Spyrjeord

Frå Mållekken
Versjonen frå 4. juni 2010 kl. 16:13 av TH (Ordskifte | tilskot) (→‎H-former)
Hopp til navigering Hopp til søk

Spyrjeord vert nytta i ei setning til å spyrja etter eit umstende i samanhanget setningi skildrar. Spyrjeordi er gjerne skifte i spyrjande varaord og spyrjande medord, etter vanleg ordklasseskipnad.

Høgnorske hovudformer

Kor

Spỳr etter munen i eitkvart:

Kor ofte er du innum?

Korleis

Spỳr etter visi ved eitkvart:

Korleis veit du det?

Korso

Hev same tydingi som korleis. Stuttform koss.

Kva

Kva for

Kvar

Spỳr etter staden:

Kvar sit du?

Kvadan

Spỳr etter staden eitkvart kjem frå:

Kvadan kjem du?

Kvart

Spỳr etter staden eitkvart skal til:

Kvart gjeng du?

Kven

Kvi

Spỳr etter årsaki til eller fyremålet ved eitkvart:

Kvi fór du so åt?

Kvifor

Hev same tydingi som kvi.

Kvår

Når

Spỳr etter tidi:

Når vert du ferdug?

Avvikande former

H-former

Spyrjeordi på h- er vanlege i målføri på mykje av Austlandet og svarar til formene på kva- (og ko-). Upphavet er ein yvergang hva- > ho- i gamalnorsk. Desse formene er mykje attåt ordbokfeste av di dei au eig heime i folkevisone.

Hokke

Tyder kven og kva for ein og kjem av gn. hvaðki.

Hosse

Svarar til korso (korleis).

Hor

Svarar til kvar og kor.

Horleis

Svarar til korleis.

Hot

Svarar til kva(t). t-en vert halden med di han ofte vert uttala i målføri, t.d. i Telemark og i Austfold.

Nær