Skilnad mellom versjonar av «Diskusjon:Norskdansk-høgnorsk ordlista»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
Inkje endringssamandrag
Line 18: Line 18:


: Frå ''å hava på seg'' kann me laga namnordet ''åhav'': «Han vart dømd for åhav av narkotika.» ''Landnåm'' gjeld fulla berre det som fyrr var «tomt land». ''Åhending'' skulde høve vel for ei vid tyding. [[Brukar:TH|TH]] 4. desember 2010 kl. 13:35 (CET)
: Frå ''å hava på seg'' kann me laga namnordet ''åhav'': «Han vart dømd for åhav av narkotika.» ''Landnåm'' gjeld fulla berre det som fyrr var «tomt land». ''Åhending'' skulde høve vel for ei vid tyding. [[Brukar:TH|TH]] 4. desember 2010 kl. 13:35 (CET)
== Genierklære, anbud, kredittverdig ==
'''Genierklære''', oftare i tilleggsform '''genierkært''' (med bastarden "geniforklart"). Samansetjingi tykkjest koma av engelsk "a declared genius". Kva no det er - at det er ålment vedteke/kjent at personen er eit geni? Samansetjingar med styreord er ikkje gode her. Ein kann skriva t.d. ''geni-utnemd'' og ''-utpeikt'', men helst ikkje *''geni-utnemna''. Elles sér det ut til at ordet berre er eit ålment superlativ. Kva so med ''geni-forkynt'', ''geni-kjenna'' (jf. tjuvkjenna)?
Um bokmål '''anbud''' jamt kann umsetjast til norsk ''tilbod'' er mykje dryft. I juridiskt mål skal det vera eit skilje millom bm. "tilbud" og "anbud", i minsto hev sume gjort dette til eit poeng. Me sér her burt frå tydingi "til nedsett pris" og "konkurranseutsetjing".
Avgjerande for skiljet er ikkje um tilbodet er skriftlegt, eller um tilbodet er bindande, men sjølve åhendingsframgangsmåten - um der er eit tingingsforbod eller ikkje.
For å gjera dette verre, vert "anbud" i ålment målbruk ofte nytta for "tilbud", jamvel målbruket i lovverket tykkjest ikkje vera fylgjestrengt her. Engelsk "call for tender" og fransk "apel d'offres" svarar elles både til "tilbud" og "anbud" (i streng meining).
Etter mi meining bør ein føra uppslaget soleîs:
'''anbud''' tilbod, konkurranseutsetjing; tilbod (utan tinging) (jur.). Jf. http://www.regjeringen.no/nb/dep/nhd/dok/nou-er/1997/nou-1997-21/13.html?id=141020
'''kredittverdig''' kann "umsetjast" på plankekøyrmåten til ''kredittfør'', men eg tenkte at ''svaringsfør'' og ''solvent'' kunde duga, endå ''kredittverdig'' torde ha ei lausare tyding enn ''solvent''. [[Brukar:SAM|SAM]] 5. desember 2010 kl. 11:28 (CET)

Versjonen frå 5. desember 2010 kl. 10:28

Eg hev høyrt ordet ballinnehav for ballbesittelse. Er innehav eit godt ord for besittelse? SAM 17. desember 2009 kl. 09:17 (CET)

Ein innehar ikkje ballen, ein har ballen, difor burde ballhava vera meir råkande her. Eg fører inn hava og -hav i lista (dette siste finst fulla berre i samansetjingar?). TH 17. desember 2009 kl. 16:24 (CET)

Skipnaden

Eg veit ikkje um det høver å merkje av bøygjingi av norskdanske ord. Med di ho stend i same skrifttypen som den norske uttydingi, kann det vera vildrande. Og store nytta er det fulla ikkje i 'ne.

Ein annan ting: det er heller ikkje nokon bate i å setja upp berre avleidingsendingane, som t.d. «ærlig, -het»; då kann ein ikkje søkje etter «ærlighet» på sida. Rom har me nøgdi av her. TH 11. mai 2010 kl. 11:15 (CEST)

Bøygningi stend i minsto i parantes. Men, me treng ikkje gjera det. Ein kann vel søkja upp ærlig dersom ein ynksjer ærlighet? Tanken var å leggja inn alt tilfang i ein tilfangsbase etter ei tid og gjeva det same skipnad som ei ordbok. SAM 11. mai 2010 kl. 22:31 (CEST)-
Det var eit dårlegt døme eg gav. Tanken var at det ikkje er alle som kjenner til grunnordet når dei søkjer. Og når ein let fyrestavingi u- stå frammanfyre ei lang rad med samansetjingslekker, vert det uråd å søkje etter t.d. usikkerhet (døme frå lause lufti). Det er det eg eg idkal for. Men erso du har tankar um korleis me kann få tilfanget yver i ein tilfangsbase, fær du segja til hosse det er best å leggje det upp. TH 14. mai 2010 kl. 20:50 (CEST)

Tvo ord

besittelse og anskaffelse. Ein kann skriva hava på seg narkotika for være i bestittelse av narkotika osb., men finst det eit meir (tekniskt) ord for dette? I ei litt onnor tyding kann landnåm vera høvelegt. anskaffelse er stundom umsett med (inn)kjøp, men tydingi er vidare - t.d. lån, byte, leiga. Eit ord for å selja, gjeva, byta burt er avhenda. Kva då med åhenda, som alt finst i norsk, eller tilhenda/åthenda? levering kann stundom duga. SAM

Frå å hava på seg kann me laga namnordet åhav: «Han vart dømd for åhav av narkotika.» Landnåm gjeld fulla berre det som fyrr var «tomt land». Åhending skulde høve vel for ei vid tyding. TH 4. desember 2010 kl. 13:35 (CET)

Genierklære, anbud, kredittverdig

Genierklære, oftare i tilleggsform genierkært (med bastarden "geniforklart"). Samansetjingi tykkjest koma av engelsk "a declared genius". Kva no det er - at det er ålment vedteke/kjent at personen er eit geni? Samansetjingar med styreord er ikkje gode her. Ein kann skriva t.d. geni-utnemd og -utpeikt, men helst ikkje *geni-utnemna. Elles sér det ut til at ordet berre er eit ålment superlativ. Kva so med geni-forkynt, geni-kjenna (jf. tjuvkjenna)?

Um bokmål anbud jamt kann umsetjast til norsk tilbod er mykje dryft. I juridiskt mål skal det vera eit skilje millom bm. "tilbud" og "anbud", i minsto hev sume gjort dette til eit poeng. Me sér her burt frå tydingi "til nedsett pris" og "konkurranseutsetjing".

Avgjerande for skiljet er ikkje um tilbodet er skriftlegt, eller um tilbodet er bindande, men sjølve åhendingsframgangsmåten - um der er eit tingingsforbod eller ikkje.

For å gjera dette verre, vert "anbud" i ålment målbruk ofte nytta for "tilbud", jamvel målbruket i lovverket tykkjest ikkje vera fylgjestrengt her. Engelsk "call for tender" og fransk "apel d'offres" svarar elles både til "tilbud" og "anbud" (i streng meining).

Etter mi meining bør ein føra uppslaget soleîs: anbud tilbod, konkurranseutsetjing; tilbod (utan tinging) (jur.). Jf. http://www.regjeringen.no/nb/dep/nhd/dok/nou-er/1997/nou-1997-21/13.html?id=141020

kredittverdig kann "umsetjast" på plankekøyrmåten til kredittfør, men eg tenkte at svaringsfør og solvent kunde duga, endå kredittverdig torde ha ei lausare tyding enn solvent. SAM 5. desember 2010 kl. 11:28 (CET)