Gnikeljod

Frå Mållekken
Versjonen frå 25. mai 2009 kl. 13:30 av TH (Ordskifte | tilskot)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare utgåva→ (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Eit gnikeljod (ein frikativ) er eit medljod som vert laga når luftstraumen gnikar gjenom ei renne millom tvo framberarar som ligg nær einannan. Ei serleg klassa av gnikeljodi er kvisleljodi, som femner flest alle gnikeljodi i norsk. Tannlippe-gnikeljodet [f] vert au stundom rekna til kvisleljodi, og barke-gnikeljodet [h] vert ofte rekna for ei eigi klassa av ljod nærskyld sjølvljodi. Andre gnikeljod finst berre målføreleg i norsk: det klangføre tann-gnikeljodet [ð] og det sidelagde tann-gnikeljodet [ɬ].

Sjå au