Skilnad mellom versjonar av «Millomnorsk»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
Inkje endringssamandrag
 
Inkje endringssamandrag
Line 2: Line 2:


Dei viktugaste umskifti i målet i millomnorsk er:
Dei viktugaste umskifti i målet i millomnorsk er:
* utjamning av stavingslengdene: stutte, lange og ovlange [[staving]]ar vert avløyste av jamt lange stavingar
* umleggjing av [[ljodlæra#sjølvljod|sjølvljodverk]]et: sjølvljodi klovnar i eit trongt og eit ope [[skilljod]]; lange bakre sjølvljod vert høgde


* veikjing av [[sjølvljod]] i endingar
* veikjing av [[sjølvljod]] i endingar
Line 7: Line 11:
* ''n'' i endingar gjeng upp i sjølvljodet fyre: nye nasesjølvljod
* ''n'' i endingar gjeng upp i sjølvljodet fyre: nye nasesjølvljod


* umleggjing av stavingslengdene: stutte, lange og ovlange [[staving]]ar vert avløyste av jamt lange stavingar
* mykje av endingsverket fell saman: person- og talbøygjing av [[segnord]], fallbøygjing av [[namnord]] og [[lagord]]


* umleggjing av [[ljodlæra#sjølvljod|sjølvljodverk]]et: sjølvljodi klovnar i eit trongt og eit ope; lange bakre sjølvljod vert høgde
* ''þ'' > ''t'' (eller ''d''), ''ð'' fell mykje attåt burt


* ''þ'' > ''t'' (eller ''d''), ''ð'' fell mykje attåt burt
Flest alle desse umskifti hekk i hop. Til dømes drog utjamningi av stavingslengdene med seg klovningi av sjølvljodi i nye skilljod, og veikjingi av sjølvljod og ''n'' i endingane – som vel hekk i hop med tyngdeumleggjing i samband med stavingslengdutjamningi – drog med seg samanfall i endingsverket.
 
== Sjølvljodverket ==
 
=== Sterk og veik hått ===
 
Frå mange germanske mål kjenner me til at sjølvljodi er skifte i det dei stundom kallar ''sterke'' og ''veike'' sjølvljod. Eit veikt sjølvljod vert då uttala med veikare tungerørsla, d.e. med tunga meir midt i munnen – veik tungelega. T.d. hev engelsk ''beat'' sterkt sjølvljod, og ''bit'' veikt.
 
Same skipnaden fanst au allvissa i sein gamalnorsk, er det likt til, soleis at ''vísa'' vart uttala med sterk sjølvljodshått – [wiːsa] – og ''vita'' og ''fisk'' med veikt – [wɪta] og [fɪsk]. Denne skilnaden var berre avbrigde av same [[skilljod]]et, soleis at t.d. sjølvljod som vart stytte eller lengde på denne tidi gjekk beint frå eine håtten til hin – døme: ''gótt'' > ''gott'' ([[nynorsk|nn]]. ''godt''), ''orð'' > ''órð'' (nn. ''ord'')
 
=== Sterkning ===
 
Med utjamningi av stavingslengdene i millomnorsk fekk sume av dei veikhåtta sjølvljodi ny «styrke» lagd i seg. Det førde ikkje til at dei gjekk i hop med dei sterkhåtta; denne sterkningi gjekk fyre seg i same håttlægjet, men gav t.d. lengjing: sein gn. [wɪta] > mn. [wɪːta]. Skilnaden sterk/veik vart dimed avløyst av ein ny skilnad trong/open.
 
Det kom no upp [[målføre]]skilnader på grunnlag av korleis sterkningi vart handsama. I [[austnorsk]] var det alt uppkome ein skipnad med [[jamvekt]] i stuttstavingsord. Denne skipnaden bægde sterkningi i nokon mun, eller leidde 'na um i eit anna spor. Soleis gjekk gn. [wɪta] > mn. [wɪˑtaˑ] i austnorsk. I dag finn me att denne formi nærast i målføret i Nord-Gudbrandsdalen; elles i austnorsk vart denne stavingsskipnaden utmåta til t.d. [²ʋeːta] eller [²ʋɔt.tɔ].


