Uttala

Frå Mållekken
Versjonen frå 29. januar 2011 kl. 13:03 av TH (Ordskifte | tilskot) (→‎Tviljod)
Hopp til navigering Hopp til søk

Uttala er den munnlege framburden av skriftmålet.

Høgnorsk uttala

Sjølvljod

I norsk hev me desse sjølvljodi i skrift: a, e, i, o, u, y, æ, ø, å. Med di mange av deim kjem i par med open og trong hått, og sjølvljod i endingar kann få ein annan hått en i rotstavingar, stend dei for femtan ulike sjølvljod i fyreskrivi høgnorsk ljodlæra. Uttala meir målføreleg kann denne bygnaden minskast til nie att, men samsvaret millom skrift og uttala kann ymsa millom dei ulike målføri.

Samansetjingar av tvo sjølvljod, tviljod, fylgjer eigne reglar for uttala.

skrift ljodskrift døme vanleg målføreleg anna målføreleg
a [a] gras [graːs], kann [kʰan] [æ] Austfold, upplandsmål i visse stodor
é [e] sér [seːr], lett [let]
è [ɛ] fer [fɛːr], sett [sɛt] ofte anten [æ] eller [e]
í [i] liv [liːv], inn [in]
ì [ɪ] liva [lɪːva] ofte [e] [ɛ] i visse stodor; [i] Telemark
ó [u] «européisk» [o] i sume målføre
ò [ɔ] [ø]
ú [ʉ] [u] fyre n i austnorsk «européisk» [u] i sume målføre
ù [ʊ] [u] eller [ʉ] [ø]
ý [y]
[ʏ] ofte [ø] [ʉ] sudvestnorsk
æ [æ] [e]
ø [ø] gamalt skil [ø]/[œ]
å [ɒ] ofte [ɔ] [au] Indre Sogn

Ope og trongt sjølvljod

e, i, o, u og y (og i eldre mål ø) kann lyda på tvo måtar, trongt og ope. I lange stavingar finn me oftast det tronge ljodet, i stutte oftast det opne. Når ljodet er ope, nærmar e seg til æ, i til e, o til å, u til o, y til ø. Sumtid merkjer ein desse når ein skal skilja ord som elles er like i skrift: lutande kile ( ́) yver trong, attkeik kile (`) yver open. Døme: blót (offer), blòt (leggja i ~).

Schwa

I utyngd staving kann e få uttala schwa [ә], eit slapt ljod. Døme: hane [ha:nә].

Tviljod

Der er seks vanlege tviljod: au, ei, øy, ja, jo, ju, og dessutan je og som heng nært i hop med ja og jo.

Døme: lauk, leik, røyk, jamn, brjota, ljuga; fjell, mjølk.

Tviljodet er ofte noko stuttare fyre langt sjølvljod eller sjølvljodsamband. Dette viser seg serleg i bøygningi, t.d. raud [røu] : raudt [røᵘt], å leida [²lɛia] : leidde [²lɛⁱdə].

Merk: I sume målføre vert det stutte tviljodet einfalda her - t.d. ein leist /lest/, raudt /røt/ (men raud /rau/). Einfalda sjølvljod er ikkje tilrådelegt i ei fyreskrivi uttala.

Nøgnare um uttala av sjølvljod

Uttala etter umleggjing av stavingslengd

Sjølvljodi er anten stutte eller lange. æ og å kann ikkje vera stutte i skrift, anna i bøygde former – t.d. lågt /lɔkt/ til låg /lɔ:g/. I mange målføre er æ stutt (< eldre e) i uttala – t.d. vera.


VK > V:K eller VK:

Når fyrste staving ender på medljod, kann e, i, o, u, y, ø alt etter målføret anten vera lange eller stutte – t.d. (ven); lit (ha. farge), vit; brot, lok, skot; skut (i båt, ikkje i tydingi "fjell-" eller eit slag utbygg), lut; løn (ha. treslag <(h)lynr). a er jamt lang – t.d. gras, mas, tal.

