Stavingslengdutjamning

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Gamalnorsk skilde millom stutte, lange og ovlange tyngde stavingar - t.d. (h)not /(h)not/ ‘nòt’, nót /noːt/ ‘nót’ og nátt el. nótt /noːtː/ ‘nótt’. I millomnorsk vart desse utjamna til lange stavingar - t.d. *nòt /noːt/ el. /notː/, *nót /nuːt/ og *nótt /nutː/. Eit undantak millom norske målføre er nordgudbrandsdalsk.

Medan stavingslengdi kunde skapa minimale par i gamalnorsk, skapar einast sjølvljodshåtten minimale par i millomnorsk og nynorsk. Utjamningi var soleis ein yvergang frå eit skil i lengd (kvantitet) til eit skil i hått (kvalitet).


V = vokal (sjølvljod). K = konsonant (medljod):

Einstava:

  • VK > VːK el. VKK - t.d. lutr, (h)lynr, skot, vit > lut, løn (eldre lỳn), skot, vit. a vert derimot jamt lengd - jf. dagr, gras, tal, þak '(hus)tak'.
  • VKK > VKK - t.d. band > band.
  • VːK > VːK - t.d. bátr, nót > båt, not.
  • VːKK > VKK - t.d. sótt > sótt.

Tvostava:

  • VKV > VːKV (el. VKKV) - t.d. gn. hani, koma, vera, vika > hane /haːnə/, koma /koːma/ el. /komːa/, vera /vɛːra/, vika.
  • VːKV > VːKV - t.d. dœma, máni, stýra, vísa > døma /døːma/, måne, styra /styːra/, visa /viːsa/.
  • VKKV > VKKV - t.d. angra, baggi, bakki, bolli, fylla, spurði (til spyrja) > angra, bagge, bakke, bolle, fylla, spurde.
  • VːKKV > VKKV - t.d. dýrka, stýrði (til stýra) > dyrka, styrde.


Merk. Yvergangen frå gn. rd , og rt - når d, ð og t var bøygjingslekk - til /ɖ/, /ɖ/ og /ʈ/ i mange målføre bar åt fyre utjamningi eller medan ho enno var verksam - jf. ymsande framburd av styrde /styrdə/ el. /styːɖə./ av gn. stýrði (til stýra).
Undantak. Sume ord hev uventa utjamning i målføri, ordi tér seg som stavingi var lang i gamalnorsk - jf. inf. tak for taka (gn. taka) i målføre med apokope. Det er likt til at den høge frekvensen åt ordet veld dette - jf. den tidlegare framvoksteren gn. taka for venta *táka - jf. got. inf. tēkan, pret. taitōk (der germ. *ē¹ > got. ē og frumn. ā > gn. á) .
blomster ‘blome’, sótt (sjukdom), totte (til tykkja), trott osb. med /o/ for /u/ er rein leseuttala og byggjer ikkje på målsogelegt grunnlag.
lågt med framburdi /låːkt/ for /låkt/ osb. er jamna etter låg /låːɡ/.
Framburdi av dotter (gn. dóttir) ymsar millom venta /dutːer/ og uventa /dotːer/. Ordet finst ofte i sms. med kvendenamn, noko som kann vera grunnen til den uventa framburdi /dotːer/ - jf. dansk datter (gda. dōttær) for venta *dotter, sameleis at son (gn. son(r) osb.) i sms. med mannsnamn sumst. vert avstytt til so og sa (Nilsso, Nilssa osb.).


Utjamning av serskilde sjølvljod

o og ǫ og kann henda a fyre vart lengde alt i gamalnorsk, men etter yvergangen á > å. I gamaldansk og gamalsvensk fyre yvergangen á > å. Soleis gav eldre garðr og harðr svensk og dansk gård og hård, men norsk gard /ɡaːr/ og hard /haːr/ (Indrebø 2001: 114, 129-30). Difor gjev t.d. gn. jǫrð, morð (dråp), mǫrðr (dyr), svǫrðr nynorsk framburd /juːr/, /muːr/, /muːr/, /svuːr/. Dette umbrøytet bar åt fyre utjamningi av stavingslengd og brigdet av ljodhåtten i langt sjølvljod. Når sjølvljodet er framlydande, råkar lengjingi jamvel u og a - t.d. urð > urd /ʉːr/, akr > åker.

Gn. a i stutte einstavingsord vert jamt lengd (Aasen 1864: 7) - jf. bar (til bera) dagr, gras, tal, þak ‘(hus)tak’ > bar /baːr/, dag /daːg/, gras /ɡraːs/, tal /taːl/ og tak /taːk/. Stutt a fyre m i sume målføre - t.d. same /saːmə/ el. /samːə/ (gn. sami) - er sekundær - jf. koma /koːma/ el. /komːa/ (gn. koma)