Stavingslengdutjamning

Frå Mållekken
Versjonen frå 29. mars 2010 kl. 15:58 av TH (Ordskifte | tilskot)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gamalnorsk skilde millom stutte, lange og ovlange tyngde stavingar - t.d. (h)not /(h)not/ 'nòt', nót /no:t/ 'nót' og nátt el. nótt /no:tt/ 'nótt'. I millomnorsk vart desse utjamna til lange stavingar - t.d. *nòt /no:t/ el. /nott/, *nót /nu:t/ og *nótt /nutt/. Eit undantak millom norske målføre er nordgudbrandsdalsk.

Medan stavingslengdi kunde skapa minimale par i gamalnorsk, skapar einast sjølvljodshåtten minimale par i millomnorsk og nynorsk. Utjamningi var soleis ein yvergang frå eit skil i lengd (kvantitet) til eit skil i hått (kvalitet).


V = vokal (sjølvljod). K = konsonant (medljod):

Einstava:

  • VK > V:K el. VKK - t.d. lutr, (h)lynr, skot, vit > lut, løn (eldre lỳn), skot, vit. a vert derimot jamt lengd - jf. dagr, gras, tal, þak '(hus)tak'.
  • VKK > VKK - t.d. band > band.
  • V:K > V:K - t.d. bátr, nót > båt, not.
  • V:KK > VKK - t.d. sótt > sótt.

Tvostava:

  • VKV > V:KV (el. VKKV) - t.d. gn. hani, koma, vera, vika > hane, koma, vera, vika.
  • V:KV > V:KV -t.d. dœma, máni, stýra, vísa > døma /dø:ma/, måne, styra /sty:ra/, visa /vi:sa/.
  • VKKV > VKKV - t.d. angra, baggi, bakki, bolli, fylla, spurði (til spyrja) > angra, bagge, bakke, bolle, fylla, spurde.
  • V:KKV > VKKV - t.d. dýrka, stýrði (til stýra) > dyrka, styrde.

Merk. Yvergangen frå gn. rd , og rt - når d, ð og t er bøygjingslekk - frå /rd/, /rð/ og /rt/ til /ɖ/, /ɖ/ og /ʈ/ i mange målføre må ha bore åt anten fyre utjamningi eller medan ho enno var verksam - jf. ymsande framburd av styrde /styrdə/ el. /sty:ɖə./ < gn. stýrði (til stýra).

Undantak

Sume ord hev uventa utjamning i målføri, ordi tér seg som stavingi var lang i gamalnorsk - jf. inf. tak for taka (gn. taka) i målføre med apokope. Det er likt til at den høge frekvensen åt ordet veld dette - jf. den tidlegare framvoksteren gn. taka for venta *táka (jf. got. inf. tēkan, pret. taitōk).