KVKV > KV:KV

Når fyrste staving ender på sjølvljod, skal sjølvljodet vera langt – t.d. (namnord) navar (bor), spade; boge, flote, mose; og (gjerningsord) draga, fara, svara; bera, gjera, lesa, skjera, vera; liva, vita. Stutt uttala er ikkje tilrådeleg her. Undantak: Fyre m kann sjølvljodet anten vera langt eller stutt – t.d. gamal, humar, koma, same, saman, sumar.

Merk. I døma og døme skal ø vera lang av di ø upphavleg er lang. I bokmål og dansk er desse anologiskt avstytte. Jf. svensk döma, men komma.

Vanlege uttalemistak av sjølvljod (dømi viser rett uttala)

Trong o i ein dom (sameleîs etterfestet -dom), ei rova (hale), i otta (um morgonen), ein otte (rædsla), ei sott (sjukdom), totte (tykte til tykkja), ein trott. Open o i ein fole, ei hosa, ei kona, eit lok, ein mose (vokster), ein pose. Open u i sumar (kann vera trong når sjølvljodet er stutt), lut, hug. Open i i lit, vit.

Mrk. Sumtid er sjølvljodet so ope at at ein skriv e for eldre i – t.d. kid > kjed (norr. kið, jf. killing < kidling), sid > sed (norr. siðr), vin > ven (norr. vin, vinr).

Stutt og ikkje langt sjølvljod i vakna - d.e. er /vakna/ og ikkje /va:kna/ (jf. rakna av rak). Sameleîs flakna (av flak), spakna (av spak) osb., og i alle høve blakna (av blakk), slakna (av slakk). Like eins stutt sjølvljod i fagna - d.e. /faŋna/ eller /fagna/ og ikkje /fa:ŋna/ eller /fa:gna/ (jf. regna). Sameleîs tagna osb.

Mrk. Langt sjølvljod i fagnad, lagnad osb. Sameleîs er lengdi i fleirtal av tilleggsformene jamna etter eintal - t.d. vakne /va:kne/ til vaken /va:ken/.

Uttala av sjølvljodi ved bøygde former

Lagord. Når lagordet stend i inkjekyn, vert ofte stavingslengdi og ljodhåtten brigde, d.e. at sjølvljodet vert lengt og millomlågt sjølvljod lægt – t.d. god /gu:/ : godt /gɔt/, høg /hø:g/ : høgt /høkt/, låg /lɔ:g/ : lågt /lɔkt/, låk /lɔ:k/ : låkt /lɔkt/.

Sterke gjerningsord. Dersom sjølvljodet upphavleg var langt i grunnformi (infinitiv), er ljodhåtten (i og y) trong i notid (presens), d.e. 3de (t.d. brjota : bryt : braut : brote) og 4de rekkja (t.d. lita : lit : leit : lite) av sterke gjerningsord – t.d. (3de) bit /bi:t/ (til bita), lit /li:t/ (til lita), skriv /skri:v/ (til skriva), og (4de) bryt /bry:t/ (til brjota), lyt /ly:t/ (til ljota), skyt /sky:t/ (til skjota).

I alle andre tilfelle der sjølvljodet upphavleg var stutt i grunnformi, er ljodhåtten trong i notid – t.d. (5te) fer /fɛ:r/ (til fara), grev /grɛ:v/ (til grava), tek /tɛ:k/ (til taka), veg /vɛ:g/ (til vega); (6te) lèt /lɛ:t/ (til lata).

Tilleggsformene (partisippi). Her er sjølvljodet jamt ope – t.d. bore (til bera), skore (til skjera), skote (til skjota), vore (til vera), vorte (til verta); skrive (til skriva), slite (til slita), drive (til driva); sprunge (til springa) , stunge (til stinga), sunge (til syngja).

Merk. Same gjeld lagord som ovan – t.d. vriden /vrì:en/, skiten – men ikkje vrid-en /vri:en/ (til vrid) og skit-en, avdi sjølvljodet i gamalnorsk var langt.

