Skilnad mellom versjonar av «Spursmål og svar»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
(La til tri svar/spm frå ting eg hev skrive fyrr)
sInkje endringssamandrag
Line 17: Line 17:
'''''Samarbeider høgnorskrørsla (Ivar Aasen-sambandet) med målrørsla elles (Noregs Mållag)?'''''
'''''Samarbeider høgnorskrørsla (Ivar Aasen-sambandet) med målrørsla elles (Noregs Mållag)?'''''


Der er ikkje samvinna millom høgnorskrørsla og Noregs Mållag på organisasjonsnivå. Dersom samvinna og semja skal vera eit mål i seg sjølv, vil det hindra eit intellektuellt og nyttigt ordskifte. NM hev til vane å segja ja til alt; mange samnorskfolk er t.d. med i NM. I Ivar Aasen-sambandet og Norsk målungdom er dette utestengjingsgrunn.  
Der er ikkje samvinna millom høgnorskrørsla og Noregs Mållag på organisasjonsnivå. Dersom samvinna og semja skal vera eit mål i seg sjølv, vil det hindra eit intellektuelt og nyttugt ordskifte. NM hev til vane å segja ja til alt; mange samnorskfolk er t.d. med i NM. I Ivar Aasen-sambandet og Norsk målungdom er dette utestengjingsgrunn.  


Sume høgnorskfolk er med i NM, andre ikkje. Høgnorskfolk er med på ålmenne måltiltak, som t.d. arbeid med nynorske parallellklassor.
Sume høgnorskfolk er med i NM, andre ikkje. Høgnorskfolk er med på ålmenne måltiltak, som t.d. arbeid med nynorske parallellklassor.
Line 25: Line 25:
'''''Er høgnorsk ultrapuristisk?'''''
'''''Er høgnorsk ultrapuristisk?'''''


Der er ingen grunn til å segja at høgnorsk er ultrapuristisk. Flest alle høgnorske former var jamstelte hovudformer fram til målbrigdet i 1938. Innan dette målbrigdet hadde nynorsken havt jamn framgang. Høgnorsken er ein skriftleg praksis fyre dette brigdet, knytt til kjende namn som brørne Gustav Indrebø (Norsk Aarbok 1920-39 (frå 1930)) og Ragnvald Indrebø (bibelumsetjing frå 1938), Leiv Heggstad (Norsk grammatikk fyrsteutg. 1930), og diktarar som Arne Garborg, Elias Blix, Olav Aukrust, Olav H. Hauge. Den nynorske bibelumsetjingi frå 1938 var på høgnorsk, og vart fyrst avløyst i 1978.
Der er ingen grunn til å segja at høgnorsk er ultrapuristisk. Flest alle høgnorske former var jamstelte hovudformer fram til [[målbrigdet i 1938]]. Innan dette målbrigdet hadde nynorsken havt jamn framgang. Høgnorsken er ein skriftleg praksis frå fyre dette brigdet, knytt til kjende namn som brørne [[Gustav Indrebø]] ([[Norsk Årbok|Norsk Aarbok]]) og Ragnvald Indrebø (bibelumsetjing frå 1938), Leiv Heggstad (Norsk grammatikk fyrsteutg. 1930), og diktarar som [[Arne Garborg]], Elias Blix, Olav Aukrust, Olav H. Hauge. Den nynorske bibelumsetjingi frå 1938 var på høgnorsk, og vart fyrst avløyst i 1978.


Sjå ''Er høgnorskfolk mot framandord?''
Sjå ''Er høgnorskfolk mot framandord?''
Line 33: Line 33:
'''''Er høgnorskfolk mot framandord?'''''
'''''Er høgnorskfolk mot framandord?'''''


Me er ikkje einsynte puristar. Me stengjer ikkje ute ålmenne kulturord frå t.d. latin, gresk, fransk - som me hev sams med mange andre mål. Dei skil seg frå dei tyske eller danske ordi av di dei ikkje er av germansk rot og difor ikkje glid so lett inn og ikkje fær nokon tokke av å høyra heime i det upphavlegt norske. Me freistar like vel å finna avløysarord som er laga av norskt målemne, men me leitar ikkje etter mest mogleg ”eksotisk-norske” avløysarord berre for at det skal vera norskt. Me godtek difor nokre framandord av ulike grunnar – stil, tradisjon, klårleik osb.
Me er ikkje einsynte [[purisme|puristar]]. Me stengjer ikkje ute ålmenne kulturord frå t.d. latin, gresk, fransk - som me hev sams med mange andre mål. Dei skil seg frå dei tyske eller danske ordi av di dei ikkje er av germansk rot og difor ikkje glid so lett inn og ikkje fær nokon tokke av å høyra heime i det upphavlegt norske. Me freistar like vel å finna avløysarord som er laga av norskt målemne, men me leitar ikkje etter mest mogleg «eksotisk-norske» avløysarord berre for at det skal vera norskt. Me godtek difor nokre framandord av ulike grunnar – stil, tradisjon, klårleik osb.


