Skilljod
Eit skilljod eller fonem er eit ljod eller ei samling nærskylde ljodavbrigde som ikkje er tydingsskiljande i øyro på talaren.
Døme: /m/ vert uttala [ɱ] fyre [f]. [ɱ] er ikkje eit eige skilljod, men eit avbrigdeljod av skilljodet /m/. /m/ og /n/ er båe eigne skilljod med di det er tydingsskil på ordi [mu:ɽ] mord og [nu:ɽ] nord. [mu:ɽ] og [nu:ɽ] i dette dømet vert kalla eit minstepar av di dei skil seg frå einannan ved eitt skilljod.
Underliggjande skilljod (arkifonem) eller underliggjande former er ljod eller former ein tenkjer seg beid fyrr en dei vart umlaga av jamning eller samlæte. Skrivemåten i høgnorsk, typeformene me kallar, er skipa etter desse underliggjande ljodformene.