Skilnad mellom versjonar av «Diskusjon:Uttala»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
Inkje endringssamandrag
Inkje endringssamandrag
Line 21: Line 21:


'''dj''' vert oftast uttala ''j'' i framljod – t.d. ''djup'', ''djerv'', ''djevel''. I innljod er uttala anten /dj/ eller /j/ med lengd sjølvljod fyre – t.d. ei ''midja'', ''rydja'', ''stydja'', ei ''smidja''. Ljodhåtten åt sjølvljoden held seg når han vert lengd – t.d. ''stỳdja'' /stỳdja/ el. /stỳ:ja/. --[[Brukar:SAM|SAM]] 28. mai 2009 kl. 15:42 (CEST)
'''dj''' vert oftast uttala ''j'' i framljod – t.d. ''djup'', ''djerv'', ''djevel''. I innljod er uttala anten /dj/ eller /j/ med lengd sjølvljod fyre – t.d. ei ''midja'', ''rydja'', ''stydja'', ei ''smidja''. Ljodhåtten åt sjølvljoden held seg når han vert lengd – t.d. ''stỳdja'' /stỳdja/ el. /stỳ:ja/. --[[Brukar:SAM|SAM]] 28. mai 2009 kl. 15:42 (CEST)
:: Ja, lista eg laga gjeld som det stend berre for rotstaving. Endingar fylgjer noko andre reglar. Elles har eg skrivi um uttala under bolkane med endingsverk i t.d. [[namnord]], men me fær ta ei grov yversyn her mèd. Lengdeumleggjing krev au ein eigen bolk (underbolk under sjølvljod?). Nøgnare utgreiding under tavlone vert lugom. Når det gjeld sjølvljod fær me semjast um eit sams ljodskriftsystem fyrst. [[Brukar:TH|TH]] 28. mai 2009 kl. 15:54 (CEST)

Versjonen frå 28. mai 2009 kl. 13:54

Er ikkje denne framleggjingi noko tung til rettleiding å vera? Jf. Midtun. Ikkje for det, ein treng ei heilskapleg yversynlista. --SAM 27. mai 2009 kl. 13:34 (CEST)

Er det ikkje greidast å rada det upp alfabetiskt slik, då? Det vilde eg ha sétt etter um eg skulde slå upp uttala i eit nytt mål. Tanken var å gje ei heilsleg yversyn. Både her og andre stader er det fulla ein fyremun um ein har ei stuttare innføring attåt au, men det var ikkje den enden eg tok åt med no. Tok du ikkje på ei side med innføring i høgnorsk? Kann hende er det ein tanke å leggje fram meir einfelde innføringar i ymse emne der, og lenkje millom hine innføringsbolkane og dei meir utfyllande teigane som denne. TH 27. mai 2009 kl. 15:23 (CEST)
Men dette er ikkje eit nytt mål ... Eg kann leggja til eitt og anna her, so fær me sjå um me skil ut tvo bolkar. --SAM 28. mai 2009 kl. 14:58 (CEST)
Nytt i tydingi mål ein treng å lære, må vita. Det er kje mange som skynjar tanken med eit eige norskt uttalemynster, av dei som soknar til nynorsk heller. På NRK dessmeir uttalar dei norske ord etter bokmålske uttalereglar. TH 28. mai 2009 kl. 15:13 (CEST)

Skal ein greida ut um uttala ved lengdumleggjing? T.d. norr. VK > nn. V:K el. VKK - jf. brot, skot osb. Same gjeld norr. KVKV (gera, vera osb.). Ein lyt dessutan få med at uttala i spurde, smurde osb. er trong. Og kva med alle desse medljodssambandi? Her trode ein ha ein eigen bolk under lista yver medljodane. --SAM 28. mai 2009 kl. 15:30 (CEST)

Eg tenkte noko slikt:

Medljodsamband

Stungen d. Millom sjølvljodar og i utljod vert d vanleg ikkje uttala – t.d. å beda, ei gleda, ein spade, ei tid, ein tidur. Undantak er ”bibelord” som Gud, nåde, og namn som Bodøy, Nidaros, Lade, og lånord som ode, jøde, mode, bad (og bada). Fyre etterfesti ‑ig og ‑ug er uttala oftast med d fyre ‑ig og utan d fyre ‑ug – t.d. vert stødig og stødug uttala /stø:dig/ og /stø:ug/.

Mrk. Sunnmørsk held på d millom sjølvljod og i utljod. Og i jamvektsord (spåddå, tuddur).

I sume samansetjingar og bøygjingsformer lyder d – t.d. naudsyn; og i tilleggsformene i fleirtal – t.d. bedne, bodne.

dj vert oftast uttala j i framljod – t.d. djup, djerv, djevel. I innljod er uttala anten /dj/ eller /j/ med lengd sjølvljod fyre – t.d. ei midja, rydja, stydja, ei smidja. Ljodhåtten åt sjølvljoden held seg når han vert lengd – t.d. stỳdja /stỳdja/ el. /stỳ:ja/. --SAM 28. mai 2009 kl. 15:42 (CEST)

Ja, lista eg laga gjeld som det stend berre for rotstaving. Endingar fylgjer noko andre reglar. Elles har eg skrivi um uttala under bolkane med endingsverk i t.d. namnord, men me fær ta ei grov yversyn her mèd. Lengdeumleggjing krev au ein eigen bolk (underbolk under sjølvljod?). Nøgnare utgreiding under tavlone vert lugom. Når det gjeld sjølvljod fær me semjast um eit sams ljodskriftsystem fyrst. TH 28. mai 2009 kl. 15:54 (CEST)