Spyrjeord

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Spyrjeord vert nytta i ei setning til å spyrja etter eit umstende i samanhanget setningi skildrar. Spyrjeordi er gjerne skifte i spyrjande varaord og spyrjande medord, etter vanleg ordklasseskipnad.

Høgnorske hovudformer

  • Kor – Spỳr etter munen i eitkvart:
    Kor ofte er du innum?
  • Korleis – Spỳr etter visi ved eitkvart:
    Korleis veit du det?
    • Korso – Hev same tydingi som korleis. Stuttform koss.
  • Kva – Spỳr etter saki:
    Kva er det um å gjera? Kva med?
  • Kva for – Spỳr etter det einskilde:
    Kva (for) gjenta er detta? Kva for ein er du?
  • Kvar – Spỳr etter staden:
    Kvar sit du?
    • Kvadan – Spỳr etter staden eitkvart kjem frå:
      Kvadan kjem du?
    • Kvart – Spỳr etter staden eitkvart skal til:
      Kvart gjeng du?
  • Kven – Spỳr etter folk (stundom dyr og andre ting au):
    Kven er du? Kven er denne boki åt?
  • Kvi – Spỳr etter årsaki til eller fyremålet ved eitkvart:
    Kvi fór du so åt? :
    Kvi er upphavleg sidefallsform av kva.
    • Kvifor – Hev same tydingi som kvi.
  • Kvår – Tyder «kven eller kva av tvo»:
    Kvår vil du hava: is eller sjokolade?
  • Når – Spỳr etter tidi:
    Når vert du ferdug?
  • Nær – Same som når.

Avvikande former

H-former

Spyrjeordi på h- er vanlege i målføri på mykje av Austlandet og svarar til formene på kva- (og ko-). Upphavet er ein yvergang hva- > ho- i gamalnorsk. Desse formene er mykje attåt ordbokfeste av di dei au eig heime i folkevisone.

  • Hokke – Tyder kven og kva for ein. Kjem av gn. hvaðki og fulla hvílíkan ( > hulkan). Vert au bøygt i kyn: hokken, hokki, hokke.
  • Hosse – Svarar til korso (korleis). Finst au med -n: hossen.
    Av andre målføreformer er hossi (-ø-) og hòsi i Telemark, og (h)åssen på Sudaustlandet.
  • Hoss - Svarar til koss (stuttform).
  • Hor – Svarar til kvar og kor.
  • Horleis – Svarar til korleis.
  • Hot – Svarar til kva(t). t-en vert halden med di han ofte vert uttala i målføri, t.d. i Telemark og i Austfold.
  • Hotfor - Tyder kvifor (og svarar til kva-for).