Skilnad mellom versjonar av «Millomnorsk»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
 
(14 mellomliggjande versjonar av 4 brukarar er ikkje viste)
Line 16: Line 16:


Flest alle desse umskifti hekk i hop. Til dømes drog utjamningi av stavingslengdene med seg klovningi av sjølvljodi i nye skilljod, og veikjingi av sjølvljod og ''n'' i endingane – som vel hekk i hop med tyngdeumleggjing i samband med stavingslengdutjamningi – drog med seg samanfall i endingsverket.  
Flest alle desse umskifti hekk i hop. Til dømes drog utjamningi av stavingslengdene med seg klovningi av sjølvljodi i nye skilljod, og veikjingi av sjølvljod og ''n'' i endingane – som vel hekk i hop med tyngdeumleggjing i samband med stavingslengdutjamningi – drog med seg samanfall i endingsverket.  
== Utjamning av stavingslengd ==
Gamalnorsk skilde millom stutte, lange og ovlange tyngde [[staving]]ar – t.d. (''h'')''not'' {{IPA|/(h)not/}} ‘nòt’, ''nót'' {{IPA|/noːt/}} ‘nót’ og ''nátt'' el. ''nótt'' {{IPA|/noːtː/}} ‘nótt’. I millomnorsk vart desse utjamna til lange stavingar – t.d. *''nòt'' {{IPA|/noːt/}} el. {{IPA|/notː/}}, *''nót'' {{IPA|/nuːt/}} og *''nótt'' {{IPA|/nutː/}}.
Sjå nøgnare under [[stavingslengdutjamning]].


== Sjølvljodverket ==
== Sjølvljodverket ==
Line 23: Line 29:
Frå mange germanske mål kjenner me til at sjølvljodi er skifte i det dei stundom kallar ''sterke'' og ''veike'' sjølvljod. Eit veikt sjølvljod vert då uttala med veikare tungerørsla, d.e. med tunga meir midt i munnen – veik tungelega. T.d. hev engelsk ''beat'' sterkt sjølvljod, og ''bit'' veikt.  
Frå mange germanske mål kjenner me til at sjølvljodi er skifte i det dei stundom kallar ''sterke'' og ''veike'' sjølvljod. Eit veikt sjølvljod vert då uttala med veikare tungerørsla, d.e. med tunga meir midt i munnen – veik tungelega. T.d. hev engelsk ''beat'' sterkt sjølvljod, og ''bit'' veikt.  


Same skipnaden fanst au allvissa i sein gamalnorsk, er det likt til, soleis at ''vísa'' vart uttala med sterk sjølvljodshått – [wiːsa] – og ''vita'' og ''fisk'' med veikt – [wɪta] og [fɪsk]. Denne skilnaden var berre avbrigde av same [[skilljod]]et, soleis at t.d. sjølvljod som vart stytte eller lengde på denne tidi gjekk beint frå eine håtten til hin – døme: ''gótt'' > ''gott'' ([[nynorsk|nn]]. ''godt''), ''orð'' > ''órð'' (nn. ''ord'')
Same skipnaden fanst au allvissa i sein gamalnorsk, er det likt til, soleis at ''vísa'' vart uttala med sterk sjølvljodshått – {{IPA|[wiːsa]}} – og ''vita'' og ''fisk'' med veikt – {{IPA|[wɪta]}} og {{IPA|[fɪsk]}}. Denne skilnaden var berre avbrigde av same [[skilljod]]et, soleis at t.d. sjølvljod som vart stytte eller lengde på denne tidi gjekk beint frå eine håtten til hin – døme: ''gótt'' > ''gott'' ([[nynorsk|nn]]. ''godt''), ''orð'' > ''órð'' (nn. ''ord'')


=== Sterkning ===
=== Sterkning ===


Med utjamningi av stavingslengdene i millomnorsk fekk dei veikhåtta sjølvljodi i stutt staving ny «styrke» lagd i seg. Det førde ikkje til at dei gjekk i hop med dei sterkhåtta; denne sterkningi gjekk fyre seg i same håttlægjet, men gav t.d. lengjing: sein gn. [wɪta] > mn. [wɪːta]. Skilnaden sterk/veik vart dimed avløyst av ein ny skilnad trong/open.  
Med utjamningi av stavingslengdene i millomnorsk fekk dei veikhåtta sjølvljodi i stutt staving ny «styrke» lagd i seg. Det førde ikkje til at dei gjekk i hop med dei sterkhåtta; denne sterkningi gjekk fyre seg i same håttlægjet, men gav t.d. lengjing: sein gn. {{IPA|[wɪta]}} > mn. {{IPA|[wɪːta]}}. Skilnaden sterk/veik vart dimed avløyst av ein ny skilnad trong/open.  


