Jamvektsmål

Frå Mållekken
Versjonen frå 10. februar 2010 kl. 20:21 av TH (Ordskifte | tilskot)
Hopp til navigering Hopp til søk

Jamvektsmål heiter det talemålet eller skriftmålet der ord med tvo stavingar er skifte i tvo ulike bolkar: éin der sjølvljodet i endingi hev haldi på det fulle laget sitt: [a], [ʉ], [i] osb. – og éin der endingsljodet er avveikt, helst til [ə].

Denne jamvektsregelen tér helst att i kløyvd nemneform: tala mot kaste – og i linne hokynsord: viku mot gjente. Desse formene er nytta ein del i skrift, med di dei vart knésette i midlandsnormalen. Men i målføri hev jamvektsregelen sett far etter seg i mest alle ordklassone, t.d. lagord: ei lita gjente, men ei sliti gjente.

Upphav

Upphavet til namnet og ovringi ligg i gamalnorsk tid. I austnorsk fekk då tvostavingsord med stutt rotstaving jamn tyngd (jamvekt) på båe stavingane: ta-la – i motsetnad til ord med lang rotstaving, der hovudtyngdi låg fyrst: kas-ta, -sa. Sidan er denne jamvekti kvorvi flest alle stader, men hev sett merke på sjølvljodet.

Bruk