Normi

Frå Mållekken
Versjonen frå 14. juli 2007 kl. 18:54 av TH (Ordskifte | tilskot) (so smått)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare utgåva→ (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Normi for skrivemåten i høgnorsk vert ikkje fastsett gjenom påbod frå ei rettskrivingsnemnd, slik det er med den offisielle statsnynorsken. Høgnorsknormi hentar myndi frå friviljug semja um kva som er dei beste fyredømi. Kunnskap um målet, bruk av målet og ordskifte um kunnskap og bruk er soleîs den reidskapen som gjer av korleîs normi sér ut.

Normgrunnlaget var det Ivar Aasen som fekk til vegar.

Den fyrste statlege rettskrivingsnemndi vart nedsett i 1898 med Marius Hægstad, Arne Garborg og Rasmus Flo. Framlegget frå Hægstad – kalla Hægstad-normalen etter honom – vart offisiell rettskriving i 1901. Framlegget frå Garborg og Flo – kalla midlandsnormalen – vart godkjend sideform. Båe normalane fylgde stort sétt Aasen, det var i endingsverket at midlandsnormalen veik av.

Rettskrivingsbrigdet i 1910 opna for nokre valfrie former.