Nyord

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Nyord er nylagingar i ordfanget. Det var ein fyrste gong med alle ord, må vita, so nemningi gjeld helst ord som er etter måten nye, og som ikkje hev breidt seg ut til ålmenn kjennskap – det siste gjeld no mange gamle ord og fagord au.

Høgnorsken er eit lagsamt mål på den visi at han er open for å laga nyord av måltoet sitt. Når ein lagar nye ord med fyre- og etterfeste og ljodskifte, heiter det ordavleiding. Andre vanlege måtar å laga nye ord på på norsk er ved samansetjing og ved å gjeva gamle ord nye (vidga) tydingar.

Døme på høgnorske nyord

  • avlistes når ein svarar avsendaren på eit listeinnlegg utan å senda til netpostlista.
  • brukende dataprogram
  • netpost epost
  • sprengnad eksplosjon
  • umb «um og berre um» – eit matematiskt stutt-umgrìp, jf. engelsk iff «if and only if» og bokmål hviss «hvis og bare hvis». Ordet um vart skrive umb i eldre gamalnorsk.
  • verkan funksjonalitet
  • verkende funksjon
  • vevflata upplegg som nyttar Veven til brukarflata. Døme: Mållekken hev vevflata

Sjå òg