Linne gjerningsord. Opningsverdet av sjølvljodet held seg gjenom heile bøygningi, anten ope eller trongt. Sjølvljodet i alle linne gjerningsord i telja‑klassa er ope gjenom heile bøygningi – t.d. byrja : bør : burde : burt; dylja : dyl : dulde : dult; dynja : dyn : dunde : dunt; fylgja : fylgjer : fylgde : fylgt; selja : sel : selde : selt; spyrja : spyr : spurde : spurt; telja : tel : talde, talt. Sjølvljodet i linne gjerningsord i døma‑klassa er trongt gjenom heile bøygningi når sjølvljodet i fyrstestaving er langt – t.d. styra : styrer : styrde : styrt. Når sjølvljodet i fyrstestaving er stutt, er sjølvljodet ope gjenom heile bøygningi – t.d., lyfta, spytta, vyrda.

Merk. I målføre med retrofleks, er sjølvljodet i rotstavingi langt i fortid og tilleggsform - t.d. styrde /sty:ɖe/ : styrd /sty:ɖ/ til styra. I målføre utan, stutt - t.d. styrde /styrde/ : styrd /styrd/ til styra.

Gjerningsord i døma-klassa hev i presens ofte samandregi uttala - t.d. gleder (av gleda) /gle:r/ el. /gle:er/, lider (av lida) /li:r/ el. /li:er/.

Namnord. Fleirtal av ord på -nad hev ofte samandregi uttala - t.d. bunader /bu:nar/ el. /bu:naer/. Sameleîs fenad, lagnad, merknad, skilnad osb. Same gjeld fleirtal av hannkynsord på -a - t.d. sofa /so:far/ el. /so:faer/.

Medljod

Vanleg uttala av medljod og medljodsamband i rotstaving
Skrivegjerd Hovudnorm Onnor normgild uttala frå ymse landslùter
b [b]
c Berre i lånord
d- framljod [d]
-d- inn-/utljod
  • [-] dumb
  • [d] fyre etterfestet -ig
Sunnmøre/Nordfjord: [ð] eller [d]
dd [d] Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ɟ]
dj [ʝ] eller [ɟʝ] Mange stader: [j]
dk [k] Sum aust- og nordnorsk: [ɾk] (sjå rk)
f [f]
g- framljod
  • [g] fyre a, o, u, å
  • [ʝ] fyre ei, i, y, øy – «linn
  • Vestnorsk: [ɟʝ] fyre ei, i, y, øy
  • Mange stader: [j] fyre ei, i, y, øy
-g- innljod
  • [g]
  • [ʝ] fyre mange endingar på -e-, -i-
  • Vestnorsk: [ɟʝ] fyre mange endingar på -e-, -i-
  • Mange stader: [j] fyre mange endingar på -e-, -i-
-g utljod [g] Sume stader etter e, i, y, æ, ø og l, r: [ɣ] eller [j]
gj [ʝ]
-gn inn- og utljod [ŋn] eller [gn]
h [h]
hj [j] I sume ord mange stader: [ç] (t.d. hjå)
j [j]
k- framljod
  • [kʰ] fyre a, o, u, å
  • [ç] fyre ei, i, y, øy – «linn
Vestnorsk: [cç] fyre ei, i, y, øy
-k- innljod
  • [k]
  • [ç] fyre mange endingar på -e-, -i-
Vestnorsk: [cç] fyre mange endingar på -e-, -i-
-k utljod [kʰ], [ʰk], [k]
kj [ç] Vestnorsk: [cç]
l [l] Austnorsk:
  • [l] i framljod og etter i, ì, ý
  • [ɽ] elles
ld [ld] eller [l] Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ʎ]
lg Sjå -g i utljod
lj [lj] eller [j]
ll [l] Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ʎ]
m
  • [m]
  • [ɱ] fyre f
mb [mb] eller [m]
n
  • [n]
  • [ŋ] fyre g, k
  • [ɲ] fyre gj, kj og linn g, k
nd [nd]] eller [n] Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ɲ]
ng [ŋg] eller [ŋ]
nn [n] Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ɲ]
p framljod [pʰ]
-p- innljod [p]
q Berre i lånord
r [r]
  • Aust- og nordnorsk: [ɾ]
  • Mange stader på Sud- og Sudvestlandet: [ʁ]
  • Sume nordnorske målføre: [ɹ]
rd [r] Austnorsk: [ɽ]
rg Sjå -g i utljod
rk [rk] Trøndsk og nordnorsk: [ɹ̥k]
rl [rl] Austnorsk: [ɭ]
rn [rn] eller [n]
  • Austnorsk: [ɳ] eller [n]
  • Andre stader: [dn], [ɲ]
rs
  • [ʃ] eller [rs]
  • [s] i sume ord (t.d. fyrst)
rt [rt]] Austnorsk: [ʈ]
s [s]
sj [ʃ] eller [sj]
sk
  • [sk] fyre a, o, u, å
  • [ʃ] fyre ei, i, y, øy
  • Sum vestnorsk og trøndsk: [scç] fyre ei, i, y, øy
  • Andre stader: [sj] fyre ei, i, y, øy
skj [ʃ]
sl [sl] eller [ʃɭ] Trøndsk og andre stader: [ɬ]
stj [ʃ]
t framljod [tʰ]
-t- innljod [t]
tj [ç] eller [cç]
tl [tl] eller [ʃɭ] Trøndsk og andre stader: [ɬ]
tt [t] Nordnorsk, trøndsk o.a.: [c]
v [ʋ]
w, x, z Berre i lånord

