Normi

Frå Mållekken
Versjonen frå 14. juli 2007 kl. 19:05 av TH (Ordskifte | tilskot) (litt meir)
Hopp til navigering Hopp til søk

Normi for skrivemåten i høgnorsk vert ikkje fastsett gjenom påbod frå ei rettskrivingsnemnd, slik det er med den offisielle statsnynorsken. Høgnorsknormi hentar myndi frå friviljug semja um kva som er dei beste fyredømi. Kunnskap um målet, bruk av målet og ordskifte um kunnskap og bruk er soleîs den reidskapen som gjer av korleîs normi sér ut.

Normgrunnlaget var det Ivar Aasen som fekk til vegar.

Fyrste statlege rettskrivingsnemndi vart nedsett i 1898 med Marius Hægstad, Arne Garborg og Rasmus Flo. Framlegget frå Hægstad – kalla Hægstad-normalen etter honom – vart offisiell rettskriving i 1901. Framlegget frå Garborg og Flo – kalla midlandsnormalen – vart godkjend sideform. Båe normalane fylgde stort sétt Aasen, det var i endingsverket at midlandsnormalen veik av.

Rettskrivingsbrigdet i 1910 opna for nokre valfrie former.

I 1917 kom det til eit større offisielt rettskrivingsbrigde. Påskuvar var millom andre Østlandsk reising og tanken um samnorsk, ei samansmelting av dei tvo skriftmåli i Noreg. Flest alle brigdi var valfrie, og slo ikkje gjenom slik tanken var frå samnorskhald. Det var på denne tidi at Gustav Indrebø stelte seg i brodden for tanken um å verna det norske målet mot samnorsktanken.

I 1938 kom det til eit målbrigde frå statlegt hald. Då vart mange av dei valfrie formene frå 1917 som ikkje hadde vunne seg uppslutnad i bruk, gjorde påbodne. Det vart no eit endelegt brot millom statsnynorsk og høgnorsk.