Namnord

Frå Mållekken
Versjonen frå 21. juli 2007 kl. 00:27 av TH (Ordskifte | tilskot)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare utgåva→ (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Namnord eller substantiv er ei klassa av ord som set namn på røynlege ting og tenkte umgrìp.

Namnordi vert inndelte i tri kyn: hannkyn, hokyn og inkjekyn. Desse er atter inndelte i ymse stomnar, som anten er sterke eller linne.

Namnordi vert bøygde i tal – eintal og mangtal – og i kjenne – ubundi og bundi form. Bøygjingi fylgjer kynet og stomnen ordet høyrer til. Namnordi hev au bøygjing i fall (høve, kasus), men denne vert ikkje mykje nytta, slik at nemnefallet er nær einerådande. Hine falli er: eigefall (genitiv) og sidefall (dativ).

Bøygjingsformer

eintal mangtal
ubd. bd. ubd. bd.
hannkyn hest hesten hestar hestane
(i/u-stomnar) kvist kvisten kvister kvistene
sterke hokyn sol soli soler solene
(ō-stomnar) elv elvi elvar elvane
(medljod-stomnar) bok boki bøker bøkene
linne hokyn visa visa visor visone
sterke inkjekyn land landet land landi
linne inkjekyn auga augat augo augo