Hovudsida

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Velkomne til Mållekken,
eit ope kunnskapssamn um norsk.
«Kvar fugl syng med sitt nebb»«Like fuglar flyg best i flokk»

ordtøke samla av Ivar Aasen

Um Mållekken

Mållekken er eit kunnskapssamn for høgnorskt mål. Her kann du skriva deg inn og vera med på samvinna, eller berre lesa deg til ny kunnskap. Samnet er skipa som ein wiki; det er ein vevgard der dei ulike vevsidone hev ein eigen teig um kvart sitt emne. Teigane vert ihopbundne med vevlenker frå emneord i éin teig til nye teigar um desse emni, so du kann bledja deg att og fram alt etter som du hev hug til å lesa eller skriva meir um. Teigane er opne for å verta umskrivne, og du kann laga nye teigar au. Lenkene fører deg dessutan utanum Mållekken, til meiningsberande artiklar hjå Ivar Aasen-sambandet og høgnorsk lesnad alt ikring på heimsveven.

Det er von desse sidone vert til hjelp for deg som vil hava meir høgnorsk inn i kvardagen.

Her kann du au få svar på spursmål du måtte hava um høgnorsk.

Visste du at …

… høgnorsk hev ei rad stadnamn som skil seg frå dei offisielt vedtekne, m.a. Kviterussland for det nylegt avnorska Belarus?
Vestmannalaget er det eldste mållaget i Noreg?
trønder upphavleg er mangtal og stod som plurale tantum i Norsk Ordbog?
… det norske ordfanget er større en det norskdanske?
Ivar Aasen skreiv ei namnebok?

Hev du lyst å skriva um …

Ivar Aasen?
Målføre?

Ordlistor

Norskdansk-høgnorsk ordlista · Uppnorskingsordlista · Dataordlista · Fleire…