Diskusjon:Namnord

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Kannhenda ein burde laga ei eigi sida med målsoga åt stomnane, med peikar frå stutt-teigane um dagsens bruk. Det vert vandt å greida ut um i- og u-stomnar elles. Same gjeld īn-stomnar (hokyn) som no vert bøygde som ō-stomnar (med undantak i sume målføre vil eg tru)-SAM 21. juli 2007 kl. 11:32 (CEST)

Me kann ha eigne sogubolkar nedst på dei einskilde stomn-sidone. Det er no inkje som hastar med dèt. Eg tenkte stomn-namnet var det einaste namnet som låg fyre um ein vilde ha eit namn på «undantaki» i namnordbøygjingi i stoda i dag. TH 21. juli 2007 kl. 11:37 (CEST)
Greidt, me kann byrja med å skrive sogebolkane nedst på sida, men me bør laga ei eigi seinare (jfr ovan um īn-stomnar). Skal me kalla det frumnorrønt eller frumnorderlendsk (som eg er vand med)? -SAM 21. juli 2007 kl. 11:41 (CEST)
Kva skal me kalle målstiget i gamaltidi? Gamalnorderlendsk eller norrønt alt i hop (ikkje berre gno. og gis.? TH 21. juli 2007 kl. 11:50 (CEST)
Indrebø kalla urnordisk frumnorderlendsk, liksom frumgermansk er protogermansk. SAM 21. juli 2007 kl. 11:53 (CEST)
Ja. Men erso me set namnet norrønt på all norderlendsk i gamaltidi, høver det å nytte det for tidi fyrr au, dermed frumnorrønt. TH 21. juli 2007 kl. 11:59 (CEST)
Ja, men me segjer norrønt um målet i Noreg og landnåmi, som skil seg frå måli i Sverike og Danmark. Dette skiljet er ikkje viktugt fyrre norrøn tid og vikingetidi då måli skilde seg lite, og ein treng eit umgrip som femner vidare, som norderlendsk gjer. SAM 21. juli 2007 kl. 12:16 (CEST)
Spursmålet er um dette namnebruket er godt. Bruket av norrœn skifter i norrøn (!) tid, frå å femne det same som dǫnsk tunga til å berre gjelde norsk. Og målskili i tid (frå 800 til 1300) er vel so store som dei stademillom (Island, Noreg, Danmark, Gotland, Svitjod). So eg tykkjer det er mest meiningsfullt um ein anten nyttar namnet norrønt um klassisk gamalnorsk og gamalislendsk på 1200-talet, eller um heile tidi i alle Norderlandi. TH 21. juli 2007 kl. 12:32 (CEST)
Eg meiner at ein bør nytta namnet norrønt um klassisk gamalnorsk og gamalislendsk på 1200-talet, og berre det. Frumnorderlendsk eller frumnorrønt? Jamvel namnebruket av norrœn skifter i norrøn tid, er det i vår tid at me skal umgripsfesta målet fyre vikingetidi. Difor vert det noko umvendt anakronistiskt å nytta norrønt um norderlendsk, endå norrønt i tidleg norrøn tid tydde norderlendsk. Frumnorrønt fær ein til å tru at det anten var eit eige "norskt" mål ulikt "svenskt" og "danskt" fyre norrøn tid, eller at norrønt er det same som (gamal)norderlendsk. SAM 21. juli 2007 kl. 12:45 (CEST)
Men då gjer me det soleîs. Når du nemner det, so var det fulla vissa målmerke millom aust og vest (u/o) som fanst i fn. tid som kunde gjera nemningi frumnorrønt meiningsfull etter dette uppsetet au. Elles meinte eg «heile tidi fram til 1300» med norrønt i vid tyding. TH 21. juli 2007 kl. 12:55 (CEST)
Greidt. Men då bør frumnorrønt vera underskipa frumnorderlendsk. SAM 21. juli 2007 kl. 13:00 (CEST)
No sér eg dei nyttar nemningi frumnorrønt i færøyskt. TH 21. juli 2007 kl. 13:18 (CEST)
Ja, men der tyder vel norrønt norderlendsk



Eg skynar ikkje heilt kva som ligg til grunn for valet av former her. Eg hev alltid uppfatta høgnorsken til å vera bygd dei mest tradisjonelle formene i 1917-rettskrivingi (ikkje samnorskvariantane som vart tillatne allereide då). Til dømes målet åt Indrebø-brørne. So kann sjølvsagt høgnorsk òg verta nytta um eldre rettskrivingar, ikkje minst den som Ivar Aasen laga(de). Men jamt yver so hev høgnorskfolket halde fast ved 1917-rettskrivingi som ei brukande justering av Aasen-normalen.

