Midlandsnormalen

From Mållekken
Jump to: navigation, search

I 1898 sette Kyrkje- og undervisingsdepartementet ned ei rettskrivingsnemnd for landsmålet, med di det var turvande med ein fast skrivemåte når det vart teki i bruk i skulen. Nemndi fekk tri medlemir: folkehøgskulestyrar Marius Hægstad, Arne Garborg og Rasmus Flo, bladstyrar for det nye tidsskriftet Syn og Segn. Nemndi samdest um alt so nær som endingsverket. Hægstad heldt fast på Aasen-normalen med nokre tiljenkingar. Flo og Garborg la fram ein normal som bygde på fjellbygdmåli på Austlandet, midlandsmåli dei kallar, og denne normalen gjeng difor under namnet midlandsnormalen. Framum alt var det målet i Vest-Telemark, «folkevisemålet», som låg til grunn. I «Framlegg til skrivereglar for landsmaale i skularne» (1899) skreiv Flo:

«Um nokon vilde meine at desse brigdi likevel er nye og urøynde i den norske bokheimen, so er ikkje de heller so. Dei er tvert um dei eldste aa rekne for, eldre og tidlegare røynde i skrift enn andre norske maalformir. I Landstads folkevisur vil ein finne deim alle saman. Og baade i desse og i all den rike maalskatt i same leid som er samla og utgjevin, vert dei vel i hovudsaki standande gjenom alle tidir. Her hev me daa de mest sjølvvaksne, aa kalle, i norsk bokrike aa byggje paa.»

Det kom til den skipnaden i 1901 at «Hægstadnormalen» skulde vera offisiell landsmålsrettskriving i skule og styringsverk, men midlandsnormalen skulde vera sideform, å nytte for dei skulane som vilde. Flo skreiv um denne ordningi i Den 17de Mai, 20.07.1901:

«so lengi ikkje heile lande hev valt maalform, og so lengi de i bokheimen er strid um skrivemaaten, so bør ikkje skulestyre paa fyrihand slaa vestlandsformi fast anna enn til rettleiding. De kunde i de heile vera ymist vori aa stelle seg so, at midland og austland og nordanfjelskt hadde berre de eine vale: norskdanskt eller vestlands-norskt. Um ikkje midlandsformi vaar duger til anna, so vil ho staa der og vise, at de ikkje er meiningi aa slaa noko fast til landsmaal, fyrr lande i det heile hev havt tilføre til aa velja.»

Kjende skrivarar som hev nytta midlandsnormalen er: Arne Garborg (hans «Skriftir i samling» kom umskrivne til denne normalen), Steinar Schjøtt (Snorre-umsetjingi 1900), Olav Aukrust, Alexander Seippel, Ivar Kleiven. Mange hev au blanda inn drag frå midlandsnormalen i andre normalar.

Målbrigdet i 1917 tok utgangspunkt i Hægstadnormalen, og nemnde ikkje midlandsnormalen, som soleîs aldri vart offisielt avskìpa.

Bøygjingsverket

Namnord

Namnord i klassiskt midlandsmål
eintal mangtal
ubd. bd. ubd. bd.
hannkyn hest hesten hestar hestane
(i/u-stomnar) kvist kvisten kvistir kvistine
sterke hokyn sol soli solir soline
(ō-stomnar) elv elvi elvar elvane
(einstavings-stomnar) bok boki bøkar bøkane
linne hokyn vise visa visur visune
(jamvektsord) viku viko vikur vikune
sterke inkjekyn land lande land landi
linne inkjekyn auga auga augu augo

Legg merke til jamvektsformine av hokyn på -u i ubundi form eintal; derimot var det ikkje jamvektsformir i hannkyn. Endingi -ur vart nytta av mange som ikkje skreiv beint etter midlandsnormalen au. Med kvart tok Garborg til å skrive stum t i -et i inkjekyn.

Gjerningsord

Det var kløyvd nemneform, soleîs å tala, men å kaste.

Lagord

Ein slitin hest, ei sliti merr, eit sliti hus, slitne folk.

Andre ordformir

Fyri, yvi, lengi, -il i ord som tistil.