Skilnad mellom versjonar av «Millomnorsk»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
Line 32: Line 32:


Det sams underlaget for dei norske målføri i dag med umsyn til sjølvljodverket finn me soleis i denne tidi, og me kann skriva den underliggjande formi av dømet ovan som //vɪˑta//, der //ˑ// stend for sterkningi som ovra seg ulikt.
Det sams underlaget for dei norske målføri i dag med umsyn til sjølvljodverket finn me soleis i denne tidi, og me kann skriva den underliggjande formi av dømet ovan som //vɪˑta//, der //ˑ// stend for sterkningi som ovra seg ulikt.
=== Høgjing ===
Alt i klassisk gamalnorsk tid reknar ein med at det lange sjølvljodet ''á'' var runda og høgt (trongare vorte), nær ''å'' i dag. I millomnorsk set dette i gang ei høgjings- og framskuvingsbylgja av dei lange bakre sjølvljodi, soleis at:
: ''á'' [aː] > [ɔː] eller [au]
: ''ó'' [oː] > [uː]
: ''ú'' [uː] > [ʉː]
Det finst enno sume [[målføre]] som held på dei gamle, «européiske» ljodverdi. Der ''ú'' hadde naseuttala, er ljodverdet halde i mest [[austnorsk]], soleis i t.d. ''brún'', ''krúna'' og ''nú'' ([[nynorsk|nn]]. ''no'').

Versjonen frå 1. juli 2009 kl. 18:48

Millomnorsk er namnet på det målstìget av norsk som ligg millom gamalnorsk og nynorsk i tid. Dette er i mykje ei yvergangstid der mange umskifte kjem upp i målet og breider seg i ulike lùter av landet. Byrjingi vert gjerne sett til kring 1370 då verknaden av mannefallet i svartedauden tér att i skriftmålet. Enden vert gjerne sett til ut på 1500-talet (1550/1600) då dei siste leivdene av den gamalnorske skriftmålstradisjonen ovrar seg.

Dei viktugaste umskifti i målet i millomnorsk er:

  • utjamning av stavingslengdene: stutte, lange og ovlange stavingar vert avløyste av jamt lange stavingar
  • umleggjing av sjølvljodverket: sjølvljodi klovnar i eit trongt og eit ope skilljod; lange bakre sjølvljod vert høgde
  • n i endingar gjeng upp i sjølvljodet fyre: nye nasesjølvljod
  • mykje av endingsverket fell saman: person- og talbøygjing av segnord, fallbøygjing av namnord og lagord
  • þ > t (eller d), ð fell mykje attåt burt

Flest alle desse umskifti hekk i hop. Til dømes drog utjamningi av stavingslengdene med seg klovningi av sjølvljodi i nye skilljod, og veikjingi av sjølvljod og n i endingane – som vel hekk i hop med tyngdeumleggjing i samband med stavingslengdutjamningi – drog med seg samanfall i endingsverket.

Sjølvljodverket

Sterk og veik hått

Frå mange germanske mål kjenner me til at sjølvljodi er skifte i det dei stundom kallar sterke og veike sjølvljod. Eit veikt sjølvljod vert då uttala med veikare tungerørsla, d.e. med tunga meir midt i munnen – veik tungelega. T.d. hev engelsk beat sterkt sjølvljod, og bit veikt.

Same skipnaden fanst au allvissa i sein gamalnorsk, er det likt til, soleis at vísa vart uttala med sterk sjølvljodshått – [wiːsa] – og vita og fisk med veikt – [wɪta] og [fɪsk]. Denne skilnaden var berre avbrigde av same skilljodet, soleis at t.d. sjølvljod som vart stytte eller lengde på denne tidi gjekk beint frå eine håtten til hin – døme: gótt > gott (nn. godt), orð > órð (nn. ord)

Sterkning

Med utjamningi av stavingslengdene i millomnorsk fekk dei veikhåtta sjølvljodi i stutt staving ny «styrke» lagd i seg. Det førde ikkje til at dei gjekk i hop med dei sterkhåtta; denne sterkningi gjekk fyre seg i same håttlægjet, men gav t.d. lengjing: sein gn. [wɪta] > mn. [wɪːta]. Skilnaden sterk/veik vart dimed avløyst av ein ny skilnad trong/open.

Det kom no upp målføreskilnader på grunnlag av korleis sterkningi vart handsama. I austnorsk var det alt uppkome ein skipnad med jamvekt i stuttstavingsord. Denne skipnaden bægde sterkningi i nokon mun, eller leidde 'na um i eit anna spor. Soleis gjekk gn. [wɪta] > mn. [wɪˑtaˑ] i austnorsk. I dag finn me att denne formi nærast i målføret i Nord-Gudbrandsdalen; elles i austnorsk vart denne stavingsskipnaden utmåta til t.d. [²ʋeːta] eller [²ʋɔt.tɔ].

Det sams underlaget for dei norske målføri i dag med umsyn til sjølvljodverket finn me soleis i denne tidi, og me kann skriva den underliggjande formi av dømet ovan som //vɪˑta//, der //ˑ// stend for sterkningi som ovra seg ulikt.

Høgjing

Alt i klassisk gamalnorsk tid reknar ein med at det lange sjølvljodet á var runda og høgt (trongare vorte), nær å i dag. I millomnorsk set dette i gang ei høgjings- og framskuvingsbylgja av dei lange bakre sjølvljodi, soleis at:

á [aː] > [ɔː] eller [au]
ó [oː] > [uː]
ú [uː] > [ʉː]

Det finst enno sume målføre som held på dei gamle, «européiske» ljodverdi. Der ú hadde naseuttala, er ljodverdet halde i mest austnorsk, soleis i t.d. brún, krúna og (nn. no).