok, men slik er det ikkje for alle. (er på sumarlæger i Risør no)--SAM 14. juli 2007 kl. 14:56 (CEST)

Programvara

Avbrigdet av MediaWiki som vert nytta her kunde gjerna turva ei uppgradering. På Wikipedia kann ein i søkjeboksen få upp framlegg til uppslagsord slik at ein kann lettare finna fram åt det ein er ute etter; ja, ein kann jamvel finna fram til meir enn det ein er ute etter.. Um det ikkje skulde krevja for mykje, so vilde eg hava sét på detta. CS 31. januar 2011 kl. 10:39 (CET)

Eg skal sjå på dette -SAM 31. januar 2011 kl. 14:47 (CET)
Då er programvara etterførd. Fyrre utgåva var noko gamal og dessutan serhøves brigd, og etterføringi gjekk difor ikkje heilt lytelaust. Titlane på teigane hev fenge kråketær og dei høgnorske systemmeldingane må leggjast inn på nytt (endå dei enno finst i den gamle utgåva). Gamalutgåva finn de på www.ivaraasen.no/wiki_gamal/ -WikiSysop 01:08, 1 February 2011 (CET)
Ein skulde tru at slikt fylgde med; men detta sér elles tenlegt ut. Medan me fyrst er inne på emnet um systemmeldingane: alle systemmeldingane til MediaWiki vert sette um på translatewiki.net. I innstillingane kann ein sjå at det t.d. finst eit eige målval for ein «ærug tysk målbunad»; d.e. Sie-form. Ein skulde då tru ein kunde freista få på plass høgnorsk som ein innebygd målbunad i programvara.
Det tryggaste er hava lokale umsetjingar korso (gjerna i parallell), sidan ein ikkje fær full kontroll med umsetjingane når dei ligg eksternt. Finst det nokor interessa for detta?
<Ein siste ting er at det kunde vore tenlegt å leggja nokre teikn, som munde vera tenlege, under boksen som ein brigder tekst med; d.e. noko slikt som detta (MediaWiki:Edittools) som ein hev på Wikipedia. Men då lyt ein visst leggja inn detta samstundes. CS 13:25, 1 February 2011 (CET)
Legg gjerna til <charinsert>«+»</charinsert> CS 20:50, 1 February 2011 (CET)
Å laga ei høgnorsk målbunad på translatewiki.net, hadde ikkje vore so dumt. -SAM 21:49, 1 February 2011 (CET)

Er det noko som hev hendt med eit søppelpostfilter eller noko slikt? Elles bør detta brigdet fjernast. CS 21:00, 8 February 2011 (CET)

Eg hev lagt inn nytt bosfilter, men det ser ikkje heilt ut til å verka. -SAM 13:41, 9 February 2011 (CET)
Fyrr kunde ein vel ikkje brigda sidone utan at ein skreiv seg inn. Det kunde ein føra inn att. CS 09:30, 12 February 2011 (CET)

Endå meir: ei lista yver alle sidone på netstaden kann ein finna her. So kann ein sletta dei sidone som hev range teikn i titlane etter kvart som ein ryd (det gjer jo òg framleggi i søkjeboksen meir yversynlege). CS 19:27, 18 February 2011 (CET)