Nøgnare um uttala av medljod

«Stungen» d. Millom sjølvljod og i utljod vert d vanleg ikkje uttala – t.d. å beda, ei gleda, ein spade, ei tid, ein tidur. Undantak kann vera «bibelord» som Gud, nåde, stadnamn som Bodøy, Nidaros, Lade, og allveg lånord som ode, jøde og mode. Fyre etterfesti ‑ig og ‑ug er uttala oftast med d fyre ‑ig og utan d fyre ‑ug – t.d. vert stødig og stødug uttala /stø:dig/ og /stø:ug/.

Merk: Sunnmørsk og nordfyrdemål held på d millom sjølvljod og i utljod. I jamvektsmål finn ein au halden d: spåddå (spade), tuddur (tidur).

I sume ord og former lyder d for å gjera meiningi tydelegare – t.d. bedne /be:dne/, bodne /bò:dne/ (med langt sjølvljod etter eintal).

dj vert oftast uttala som j i framljod, men i sume uttalor som gj – t.d. djup, djerv, djevel. I innljod er uttala anten /dj/ med stutt sjølvljod fyre eller /j/ med langt sjølvljod fyre – t.d. ei midja, å rydja, å stydja, ei smidja. Ljodhåtten av sjølvljodet held seg når det vert lengt – t.d. stỳdja /stʏdja/ el. /stʏ:ja/.

tj vert i framljod oftast uttala /ç/ (kj-ljod), stundom /t/ – t.d. tjukk, tjuge, og millom tvo sjølvljod /tj/ eller /ç/ – t.d. sitja, vitja – der sjølvljodet i roti kann vera langt eller stutt: /siça/, /vɪːça/.

ggj finst berre i innljod og hev oftast uttala /ʝ/ (gj-ljod), men òg /j/ – t.d. leggja /leʝa/ el. /leja/, byggja /byʝa/ el. /byja/, (tvi)eggja /eʝa/ el. /eja/. kkj finst berre i innljod og vert uttala /ç/ – t.d. vekkja, ikkje, bikkja

gj i framljod – t.d. gjeva, gjenta – og i innljod – t.d segja, bægje, pløygja, bøygja. kj i framljod – t.d. kjenna, køyra – og i innljod– t.d veikja.

