Samlæte

Frå Mållekken
Versjonen frå 24. mai 2010 kl. 12:31 av TH (Ordskifte | tilskot)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare utgåva→ (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Samlæte eller sandhi (eit umgrip frå sanskrit) heiter det når tvo eller fleire ljod (helst medljod) som fylgjer etter einannan, innan eitt ord eller ordemillom, vert brigde til eitt ljod etter faste mynster. I norsk gjeld dette serleg for ljodsamband med slagljodi [ɾ] og [ɽ] i austnorsk, som skipar ulike attbjugeljod.

[ɾ] + [n] → [ɳ]
[ɾ] + [t] → [ʈ]
[ɾ] + [d] → [ɖ] ([ɽ] i sume tilfelle)
[ɾ] + [s] → [ʃ]
[ɾ] + [l] → [ɭ]

Same samlæti gjeld med [ɽ] i staden for [ɾ]. Ved ljodburtfall i medljodgruppor med tri eller fleire medljod kann au desse samlæti ovra seg: myrkt /mʏrk-t/ > [mʏʈ]. Slikt ljodburtfall er i større mun målføredæmt.

Eit serlegt tilfelle av slikt samlæte sér me ved utrekster (og mogeleg burtfall) av det veike sjølvljodet [ə] som upphavleg stend millom tvo samlæteføre medljod:

skulen /²skʉːɽen/ *[²skʉːɽən] > [²skʉːəɳ], [²skʉː.ɳ] eller [²skʉːʉɳ].