Diskusjon:Innføring i høgnorsk

Frå Mållekken
Versjonen frå 29. august 2012 kl. 11:08 av CS (Ordskifte | tilskot) (→‎Do: new section)
Hopp til navigering Hopp til søk

Eg er samd i det med henne og honom, men ein torde skriva at henne og honom oftare vert nytta i høgnorsk (til liks med målføri). Ein kann òg nemna at ein i høgnorsk kann nytta a-mål, men det kann me laga ein bolk til sist um. -SAM 17. juli 2007 kl. 01:52 (CEST)

Ja, slike ting, dryftingar av bruksmåte og avbrigde, høver best sist i ei innføring. TH 17. juli 2007 kl. 12:52 (CEST)

-nn

Kvi hev ein tvo n-ar i kann medan han og den hev ein eismal n? Er ikkje detta eit symmetribrot? Eg sér at i norrøne tekster vert hannkynsordi merkte med tvo n-ar, medan hokynsordi einast hev éin. Ligg svaret her for han? CS 17. desember 2010 kl. 21:04 (CET)

Det heiter kunna : kann : kunde (norrønt kunni) : (hev) kunne, mao. er nn ein lekk av roti, medan den siste n-en i norrønt hann er kasusending, d.e. hanr > hann (med nr > nn - jf. nom. sg. m. *grœnR > grœnn 'grøn'. Mao. like lite som me lyt skriva grønn og vænn ~ venn lyt me skriva hann SAM 18. desember 2010 kl. 09:40 (CET)
Kva vert uttala for ord som grøn, då? Syner du åt utviklingi frå frumnordisk med yvergangane nr > nn?
Dessutan: kvar kjem d-en i kunde frå, um upphavet ikkje er norrønt? CS 19. desember 2010 kl. 00:01 (CET)
Uttala for grøn bør jamt vera /grø:n/, d.e. med lang vokal, avdi vokalen i norrønt var lang. Uttala /grønn/, d.e. med stutt ø, må vera dansk (kvifor stutt ø i dansk kann ein ikkje svara på, truleg analogisk). grøn fylgjer soleîs t.d. brun /bru:n/ el. /brù:n/ (norr. brúnn), ful /fu:l/ (norr. fúll) osb. Uttala av lek (norr. lekr) derimot, kann anten vera /lè:k/ el. /lèkk/, alt etter målføret, avdi vokalen (og konsonanten etter) var stutt i norrønt. No er det òg soleîs at n-en i han i mitt målføre er palatal, noko me ikkje skulde venta etter skrivemåten -n, berre etter -nn. Stavnaden hann torde vera like greid som han, men no er det heller ikkje mange (um nokre andre enn varaord?) einstava ord som ender på -nn < -nR og der rotvokalen er stutt, so det er vanskeleg å jamføra. Retting: van (norr. vanr) må vita!
Yvergangen nr (eller rettare nR) > nn kjem fyrst i vikingtidi. Mange runeskrifter viser -nR.
d-en i kunde er analogisk etter sende, dømde osb. SAM 19. desember 2010 kl. 01:26 (CET)
Systemregelen for kann andsynes han og den er at dei tvo siste er «grammatiske ord» (i dette tilfellet varaord), medan kann er ei form av eit segnord, ei opi ordklassa, og -nn- syner seg i roti andre stader (so nær som der tvifeld nn vert stytt fyre anna medljod). TH 19. desember 2010 kl. 12:30 (CET)

a i utljod

I høgnorsk sér ein gjerna a-målet nytta (ei gjenta, å skjota). Samstundes sér adverbi ut til å enda på -e (gjerne, heime), mot norrøn -a (gjarna, heima). Sameleids endar hokynsordi på -e i bundne mangtalsformer, til skilnad frå aasensk tiderna og gjentorna. Adverbet detta sér òg ut til å ymsa ein del når det gjeld utljod. Kva er tankegangen her? CS 10:20, 28 February 2011 (CET)

Ein kann godt nytte -a i medord, men det gjeld ikkje alle ordi, jf. t.d. gn. lengi. I gn. hadde au sume linne hokynsord endingi -i, t.d. gleði – denne klassa kann i dag ha jamlaga -a: gleda. I mangstava endingar vert siste sjølvljodet avveikt til -e, det er berre gjengs bruk som hev gjort det av soleis. Denne/denna/dette/detta er ei soga for seg, med ymis vokster og tydingsskilnader i målføri. TH 13:21, 28 February 2011 (CET)
Eg er med på alt detta. Spursmålet var eigentlegt kvar kløyvingi kjem inn i bilætet - at ein nyttar -e sume stadene (ofte, gjentone) medan ein nyttar -a andre stader (ei lista, å lista). Det normerte landsmålet hadde vel nettupp ei slik kløyving? Men kvifor? Aasen hadde -a alle stadene her, tek eg ikkje i miss. CS 17:26, 28 February 2011 (CET)
Då lyt me gisse. -a yver heile fjøli i nemneform og lint hokyn er eit einfelt og etter måten utbreidt mynster, men -a i sume medord (illa mot lenge) og sume utljod i mangtalsendingar av namnord (liderna mot kvisterne) og lagord (grøna lider mot svarte kvister) er eit meir innfløkt og etter måten lite utbreidt mynster. Der ligg fulla løysingi, attåt ei viss janking andsynes «e-måli». TH 17:59, 28 February 2011 (CET)

Nummerering

Um ein nyttar a-mål, slik som ei gruppa, korleids nummerer ein då? gruppe 3 eller gruppa 3? Um det er nemneformi eller ei onnor form som ein nyttar då. CS 18:50, 19 May 2011 (CEST)

Det må vera gruppa 3 --SAM 19:47, 21 May 2011 (CEST)

Verdskrigane

Finst det noko som er rettast av ande verdskrigen og den andre verdskrigen? CS 15:44, 13 February 2012 (UTC)

Dei kjende verdskrigane (verdsufredane, heimsufredane) heiter fyrste og andre verdskrigen. TH 20:32, 13 February 2012 (UTC)

Do

I Nynorskordboka finn ein ordet «do» (frå gamalnorsk þó), som skal tyda 'likavel, endå'. Eg lurar på um eg hev detta ordet i målføret mitt, men det kann lika gjerna vera samanblanding med «då». So, tvo spursmål, då:

  1. Korleids nyttar ein ordet; i kva samanhengar? Nynorskbordboka gjev ingen brukdsøme.
  2. Kva er uttala? Dò eller dó?