Ljodlæra

From Mållekken
Jump to: navigation, search

Ljodlæra åt eit mål tek fyre seg korleis ljodi i målet vert uttala (fonetikk) og kva verkan dei hev (fonologi eller fonemikk). Med i dette bilætet høyrer au tyngd og tone.

Dessutan tek den sogelege ljodlæra fyre seg korleis ljodi hev skift gjenom tidene.

Høgnorsk ljodlæra

Dagnært høgnorskt talemål byggjer på ljodi i dei nedervde norske målføri og vert difor frambore på ulik vis alt etter landslùten talaren er frå eller soknar til. Yvergangen frå normfast uttala til dei einskilde målføri er jambrigd frå talar til talar og stundom frå høve til høve hjå same talaren. Framstellingi nedan byggjer på normfast uttala av skriftmålet og dei vanlegaste avbrigdi i ålgjengd tala.

Sjølvljod

Sjølvljod i høgnorsk
  Fremre Framvorde Midre Bakvorde Bakre
Trongt
i · y
ʉ
(u)
u͍˕
ɪ · ʏ
ʊ
e
ø
(o)
ə
ɛ · (œ)
ɔ
ɒ
æ
← a/ɑ →
  Trongvorde
Halvtrongt
Halvveges
Halvope
Openvorde
Ope
Sjølvljod i grønt er runda. «Europeisk» [u] og [o] som finst i sume
målføre er innsette til leidretting; me skriv elles vanleg [u] for [u͍˕].

Høgnorskt mål er serleg rikt på sjølvljod. Den underliggjande bygnaden i høgnorsk hev éi trong og éi opi utgåva av i, y, e, u og o; for ø er denne skilnaden i ljodhått mest burtfallen. Dessutan kjem a, å og æ som ikkje skil seg i slike håttkløyvingar. Endeleg hev me det veike sjølvljodet [ə], schwa, som berre finst i endingar og andre utyngde stavingar.

Sjølvljodi i tyngd staving er anten stutte eller lange, t.d. stutt i vissa [²ʋis.sa] og langt i visa [²ʋiːsa]. I endingar er sjølvljodi jamt stutte.

Vanleg uttala av høgnorsk hev noko færre sjølvljod en dei ovannemnde, med di t.d. den opne håtten av eitt sjølvljod gjerne fell saman med eit grannesjølvljod i mange målføre. Soleis:

open iì [ɪ] → [e]
open eè [ɛ] → [æ] eller [e]
open y [ʏ] → [ø]
open uù [ʊ] → [u] ó
open oò [ɔ] ← [ɒ] å

Dei opne par-sjølvljodi kom upp ved sterkning i millomnorsk, og dei underliggjande skilljodi av dei ulike vanlege uttaleformene i dag kann soleis skildrast som t.d. vita //vɪˑta//, der //ˑ// stend for sterkningi som ovra seg ulikt.

Tviljod

Høgnorsk hev tri vanlege fallande tviljod ei [ei] [æɪ], au [øʉ] [æʉ] [au] og øy [øʏ]. Andre fallande tviljod finst i lånord og einstaka ljodhermande ord.

Stigande tviljod på høgnorsk vert rekna for samansetjingar med næmeljodet eller halv-sjølvljodet [j], t.d. ja, jo, ju.

Medljod

Tvilippe- Tannlippe- Tann- Attbjugt Himne- Bakgoms- Uv- Barke-
Naseljod m (ɱ) n ɳ ɲ ŋ
Stengeljod p
(pʰ)
b t
(tʰ)
d ʈ
(ʈʰ)
ɖ c ɟ k
(kʰ)
g (ʔ)
Loseljod ɟʝ
Gnikeljod
(kvisleljod)
f s ð ʃ ç ʝ h (ɦ)
Næmeljod
(sidelagt)
ʋ
 
ɹ 
l
 
ɭ
j
ʎ
ɣ
 
ʁ
 
Sidelagt gnikeljod ɬ
Rulleljod
Slagljod
r
ɾ
 
ɽ
Tavla: Medljod i norskt mål. Austlege ljod i raudt, vestlege i grønt, nordlege i blått. Avbrigdeljod i (klomber). Målførelege eller alderdomlege ljod i grått.

Samlæte

Når tvo eller fleire medljod fylgjer etter einannan, innan eitt ord eller ordemillom, kann dei brigdast til eitt ljod etter faste mynster. I norsk gjeld dette serleg for ljodsamband med slagljodi [ɾ] og [ɽ] i austnorsk, som danar ulike attbjugeljod.

[ɾ] + [n] → [ɳ]
[ɾ] + [t] → [ʈ]
[ɾ] + [d] → [ɖ] ([ɽ] i sume tilfelle)
[ɾ] + [s] → [ʃ]
[ɾ] + [l] → [ɭ]

Same samlæti gjeld med [ɽ] i staden for [ɾ]. Ved ljodburtfall i medljodgruppor med tri eller fleire medljod kann au desse samlæti ovra seg: myrkt /mʏrk-t/ > [mʏʈ]. Slikt ljodburtfall er i større mun målføredæmt.

Eit serlegt tilfelle av slikt samlæte sér me ved utrekster (og mogeleg burtfall) av [ə] som upphavleg stend millom tvo samlæteføre medljod:

skulen /²skʉːɽen/ *[²skʉːɽən] > [²skʉːəɳ], [²skʉː.ɳ] eller [²skʉːʉɳ].