Typeform

Frå Mållekken
Versjonen frå 22. mai 2009 kl. 20:55 av TH (Ordskifte | tilskot)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare utgåva→ (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ei typeform er ein skrivemåte av eit ord eller ein ordlekk som fylgjer dei underliggjande skilljodi i dei ulike målføri under eitt. Ein slik skrivemåte fær oftast mykje sams med ein sogeleg skrivemåte, med di dei underliggjande skilljodi nettupp hev røter i forne målljod. I tilfellet nynorsk finn me att desse underliggjande skilljodi i millomnorsk og gamalnorsk.

Skrivemåten i høgnorsk fylgjer typeform-tanken sett fram av Ivar Aasen.