Merk: Bjodeformi hev hardt medljod – t.d seg, pløyg, veik til segja, pløygja, veikja

Ljodlagi dg, dk og gs vert samandregne til /gg/, /kk/ og /ss/. Er sjølvljodet i eller o, skifter det ljodhått og stavingslengd – t.d. vidga /vìgga/ (av vid /vi:/), blodga /blògga/ (av blod /blo:/), vridka /vrìkka/ (av vrid /vri:/). Når a, berre stavingslengd – t.d. dragsa /drassa/ (av draga /dra:ga/).

ld og nd vert i utljod uttala anten /ld/ eller /ll/, og /nd/ eller /nn/ – t.d. kald, kveld, vald; land, rand, (sam)fund, snild. Men utan jamning i fortidsformene – t.d. talde (til telja), kjende (til kjenna), kunde (til kunna), og tilleggsformer – t.d. tald, kjend.

nd. Sjå ld.

ng vert anten uttala /ŋ/ eller /ŋg/ – t.d. ring.

rs vert i sume ord uttala /ss/ fyre t – t.d. fyrst, tyrst, størst.

rn kann ymsa. Ofte stutt sjølvljod – t.d. bjørn, tjørn, korn, birna. Ofte lang sjølvljod – t.d. jarn, ørn, gjerne, stjorn, verna, barn; allvegen borne, skorne, (u)vyrdne osb.

Tonelag

Til liks med svensk hev norsk tvo tonelag (skil i tone ved stavingar med hovudtyngd), som skapar minstepar. Døme: liket [¹li:kə], like [²li:kə] (til lo. lik); leiken (no.) [¹læikən], leiken (lo.) [²læikən].

Merk: Grunntonemynsteret for dei tvo tonelagi skil seg frå målføre til målføre.


Circumfleks

Er tostavingstonelag på ord med éi staving. Dette gjeld berre fåe ord. Døme: fôr, vêr, sâl. Ikkje alle ord med circumfleks er vanlege å merkja: mor, far, mt. glør (til glod).

Merk: Circumfleks femner vidare i sume målføre med apokope (m.a. trøndsk), jf. han er stor mot dei er stôr (= store).


Uttaleordlista

  • blodga v /blòga/
  • boge ein /bò:ge/
  • brot eit /brò:t/ el. /bròt/
  • burt adv /bùrt/ el. /bùʈ/
  • byrja v /bỳrja/
  • dom ein /dom/ el. /do:m/. Sameleîs etterfestet -dom
  • dragsa v /drasa/
  • drope ein /drò:pe/
  • dylja v /dỳlja/
  • døma v /dø:ma/
  • døme eit /dø:me/
  • fagna v /faŋna/ el. /fagna/
  • fagnad ein /fa:gna/
  • flakna v (av flak) /flakna/
  • flote ein /flò:te/
  • fole ein /fò:le/
  • fylgja v /fỳlja/
  • fyrst adv /fyst/
  • gamal adj /gamal/ el. /ga:mal/
  • gras eit /gra:s/
  • hosa ei /hò:sa/
  • hug ein /hù:g/ el. /hu:g/
  • humar ein /hùmar/ el. /hù:mar/
  • koma v /kòma/ el. /kò:ma/
  • kona ei /kò:na/
  • lagnad ein /la:gna/
  • lok eit /lò:k/ el. /lòk/
  • lut ein /lù:t/ el. /lùt/
  • lyfta v /lỳfta/
  • mose ein (vokster) /mò:se/
  • otta ei (um morgonen) /ota/
  • otte ein (rædsla) /ote/
  • pose ein /pò:se/
  • selja v /sèlja/
  • so adv /so:/ el. /sò:/
  • sott ei (sjukdom) /sot/
  • rova ei (hale) /rò:va/
  • saman adv /saman/ el. /sa:man/
  • same pron /same/ el. /sa:me/
  • skot eit /skò:t/ el. /skòt/
  • spakna v (av spak) /spakna/
  • spyrja v /spỳrja/
  • sumar ein /sùmar/ el. /sù:mar/
  • tagna v /taŋna/ el. /tagna/
  • tal eit /ta:l/
  • totte pret. (= tykte til tykkja) /tote/
  • trott ein /trot/
  • tyrst adj /tyst/
  • um prep /ùm/
  • upp adv /ùp/
  • vakna v /vakna/
  • vit eit /vì:t/ el. /vìt/
  • vita v /vì:ta/
  • yver prep /ỳ:ver/ el. /ø:ver/