Det kom no upp [[målføre]]skilnader på grunnlag av korleis sterkningi vart handsama. I [[austnorsk]] var det alt uppkome ein skipnad med [[jamvektsmål|jamvekt]] i stuttstavingsord. Denne skipnaden bægde sterkningi i nokon mun, eller leidde 'na um i eit anna spor. Soleis gjekk gn. [wɪta] > mn. [wɪˑtaˑ] i austnorsk. I dag finn me att denne formi nærast i målføret i Nord-Gudbrandsdalen; elles i austnorsk vart denne stavingsskipnaden utmåta til t.d. [²ʋeːta] eller [²ʋɔt.].
Det kom no upp [[målføre]]skilnader på grunnlag av korleis sterkningi vart handsama. I [[austnorsk]] var det alt uppkome ein skipnad med [[jamvektsmål|jamvekt]] i stuttstavingsord. Denne skipnaden bægde sterkningi i nokon mun, eller leidde 'na um i eit anna spor. Soleis gjekk gn. {{IPA|[wɪta]}} > mn. {{IPA|[wɪˑtaˑ]}} i austnorsk. I dag finn me att denne formi nærast i målføret i Nord-Gudbrandsdalen; elles i austnorsk vart denne stavingsskipnaden utmåta til t.d. {{IPA|[²ʋeːta]}} eller {{IPA|[²ʋɒt.]}}.


Det sams underlaget for dei norske målføri i dag med umsyn til sjølvljodverket finn me soleis i denne tidi, og me kann skriva den underliggjande formi av dømet ovan som //vɪˑta//, der //ˑ// stend for sterkningi som ovra seg ulikt.
Det sams underlaget for dei norske målføri i dag med umsyn til sjølvljodverket finn me soleis i denne tidi, og me kann skriva den underliggjande formi av dømet ovan som {{IPA|//vɪˑta//}}, der {{IPA|//ˑ//}} stend for sterkningi som ovra seg ulikt.


=== Høgning ===
=== Høgning ===
Line 37: Line 43:
Alt i klassisk gamalnorsk tid reknar ein med at det lange sjølvljodet ''á'' var runda og høgt (trongare vorte), nær ''å'' i dag. I millomnorsk set dette i gang ei høgningsbylgja av dei lange bakre sjølvljodi, soleis at:
Alt i klassisk gamalnorsk tid reknar ein med at det lange sjølvljodet ''á'' var runda og høgt (trongare vorte), nær ''å'' i dag. I millomnorsk set dette i gang ei høgningsbylgja av dei lange bakre sjølvljodi, soleis at:


: ''á'' [aː] > [ɔː] eller [au]
: ''á'' {{IPA|[aː]}} > {{IPA|[ɒː]}} > {{IPA|[ɔː]}} eller {{IPA|[au]}}


: ''ó'' [oː] > [uː]
: ''ó'' {{IPA|[oː]}} > {{IPA|[u̞ː]}} (me skriv vanleg berre {{IPA|[uː]}})


: ''ú'' [uː] > [ʉː]
: ''ú'' {{IPA|[uː]}} > {{IPA|[ʉː]}}


Det finst enno sume [[målføre]] som held på dei gamle, «européiske» ljodverdi. Der ''ú'' hadde naseuttala [ũː], er ljodverdet halde i mest [[austnorsk]], soleis i t.d. ''brún'', ''krúna'' og ''nú'' ([[nynorsk|nn]]. ''no'').
Det finst enno sume [[målføre]] som held på den gamle, «européiske» ljodhåtten av ''ó'' og ''ú''. Der ''ú'' hadde naseuttala {{IPA|[ũː]}}, er ljodhåtten halden i mest all [[austnorsk]], soleis i t.d. ''brún'', ''krúna'' og ''nú'' ([[nynorsk|nn]]. ''no'' < [[gamalnorsk|gn]]. ''núna'').