* mykje av endingsverket fell saman: person- og talbøygjing av [[segnord]], fallbøygjing av [[namnord]] og [[lagord]]
Det sams underlaget for dei norske målføri i dag med umsyn til sjølvljodverket finn me soleis i denne tidi, og me kann skriva den underliggjande formi av dømet ovan som //vɪˑta//, der //ˑ// stend for sterkningi som ovra seg ulikt.

Versjonen frå 29. juni 2009 kl. 23:43

Millomnorsk er namnet på det målstìget av norsk som ligg millom gamalnorsk og nynorsk i tid. Dette er i mykje ei yvergangstid der mange umskifte kjem upp i målet og breider seg i ulike lùter av landet. Byrjingi vert gjerne sett til kring 1370 då verknaden av mannefallet i svartedauden tér att i skriftmålet. Enden vert gjerne sett til ut på 1500-talet (1550/1600) då dei siste leivdene av den gamalnorske skriftmålstradisjonen ovrar seg.

Dei viktugaste umskifti i målet i millomnorsk er:

  • utjamning av stavingslengdene: stutte, lange og ovlange stavingar vert avløyste av jamt lange stavingar
  • umleggjing av sjølvljodverket: sjølvljodi klovnar i eit trongt og eit ope skilljod; lange bakre sjølvljod vert høgde
  • n i endingar gjeng upp i sjølvljodet fyre: nye nasesjølvljod
  • mykje av endingsverket fell saman: person- og talbøygjing av segnord, fallbøygjing av namnord og lagord
  • þ > t (eller d), ð fell mykje attåt burt

Flest alle desse umskifti hekk i hop. Til dømes drog utjamningi av stavingslengdene med seg klovningi av sjølvljodi i nye skilljod, og veikjingi av sjølvljod og n i endingane – som vel hekk i hop med tyngdeumleggjing i samband med stavingslengdutjamningi – drog med seg samanfall i endingsverket.

Sjølvljodverket

Sterk og veik hått

Frå mange germanske mål kjenner me til at sjølvljodi er skifte i det dei stundom kallar sterke og veike sjølvljod. Eit veikt sjølvljod vert då uttala med veikare tungerørsla, d.e. med tunga meir midt i munnen – veik tungelega. T.d. hev engelsk beat sterkt sjølvljod, og bit veikt.

Same skipnaden fanst au allvissa i sein gamalnorsk, er det likt til, soleis at vísa vart uttala med sterk sjølvljodshått – [wiːsa] – og vita og fisk med veikt – [wɪta] og [fɪsk]. Denne skilnaden var berre avbrigde av same skilljodet, soleis at t.d. sjølvljod som vart stytte eller lengde på denne tidi gjekk beint frå eine håtten til hin – døme: gótt > gott (nn. godt), orð > órð (nn. ord)

Sterkning

Med utjamningi av stavingslengdene i millomnorsk fekk sume av dei veikhåtta sjølvljodi ny «styrke» lagd i seg. Det førde ikkje til at dei gjekk i hop med dei sterkhåtta; denne sterkningi gjekk fyre seg i same håttlægjet, men gav t.d. lengjing: sein gn. [wɪta] > mn. [wɪːta]. Skilnaden sterk/veik vart dimed avløyst av ein ny skilnad trong/open.

Det kom no upp målføreskilnader på grunnlag av korleis sterkningi vart handsama. I austnorsk var det alt uppkome ein skipnad med jamvekt i stuttstavingsord. Denne skipnaden bægde sterkningi i nokon mun, eller leidde 'na um i eit anna spor. Soleis gjekk gn. [wɪta] > mn. [wɪˑtaˑ] i austnorsk. I dag finn me att denne formi nærast i målføret i Nord-Gudbrandsdalen; elles i austnorsk vart denne stavingsskipnaden utmåta til t.d. [²ʋeːta] eller [²ʋɔt.tɔ].

Det sams underlaget for dei norske målføri i dag med umsyn til sjølvljodverket finn me soleis i denne tidi, og me kann skriva den underliggjande formi av dømet ovan som //vɪˑta//, der //ˑ// stend for sterkningi som ovra seg ulikt.