Skilnad mellom versjonar av «Diskusjon:Norskdansk-høgnorsk ordlista»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
Inkje endringssamandrag
Line 16: Line 16:


'''besittelse''' og '''anskaffelse'''. Ein kann skriva ''hava på seg narkotika'' for ''være i bestittelse av narkotika'' osb., men finst det eit meir (tekniskt) ord for dette? I ei litt onnor tyding kann ''landnåm'' vera høvelegt. ''anskaffelse'' er stundom umsett med ''(inn)kjøp'', men tydingi er vidare - t.d. lån, byte, leiga. Eit ord for å selja, gjeva, byta burt er ''avhenda''. Kva då med ''åhenda'', som alt finst i norsk, eller ''tilhenda/åthenda''? ''levering'' kann stundom duga. [[Brukar:SAM|SAM]]
'''besittelse''' og '''anskaffelse'''. Ein kann skriva ''hava på seg narkotika'' for ''være i bestittelse av narkotika'' osb., men finst det eit meir (tekniskt) ord for dette? I ei litt onnor tyding kann ''landnåm'' vera høvelegt. ''anskaffelse'' er stundom umsett med ''(inn)kjøp'', men tydingi er vidare - t.d. lån, byte, leiga. Eit ord for å selja, gjeva, byta burt er ''avhenda''. Kva då med ''åhenda'', som alt finst i norsk, eller ''tilhenda/åthenda''? ''levering'' kann stundom duga. [[Brukar:SAM|SAM]]
: Frå ''å hava på seg'' kann me laga namnordet ''åhav'': «Han vart dømd for åhav av narkotika.» ''Landnåm'' gjeld fulla berre det som fyrr var «tomt land». ''Åhending'' skulde høve vel for ei vid tyding. [[Brukar:TH|TH]] 4. desember 2010 kl. 13:35 (CET)

Versjonen frå 4. desember 2010 kl. 12:35

Eg hev høyrt ordet ballinnehav for ballbesittelse. Er innehav eit godt ord for besittelse? SAM 17. desember 2009 kl. 09:17 (CET)

Ein innehar ikkje ballen, ein har ballen, difor burde ballhava vera meir råkande her. Eg fører inn hava og -hav i lista (dette siste finst fulla berre i samansetjingar?). TH 17. desember 2009 kl. 16:24 (CET)

Skipnaden

Eg veit ikkje um det høver å merkje av bøygjingi av norskdanske ord. Med di ho stend i same skrifttypen som den norske uttydingi, kann det vera vildrande. Og store nytta er det fulla ikkje i 'ne.

Ein annan ting: det er heller ikkje nokon bate i å setja upp berre avleidingsendingane, som t.d. «ærlig, -het»; då kann ein ikkje søkje etter «ærlighet» på sida. Rom har me nøgdi av her. TH 11. mai 2010 kl. 11:15 (CEST)

Bøygningi stend i minsto i parantes. Men, me treng ikkje gjera det. Ein kann vel søkja upp ærlig dersom ein ynksjer ærlighet? Tanken var å leggja inn alt tilfang i ein tilfangsbase etter ei tid og gjeva det same skipnad som ei ordbok. SAM 11. mai 2010 kl. 22:31 (CEST)-
Det var eit dårlegt døme eg gav. Tanken var at det ikkje er alle som kjenner til grunnordet når dei søkjer. Og når ein let fyrestavingi u- stå frammanfyre ei lang rad med samansetjingslekker, vert det uråd å søkje etter t.d. usikkerhet (døme frå lause lufti). Det er det eg eg idkal for. Men erso du har tankar um korleis me kann få tilfanget yver i ein tilfangsbase, fær du segja til hosse det er best å leggje det upp. TH 14. mai 2010 kl. 20:50 (CEST)

Tvo ord

besittelse og anskaffelse. Ein kann skriva hava på seg narkotika for være i bestittelse av narkotika osb., men finst det eit meir (tekniskt) ord for dette? I ei litt onnor tyding kann landnåm vera høvelegt. anskaffelse er stundom umsett med (inn)kjøp, men tydingi er vidare - t.d. lån, byte, leiga. Eit ord for å selja, gjeva, byta burt er avhenda. Kva då med åhenda, som alt finst i norsk, eller tilhenda/åthenda? levering kann stundom duga. SAM

Frå å hava på seg kann me laga namnordet åhav: «Han vart dømd for åhav av narkotika.» Landnåm gjeld fulla berre det som fyrr var «tomt land». Åhending skulde høve vel for ei vid tyding. TH 4. desember 2010 kl. 13:35 (CET)