I bundi form eintal lint inkjekyn vart t-en i endingi teken vekk allereide i 1901 (augat > auga). Etter mi syn eit heilt unaudsynt brigde, når me enno skriv huset og eplet, men det er no so. Bundne fleirtalsformer utan r, som bakkane, bøkene og visone vart innførde valfrie i 1910, og obligatorisk i 1917. Når det i yversyni her er nytta augat (som fyrr 1901), men former som bakkane,solene, visone osb. (som etter 1917), so veit eg ikkje um detta er tillfellelegt eller eit medvite val, men det verkar meir som personlegt lika former enn den fastare høgnorsktradisjonen. Aasen skreiv augat og bakkarne, Hægstad-normalen frå 1901 hev auga og bakkarne, midlandsnormalen frå 1901 hev auga og bakkane, og etter 1917 hev vel alle skrive det (undanteken dei som skriv auget, men då kann det nog ikkje kallast høgnorsk). Kombinasjonen augat og bakkane verkar for meg å vera uvanleg.

Den tilfellelege rekkefylgdi Aasen-formene vart avskipa i i offisiell rettskriving, har ikkje noko å segja for kva former som høver i hop i livande høgnorsk i dag. Høgnorsk er ikkje eit hundradårgamalt tidarbilæte. Det vert ikkje heilt rett å tala um den fastare høgnorsktradisjonen her heller. Det har allveg funnist høgnorskskrivande som har valt eideira formi upp gjenom tidi. Kva for former ein skal velja i dag vert ei avveging millom vanlegt bruk hjå høgnorskskrivande og vitskapleg døming av kva heilskapen i målbygnaden krev.
Når det gjeld formene som er uppsette i tavla, fylgjest dei åt av nøgnare merknader nedan, og der kann me lesa at augat au kann skrivast auga. Det er soleis upp til den einskilde høgnorskskrivande å velja «si» form her, slik høgnorsk praksis i røyndi er. Når -arne osb. ikkje er nemnt ved -ane, kjem det av at merknadene ikkje er ferduge. Dette er eit ervid på gang. Grunnen til at -at er fyredregi i sjølve tavleframstillingi, er at det ikkje er nokon grunn til å skilja millom -at og -et med umsyn på t-en; det kann vera umsemju um dette, må vita, men slik usemju bør grunngjevast med tilvising til målbygnaden når båe formene er i bruk. TH 23. mai 2009 kl. 00:56 (CEST)

Nokre av eige- og sidefallsformene verkar vera ein grand uvanlege. Er dette meint av vera målføre- eller normalformer, i den grad det hev vore nytta slike former i høgnorsken i det heile. Aasen nytta vel berre sidefall i bundi form fleirtal (-om), og eigefall der det var stivna i faste ordlag.

I Norsk Gramatik i frå 1864 sette Aasen upp eigefallsformer berre i ubundi form, og sidefallsformer berre i bundi form. Eg veit ikkje um nokre norskskrivande som hev bruka eigefall i bundi form eller sidefall i ubundi form. Det må i so fall hava vore tala um stivna ordlag.

Eige- og sidefallsformer er som du segjer, og som det er nemnt fleire stader, uvanlege i dagnær norsk, og dei er medtekne for skuld heilskapen og oversyni med di dei finst i nokon mun i faste ordlag og dilikt. Eg undrast på um det ikkje kann vera betre å setja deim upp for seg ein annan stad, som det er gjort med lagordsbøygjingi no. Eigefall bundi form er t.d. dagsens og livsens som du fulla har høyrt einkvan staden. TH 23. mai 2009 kl. 00:56 (CEST)

I ubundi form fleirtal endar eigefallsformi på -o, ikkje -a, til dømes vikoblad og kyrkjoklokka.

-o i vikoblad osb. er eintal, ikkje mangtal. TH 23. mai 2009 kl. 00:56 (CEST)

Sidefallsformene i bundi form eintal verkar å vera målføreformer. Dei formene Aasen sette upp var former som bakka, heste, kviste, solenne, elvenne, bøkene, visonne, lande, stykke og auga. Sjå til dømes:

http://nn.wikipedia.org/wiki/Norsk_Grammatik

eller

http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=1257&id=3436

Det var Aasen som sette upp målføreformer her. I bøygjingsverket elles er naseljodi fylgjerett med, og det bør dei då vera i fullkomne sidefallsformer mèd. Dei uppsette formene er soleis ei retting av Aasen, sameleis som Munch retta Aasens <bor> til <bord> og <stræv> er vorti til <strev> i tråd med nyare målførekunne. Det er grunnlaget og grunntanken hjå Aasen som skal førast vidare, ikkje på liv og daude kvart eit lyte og kvar ein glepp i storverket. I dette tilfellet, bundne sidefallsformer, har det ikkje radt myki å segja, for um nokon nyttar slike former, er det helst i målføretekster. Men her stend dei «fullkomne» formene til vitring. Merknader trengst visseleg. TH 23. mai 2009 kl. 00:56 (CEST)

So anten ein likar Aasen-normalen eller 1917-normalen (sjølv tykkjer eg at 1901-normalen kann henda er den beste, sjølv um det i grunnen er noko ein kann vera misnøgd med i alle), bør ein netstad som kallar seg etter Ivar Aasen og vil fremja kunnskap um høgnorsken au halda fram desse viktuge høgnorsknormalane.

