Brukardiskusjon:CS

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Rettare høgnorsk målføring (med rettskrivingi di) er:

Eg hever ei brukarsida, dei kallar, på Nynorsk Wikipedia. Retta namnet mitt er Christoffer. Teksti på sidonne her er medvitet skrivi med ei rettskriving som ligg nær den upphavlege «Aasen-normalen».

Reknar med at du gjerne vilde vita det. TH 19. desember 2010 kl. 12:35 (CET)

Det er rett at eg ynskjer vita slikt. Nynorskordboki segjer ikkje so mykje um upphavet til sokalla; er ordet frå lågtysk/dansk? Når eg fyrst spyr um noko: kvi er tekst eit hokynsord på høgnorsk? Etter nynorskordboki var tekst hannkyn på norrønt. CS 19. desember 2010 kl. 20:43 (CET)

Sokalla er beint frå tysk so genannter. Me har ein eigen segnad for dette på norsk, so me nyttar helst den. Tekst kann fulla vera både hann- og hokyn. Det vart nytta som hannkyn i gamalnorsk, som du segjer, men det spyrst um ikkje ordet er innlånt å nyo, so nett det er ikkje so sætande. TH 19. desember 2010 kl. 21:25 (CET)