Brukardiskusjon:TH

Frå Mållekken
Gå til: navigering, søk

Du fær kje vera fæli(n) for å koma med spursmål her! TH 29. desember 2008 kl. 20:59 (CET)

Elles

Eg sku berre segja takk um den framifrå ytingi du gjer for vår norske arvelut. Normeringi gjeng taslut no, hardla og mett av samnorsk er ho. Eg fell nok under same tradisjon sem min kretsmeister Uppdal og dessmeir slektsburdin frå nordvest-Buskerud --- korso eg ikkje skriv stødt um og upp (i båe tydingar), men det fær liva. Solik skriv eg ein blogg på fritt i-mål, om eg kann vera frekk til å driva blåster (reklame) her: http://steinraus.wordpress.com . Noko kjem stundom på prent i aviser.

Tenkte, um du skreiv ein kommentar med mailen din på bloggen, vi kunde gjera eit prosjekt. Upphavsretten for verki åt Olav Duun er burte no. Vi lyt skriva inn deim anten på eit moderat i-mål (vi godtek om og opp i same mynster som nu => no, berre for å lura oss sjølve) eller på høgnorsk. Sidan skuv vi dei gjenum LaTeX og fær PDF-ar med verd. Då sit vi att med bunadir i rein tekst og HTML om vi trong au. Kva tykkjer du? Vikune

Avløysarord

krig er lengi nytt i landsmålet, men orde er upphavleg lågtysk. Sume stadir, til dømes Grong, finst kri (f). Det er sama tyding, men meir i samsvar med gjerningsorde kri, av norrøn kría. Er det høve for orde i høgnorsk, tykkjer du? Vikune 9. juni 2010 kl. 20:41 (CEST)

Ja, det tykkjer eg er heilt greidt. Sume likar å nytte ufred, men kri(g) er au brukande. TH 10. juni 2010 kl. 00:05 (CEST)

Dat

Heisann. Er det lovleg å skriva 'dat' på høgnorsk? Eg ser at Aasen nemnde formi i Norsk Grammatik frå 1864 her. Mvh. CS 4. januar 2009 kl. 17:03 (CET)

Du gådde kann hende at formi dat ikkje var nemnd i tavla yver personlege varaord her på Mållekken? Det var helst ei gløyming; formi dat er au verd å nemnast her (og tilsvarande dan, men det lyt verte under peikande varaord). Men når det er sagt, lyt ein ha det klårt fyre seg at denne formi vert rekna for alderdomleg eller målføreleg, på line med -arne for -ane og me funno for me fann. Det er ikkje gali å nytte slike former, norskt skriftmål er so ungt at dette berre vert for småskil å rekne; men ein bør vita kva ein gjer.
Sér me på det frå ein målføre-synstad, er formi dat ei like god typeform som det, just som inte er like god som ikkje. For landsgildt bruk derimot er det einast éi eller stundom sume (t.d. både me og vi) av slike jamgode typeformer som er brukande.
I praktisk høgnorsk upplæring, som oftast ber åt på eigi hand, er det tidt beinsamt å nytte slike kjende merkeord til å halde på og ta med seg målkjensla frå målføret, erso ein er godt inne i eitkvart nedervde målføret. Sidan, når skrivetamen sit i fingrane, treng ein ikkje alle desse merkeordi til studnad lenger, men kann skrive like godt med meir landsgilde former. TH 4. januar 2009 kl. 18:19 (CET)


Detta og denna

Kvi valde Aasen formene dette og denne framfor detta og denna? Beste helsing Nfanrekurb

Det gjorde han då ikkje. Etter Norsk Grammatik er formene denne og detta. Eg skal vara meg vel for å segja kvifor, men fyredømet i nemnefall i gamalnorsk kann ha vegi med. Elles nemner han hine formene (denna, dette) i klambrer, og skriv dessutan um at mange målføre skil millom denne 'den her' og denna/danna 'den der'. TH 12. november 2009 kl. 15:39 (CET)

hjort

Meiner du at hjort jamnt skal uttalast med trong o eller meiner du med /o/ open o? (eg hev elles sett upp bosfilter, so fær me sjå korleis det verkar) -SAM 10:10, 9 February 2011 (CET)

Eg har fylgt systemet ditt der, so det er trong o. Som sagt lyt me reinske upp i måten me skriv uttal på. Hjort fylgjer regelen for o fyre og rt, nett som fjord. TH 10:16, 9 February 2011 (CET)
Ja, me talar um det 15. Eg trudde elles at lengjingi av o var noko seinare fyre rt. -SAM 10:23, 9 February 2011 (CET)

Lagord på -en (og ubøygde)

Hei! På teigen um lagord hev du lagt inn yversynet nedan:

Utsyn yver alderdomlege og målførelege former
eintal mangtal
hannkyn hokyn inkjekyn hannkyn hokyn inkjekyn
N goder god godt gode goda gode
U godan
E gods godra gods godra
S godom godre godo godom

Korleis vert det med lagordi på -en? Tak til dømes open. Nemne- og underfall er vel greide (sameleis fær ein lett opnom og opno etter mynster frå godom og godo). Hine formene slit eg med. Eg hev freista å jamføra med dei gamalnorske formene, men kjem ikkje langt. Desse formene er jo kje dei vanlegaste, i minsto ikkje eigefallsformene, men det hadde kann henda vori greidt å gjeva yversyn til -en-lagordi au?

eintal mangtal
hannkyn hokyn inkjekyn hannkyn hokyn inkjekyn
N U open (opin) opi (opa) ope (opi) opne opna opne
E opens? opna?
opnar?
opens? opna?
openna?
S opnom(?) opne?
openne?
opno(?) opnom(?)

… og korleis vert det med elles ubøygde lagord som einstaka i side- og eigefall? Her er vel -a sjølv ei gamal eigefallsending, so *einstakom, *einstakre osb. vert vel ikkje rett, og *einstakaom, *einstakare osb. læt sert. Eg ser at islendsk hev einstaka i alle kyn og fall (men berre linn bøygjing), so slik lyt det kann henda òg vera på norsk?

Helsing Motsegn (talk) 05:59, 25 July 2019 (CEST)

Som du segjer er einstaka ei eigefallsform, og skal då ikkje hava onnor bøygning attpå. Lagord på -en fær formene nedanfor etter vanlegom ljodvokster frå gamalnorsko. Dei lange formene (-enne osb.) hev i nyare tid havt lokale tilmåtingar etter odrom bøygjemynster, soleis hokyn sidefall opnare som i færøysko. Men etter di ingi av dessom formom fekk herredøme i allo landē, er det dei voksterrette formene som lyt gjelda for fyredøme.
eintal mangtal
hannkyn hokyn inkjekyn hannkyn hokyn inkjekyn
N U open (opin) opi (opa) ope (opi) opne opna opne (opi)
E opens openna opens openna
S opnom openne opno opnom
I bøygningsverkē i midlandsmål fell openne og openna i hop i opinne. TH (talk) 14:46, 31 July 2019 (CEST)
Takk for svar! Eg skal leggja det inn i teigen um lagord, er opi i inkjekyn mangtal berre midlandsmål? Motsegn (talk) 01:53, 2 August 2019 (CEST)
Nei, opi i inkjekyn mangtal er ei gamal form som er lik hokyn eintal. Sume målføre held på slike former, og ho kann vel nemnast nær ein nemner sidefall og eigefall. TH (talk) 10:19, 2 August 2019 (CEST)
Takk! Hev lagt det til, ser det rett ut? Motsegn (talk) 03:13, 4 August 2019 (CEST)