Spyrjeord

Frå Mållekken
Versjonen frå 4. juni 2010 kl. 16:21 av TH (Ordskifte | tilskot) (→‎Hokke)
Hopp til navigering Hopp til søk

Spyrjeord vert nytta i ei setning til å spyrja etter eit umstende i samanhanget setningi skildrar. Spyrjeordi er gjerne skifte i spyrjande varaord og spyrjande medord, etter vanleg ordklasseskipnad.

Høgnorske hovudformer

Kor

Spỳr etter munen i eitkvart:

Kor ofte er du innum?

Korleis

Spỳr etter visi ved eitkvart:

Korleis veit du det?

Korso

Hev same tydingi som korleis. Stuttform koss.

Kva

Kva for

Kvar

Spỳr etter staden:

Kvar sit du?

Kvadan

Spỳr etter staden eitkvart kjem frå:

Kvadan kjem du?

Kvart

Spỳr etter staden eitkvart skal til:

Kvart gjeng du?

Kven

Kvi

Spỳr etter årsaki til eller fyremålet ved eitkvart:

Kvi fór du so åt?

Kvifor

Hev same tydingi som kvi.

Kvår

Når

Spỳr etter tidi:

Når vert du ferdug?

Avvikande former

H-former

Spyrjeordi på h- er vanlege i målføri på mykje av Austlandet og svarar til formene på kva- (og ko-). Upphavet er ein yvergang hva- > ho- i gamalnorsk. Desse formene er mykje attåt ordbokfeste av di dei au eig heime i folkevisone.

Hokke

Tyder kven og kva for ein. Kjem av gn. hvaðki og fulla hvílíkan ( > hulkan). Vert au bøygt i kyn: hokken, hokki, hokke.

Hosse

Svarar til korso (korleis).

Hor

Svarar til kvar og kor.

Horleis

Svarar til korleis.

Hot

Svarar til kva(t). t-en vert halden med di han ofte vert uttala i målføri, t.d. i Telemark og i Austfold.

Nær