Millomnorsk

Frå Mållekken
Versjonen frå 29. juni 2009 kl. 22:14 av TH (Ordskifte | tilskot)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare utgåva→ (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Millomnorsk er namnet på det målstìget av norsk som ligg millom gamalnorsk og nynorsk i tid. Dette er i mykje ei yvergangstid der mange umskifte kjem upp i målet og breider seg i ulike lùter av landet. Byrjingi vert gjerne sett til kring 1370 då verknaden av mannefallet i svartedauden tér att i skriftmålet. Enden vert gjerne sett til ut på 1500-talet (1550/1600) då dei siste leivdene av den gamalnorske skriftmålstradisjonen ovrar seg.

Dei viktugaste umskifti i målet i millomnorsk er:

  • n i endingar gjeng upp i sjølvljodet fyre: nye nasesjølvljod
  • umleggjing av stavingslengdene: stutte, lange og ovlange stavingar vert avløyste av jamt lange stavingar
  • umleggjing av sjølvljodverket: sjølvljodi klovnar i eit trongt og eit ope; lange bakre sjølvljod vert høgde
  • þ > t (eller d), ð fell mykje attåt burt
  • mykje av endingsverket fell saman: person- og talbøygjing av segnord, fallbøygjing av namnord og lagord