=== Naseuttala ===
=== Naseuttala ===


I gamalnorsk hadde sume sjølvljod naseuttala, t.d. ''brún'' [brũːn], ''brunn'' [brũnː]. I millomnorsk fell einstaka ''n'' (og mange stader ''m'') burt i endingar og lìtar sjølvljodet fyre, soleis at det kjem upp ei rad endingssjølvljod med naseuttala. Soleis:
I gamalnorsk hadde sume sjølvljod naseuttala, t.d. ''brún'' {{IPA|[brũːn]}}, ''brunn'' {{IPA|[brũnː]}}. I millomnorsk fell einstaka ''n'' (og mange stader ''m'') burt i endingar og lìtar sjølvljodet fyre, soleis at det kjem upp ei rad endingssjølvljod med naseuttala. Soleis:


: [[gamalnorsk|gn]]. ''sólen'' > mn. /suːlẽ/ («soli»)
: [[gamalnorsk|gn]]. ''sólen'' > mn. {{IPA|/suːlẽ/}} («soli»)


: gn. ''gentan'' > mn. /ʝɛntã/ («gjenta»)
: gn. ''gentan'' > mn. {{IPA|/ʝɛntã/}} («gjenta»)


: gn. ''húsin'' > mn. /hʉːsĩ/  («husi»)
: gn. ''húsin'' > mn. {{IPA|/hʉːsĩ/}} («husi»)


: gn. ''hestenom'' > mn. /hɛstẽəm/ > /hɛstẽ(m)/  («hesten», [[sidefall]])
: gn. ''hestenom'' > mn. {{IPA|/hɛstẽǝ̃m/}} > {{IPA|/hɛstẽ(m)/}} («hesten», [[sidefall]])


: gn. ''erom'' > mn. /ɛˑrõ(m)/  («me er»)
: gn. ''erom'' > mn. {{IPA|/ɛˑrõ(m)/}} («me er»)


: gn. ''vikuna'' > mn. /vɪˑkũə/ > /vɪˑkũ/ («vìka», [[underfall]])
: gn. ''vikuna'' > mn. {{IPA|/vɪˑkũə/}} > {{IPA|/vɪˑkũ/}} («vìka», [[underfall]])


Når ''n'' fall burt, kom mange sjølvljod innåt einannan, og dei avveikte endingssjølvljodi fall jamt burt i den stoda.
Når ''n'' fall burt, kom mange sjølvljod innåt einannan, og dei avveikte endingssjølvljodi fall jamt burt i den stoda.
Målføret i Sælbu hev enno naseuttala av sjølvljod.

Siste versjonen frå 8. februar 2023 kl. 01:07

Millomnorsk er namnet på det målstìget av norsk som ligg millom gamalnorsk og nynorsk i tid. Dette er i mykje ei yvergangstid der mange umskifte kjem upp i målet og breider seg i ulike lùter av landet. Byrjingi vert gjerne sett til kring 1370 då verknaden av mannefallet i svartedauden tér att i skriftmålet. Enden vert gjerne sett til ut på 1500-talet (1550/1600) då dei siste leivdene av den gamalnorske skriftmålstradisjonen ovrar seg.

Dei viktugaste umskifti i målet i millomnorsk er:

  • utjamning av stavingslengdene: stutte, lange og ovlange stavingar vert avløyste av jamt lange stavingar
  • umleggjing av sjølvljodverket: sjølvljodi klovnar i eit trongt og eit ope skilljod; lange bakre sjølvljod vert høgde
  • n i endingar gjeng upp i sjølvljodet fyre: nye nasesjølvljod
  • mykje av endingsverket fell saman: person- og talbøygjing av segnord, fallbøygjing av namnord og lagord
  • þ > t (eller d), ð fell mykje attåt burt

Flest alle desse umskifti hekk i hop. Til dømes drog utjamningi av stavingslengdene med seg klovningi av sjølvljodi i nye skilljod, og veikjingi av sjølvljod og n i endingane – som vel hekk i hop med tyngdeumleggjing i samband med stavingslengdutjamningi – drog med seg samanfall i endingsverket.

