Nemneform

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Nemneform (eller infinitiv) er ei namnordleg form av gjerningsordet. Når ein talar um eit gjerningsord, nemner ein det gjerne i denne formi. Fyre nemneformi set ein ofte nemneformsmerket å (som kjem av styreordet åt).

Nemneformi kann verka som eit namnord i ei setning: Eg likar graut – Eg likar å eta.

Samstundes verkar ho som eit gjerningsord: Eg likar å eta graut.

Nemneformi vert nytta i lag med hjelpesegnord i mange samansette tider og måtar: Han skal koma. Det må ha bore so åt.

Sjå au