--VTT 22. mai 2009 kl. 21:11 (CEST)

Det er ingaleis ei uppgåve for høgnorskrørsla å halde fram gamle statlege rettskrivingar (anna en i ein målsogebolk). Det som skal haldast fram frå Aasen er grunnlaget og grunntankane i vyrkt bruk. TH 23. mai 2009 kl. 00:56 (CEST)

Der er då fleire av formene i nemnefall der naseljodi ikkje er med (soli, landi, augo). Men eg er samd i at målføregrunnlaget er betre i sidefall, sidan der er målføre i Øysterdalen og Trøndelag som hev -m i hankynsendingane her. Inkjekynsformene er det eit grand verre med, men det kann kann henda forsvarast med at den gamalnorske formi enda på -nu og ikkje -n.

Som du er inne på samstevjast ikkje soli, landi, augo med nokor sidefallsform. Sidefall hannkyn samstevjast med sidefall mangtal (gno. -inum, -anum mot -unum) som evlaust lyt ha -om, einaste sidefallsformi med fast tradisjon. Sidefall inkjekyn samstevjast med underfall mangtal hannkyn (gno. -inu, -anu mot -ana); det er litt vanskeleg ettersom me ikkje har eigne underfallsformer lenger, og målføri som har mangtalsform med grunnlag i denne formi syner både -a og -an. Til studnad for -in kann me føre upp at ho finst, og at det heiter trén av tre og andre inkjekynsord med rotsjølvljodet i utljod. Valet av -in og ikkje -en retter seg etter at det er -i i nemnefall hokyn og ikkje -e for å sleppe for myki samanblanding. TH 24. mai 2009 kl. 00:38 (CEST)

Eg hev no tidt høyrt høgnorskfolk halda fram som ein av dei store fyremunane med høgnorsken at han er ei fastare rettskriving utan alle dei valfrie formene som finst i statsnynorsken. So du skynar kann henda kvifor eg er litt atterhalden med for "private" rettskrivingar, um det er aldri so godt meint. Eg meiner at til dømes Vestmannalaget, Ivar Aasen-sambandet og Norsk Bokreidingslag jamt yver hev stade for ein fast tradisjon i det dei hev gjeve ut. Men det (dat) er klårt at heller (helder) ikkje (ikke) Ivar Aasen hadde (havde) rett i alt han gjorde, og at nokre einskilde ord og former kunde hava vore annarleides, både då og seinare (seinre). --VTT 23. mai 2009 kl. 23:38 (CEST)

Det viktuge når det gjeld valfrie former er um det er system i deim eller ikkje. Typeformene i høgnorsk er eit fast tvikòr til stavingsvirvaret av ordrøter i statsnynorsken, og det er det som fyller hovudmengdi av side- og klambreformene der. Nokre jamstelte former i endingsverket er inkje i samanlikning, det gjev derimot ei opning for grunnhåtten i dei ulike målføri som statsnynorsken bægjer for. So høgnorsk vert som eit kinderegg i målvegen: både einskapleg og målførenær, og attpåtil leikin i all si vitskaplege tyngd. TH 24. mai 2009 kl. 00:38 (CEST)



Eg fær ikkje tak i skipnaden her. Det er vandt å fatta det detta ritet seier, um ein ikkje mest kan det frå fyrr. Eg vil gjerna sjå døme på terorien i praksis. Det hadde voret sers fint, um de kunde vist alle formerne i rett bruk, slik det skal vera, med fulle setningar og det heile. Takk fyre. Tarjeif 2. juni 2009 kl. 15:11


Spursmål

Skal det ikkje vera : visan, visorna, landin, solin, solerna, bakkarne? Rita 7. mars 2010 kl. 16:35 (CET)

Einfeld -n i utyngt utljod fall burt i millomnorsk (sjå det). Soleis vart gn. visan nn. visa osb. Endingane -orna osb. er dei Aasen sette upp, men det er mest vanleg i dagnær høgnorsk å skrive -one osb. TH 7. mars 2010 kl. 19:59 (CET)
Aasen skreiv Augo(n), Aari(n), Skaali(n) og Visa(n). http://www.aasentunet.no/download.asp?object_id=DAA2F4BB41A348F1977798C0894DDE07.pdf, so det lyt vera med på denne sida. Òg -rne/-rna og alle andre former sum stend i Aasens (er eigefall av ås åss, og eigefall av åsen åssens?) bok. Rita 7. mars 2010 kl. 20:52 (CET)
Aasen førde upp «(n)» i Norsk Grammatik med di han vilde syne det gamalnorske upphavet som gav dei ulike formene i nynorske målføre. Det gjeng skilleg fram av det han skriv under kva han meinte um bruket av slike former i dagnært normalmål: «At gjenoptage det sluttende ‘N’ (f. Ex. Skaalin, el. Skaalen), som ved første Øiekast maa synes at være det retteste, har saaledes meget imod sig,...» (Det vert elles ingen umfram s i eigefall av ord på -s.) TH 7. mars 2010 kl. 23:26 (CET)

Feil

Noko er gale med programvara, segjer sida. Vonlegt noko ein kann fiksa. CS 18:23, 12 June 2011 (CEST)

Må ha kome til etter me la inn ny programvara. SKal sjå på det. --SAM 19:01, 12 June 2011 (CEST)