Utjamning av stavingslengd

Gamalnorsk skilde millom stutte, lange og ovlange tyngde stavingar – t.d. (h)not /(h)not/ ‘nòt’, nót /noːt/ ‘nót’ og nátt el. nótt /noːtː/ ‘nótt’. I millomnorsk vart desse utjamna til lange stavingar – t.d. *nòt /noːt/ el. /notː/, *nót /nuːt/ og *nótt /nutː/.

Sjå nøgnare under stavingslengdutjamning.

Sjølvljodverket

Sterk og veik hått

Frå mange germanske mål kjenner me til at sjølvljodi er skifte i det dei stundom kallar sterke og veike sjølvljod. Eit veikt sjølvljod vert då uttala med veikare tungerørsla, d.e. med tunga meir midt i munnen – veik tungelega. T.d. hev engelsk beat sterkt sjølvljod, og bit veikt.

Same skipnaden fanst au allvissa i sein gamalnorsk, er det likt til, soleis at vísa vart uttala med sterk sjølvljodshått – [wiːsa] – og vita og fisk med veikt – [wɪta] og [fɪsk]. Denne skilnaden var berre avbrigde av same skilljodet, soleis at t.d. sjølvljod som vart stytte eller lengde på denne tidi gjekk beint frå eine håtten til hin – døme: gótt > gott (nn. godt), orð > órð (nn. ord)

Sterkning

Med utjamningi av stavingslengdene i millomnorsk fekk dei veikhåtta sjølvljodi i stutt staving ny «styrke» lagd i seg. Det førde ikkje til at dei gjekk i hop med dei sterkhåtta; denne sterkningi gjekk fyre seg i same håttlægjet, men gav t.d. lengjing: sein gn. [wɪta] > mn. [wɪːta]. Skilnaden sterk/veik vart dimed avløyst av ein ny skilnad trong/open.

Det kom no upp målføreskilnader på grunnlag av korleis sterkningi vart handsama. I austnorsk var det alt uppkome ein skipnad med jamvekt i stuttstavingsord. Denne skipnaden bægde sterkningi i nokon mun, eller leidde 'na um i eit anna spor. Soleis gjekk gn. [wɪta] > mn. [wɪˑtaˑ] i austnorsk. I dag finn me att denne formi nærast i målføret i Nord-Gudbrandsdalen; elles i austnorsk vart denne stavingsskipnaden utmåta til t.d. [²ʋeːta] eller [²ʋɒt.tɒ].

Det sams underlaget for dei norske målføri i dag med umsyn til sjølvljodverket finn me soleis i denne tidi, og me kann skriva den underliggjande formi av dømet ovan som //vɪˑta//, der //ˑ// stend for sterkningi som ovra seg ulikt.

Høgning

Alt i klassisk gamalnorsk tid reknar ein med at det lange sjølvljodet á var runda og høgt (trongare vorte), nær å i dag. I millomnorsk set dette i gang ei høgningsbylgja av dei lange bakre sjølvljodi, soleis at:

á [aː] > [ɒː] > [ɔː] eller [au]
ó [oː] > [u̞ː] (me skriv vanleg berre [uː])
ú [uː] > [ʉː]

Det finst enno sume målføre som held på den gamle, «européiske» ljodhåtten av ó og ú. Der ú hadde naseuttala [ũː], er ljodhåtten halden i mest all austnorsk, soleis i t.d. brún, krúna og (nn. no < gn. núna).

Naseuttala

I gamalnorsk hadde sume sjølvljod naseuttala, t.d. brún [brũːn], brunn [brũnː]. I millomnorsk fell einstaka n (og mange stader m) burt i endingar og lìtar sjølvljodet fyre, soleis at det kjem upp ei rad endingssjølvljod med naseuttala. Soleis:

gn. sólen > mn. /suːlẽ/ («soli»)
gn. gentan > mn. /ʝɛntã/ («gjenta»)
gn. húsin > mn. /hʉːsĩ/ («husi»)
gn. hestenom > mn. /hɛstẽǝ̃m/ > /hɛstẽ(m)/ («hesten», sidefall)
gn. erom > mn. /ɛˑrõ(m)/ («me er»)
gn. vikuna > mn. /vɪˑkũə/ > /vɪˑkũ/ («vìka», underfall)

Når n fall burt, kom mange sjølvljod innåt einannan, og dei avveikte endingssjølvljodi fall jamt burt i den stoda.

Målføret i Sælbu hev enno naseuttala av sjølvljod.