Sjå ''Kvifor er det so mange rare ord i høgnorsk?''
Sjå ''Kvifor er det so mange rare ord i høgnorsk?''

Versjonen frå 1. november 2007 kl. 14:27

Spursmål og svar um høgnorsk.


Høgnorsk vert jamt nemnt i same andedraget som Ivar Aasen og 1917-rettskrivingi; er ikkje høgnorsk eit gamaldags mål?

Nei. Høgnorsken er i jamn, livande vokster. Dei nyare rettskrivingsbrigdi i den offisielle nynorsken kom ikkje som ei fylgja av ny målvokster, men av eit ynske um å laga eit nytt blandingsmål av norsk og norskdansk – «samnorsk». Då lagde dei undan det samlande systemet Aasen bygde på då han skriftfeste norsken. Høgnorsken held fast på dette systemet, som er like dagnært og samlande no som då.


Kvifor er det so mange rare ord i høgnorsk?

Norsk er eit ordrikt mål, og høgnorsken er open for dette mangfeldet. Kva ein tykkjer er rart, stend på umstende som vane, prestisje og kunnskap. Dersom ein kjenner rette uttala av eit ord skrive på høgnorsk, kann det godt henda ein varast at ein alt kjenner ordet frå eitkvart målføret – sitt eige, dessmeir. I høgnorsk er det dessutan lett å laga nyord av det lagsame måltoet. Gamalt, sa du?


Samarbeider høgnorskrørsla (Ivar Aasen-sambandet) med målrørsla elles (Noregs Mållag)?

Der er ikkje samvinna millom høgnorskrørsla og Noregs Mållag på organisasjonsnivå. Dersom samvinna og semja skal vera eit mål i seg sjølv, vil det hindra eit intellektuelt og nyttugt ordskifte. NM hev til vane å segja ja til alt; mange samnorskfolk er t.d. med i NM. I Ivar Aasen-sambandet og Norsk målungdom er dette utestengjingsgrunn.

Sume høgnorskfolk er med i NM, andre ikkje. Høgnorskfolk er med på ålmenne måltiltak, som t.d. arbeid med nynorske parallellklassor.


Er høgnorsk ultrapuristisk?

Der er ingen grunn til å segja at høgnorsk er ultrapuristisk. Flest alle høgnorske former var jamstelte hovudformer fram til målbrigdet i 1938. Innan dette målbrigdet hadde nynorsken havt jamn framgang. Høgnorsken er ein skriftleg praksis frå fyre dette brigdet, knytt til kjende namn som brørne Gustav Indrebø (Norsk Aarbok) og Ragnvald Indrebø (bibelumsetjing frå 1938), Leiv Heggstad (Norsk grammatikk fyrsteutg. 1930), og diktarar som Arne Garborg, Elias Blix, Olav Aukrust, Olav H. Hauge. Den nynorske bibelumsetjingi frå 1938 var på høgnorsk, og vart fyrst avløyst i 1978.

Sjå Er høgnorskfolk mot framandord?


Er høgnorskfolk mot framandord?

Me er ikkje einsynte puristar. Me stengjer ikkje ute ålmenne kulturord frå t.d. latin, gresk, fransk - som me hev sams med mange andre mål. Dei skil seg frå dei tyske eller danske ordi av di dei ikkje er av germansk rot og difor ikkje glid so lett inn og ikkje fær nokon tokke av å høyra heime i det upphavlegt norske. Me freistar like vel å finna avløysarord som er laga av norskt målemne, men me leitar ikkje etter mest mogleg «eksotisk-norske» avløysarord berre for at det skal vera norskt. Me godtek difor nokre framandord av ulike grunnar – stil, tradisjon, klårleik osb.

Sjå Kvifor er det so mange rare ord i høgnorsk?


Høgnorskrørsla er på den nasjonale lina i målstriden. Kva er den nasjonale lina?

Den nasjonale lina målber at folk ikkje er lausrivne frå samfundet og at språket er sams for eit språksamfund. Difor er folk på den nasjonale lina for ei fast rettskriving.