Rasmus Flo

From Mållekken
Jump to: navigation, search

Rasmus Flo (fødd 29. september 1851 i Flogrendi i Uppstryn, dåen 29. november 1905). Flo var lærar, filolog og målmann. Han var med i fyrste rettskrivingsnemndi for landsmålet i hop med Arne Garborg og Marius Hægstad. Det gjekk ikkje lange tidi fyrr en nemndi kløyvde seg, og Flo skipa midlandsnormalen i lag med Garborg. Flo var au med då bladet Syn og Segn vart grunna i 1894. Han var bladstyrar frå skipingi og til han døydde i 1905. Til liks med mange dugande målfolk fyre og etter seg var Flo mild og stillfarande.

Livssoga

Rasmus Flo var nordfjording og fødd på Jørn-garden i Flogrendi. Mori vart gift tvo gonger og fekk tvo syskenlag. Flo var den yngste av borni. Guten hadde stor vitehug og las so ofte han vann. Han arbeidde på garden au, som andre gutar.

Eldstebroren Ola tok lærarskuleeksamen, og Flo fylgde i fotefari hans. Han tok eksamen ved Stord Seminar i 1871, og dinæst studenteksamen på «Heltbergs studentfabrikk». I denne tidi var han ikkje so lite med Olaus Fjørtoft. Flo las realfag og tok ymse huslærarpostar for å greida seg. Vetteren 1873-74 arbeidde han som huslærar i Åmot i Øysterdalen. Hausten etter tok han examen philosophicum. Han kjende seg ikkje heime i realfaget, og stutt etter braut han av og tok til å lesa filologi. Han tok filologisk embættseksamen i engelsk og fransk (1880) og tydsk og norsk (1881). Samstundes var han lærar ved Kongsvinger Millomskule (1878-85). Flo arbeidde au i Tromsø, Kristiania og Valdres. Han var veikhelsa og døydde av sjukdom i 1905, 54 år gamall.

Målarbeidet

Flo var ovleg uppteken av uppsedingskunsti. I ser arbeidde han for umbøter i språkundervisingi. Han var ikkje nøgd med den gjengs skipnaden med 10 ordklassor. Han vilde ha tri bolkar: «hovedord» (namnord og gjerningsord), «tillægsord» (tilleggsord og adverb) og «hjælpeord» (ei ymis deild med til dømes kjenneord, styreord og bindeord). Han totte au det var turvande med nye reglar for bruket av skiljeteikn. Kommaet skulde vera teikn for ein stutt, greid stogg i lesingi, ikkje eit mekaniskt «Sætningstegn», meinte han.

Målarbeid høvde betre for Flo en læraryrket. Han vart snøgt ein velvyrd målrettar og rådgjevar, millom anna for Nordahl Rolfsen, Moltke Moe, Andreas Austlid og mange andre skrivarar og bladfolk. Det fyrste Halvdan Koht fekk høyra um han Flo var «dette er den einaste mannen som får lov retta i målet til Arne Garborg». Flo var au med då Steinar Schjøtt skulde gjeva ut Snorre å nyo i 1900. Flo sette um mange av dei ihopfløkte skaldekvædi.

Han var elles sers hjelpsam og godlynd. Minnesteinen hans stend like attmed Jørn-garden på Flo. Der kann ein lesa: Traust og trufast du odla vår arv.