Uttala
Uttala er den munnlege framburden av skriftmålet.
Høgnorsk uttala
Sjølvljod
I norsk hev me desse sjølvljodi: a, e, i, o, u, y, æ, ø, å. Desse er klangføre.
a | [a:] | eng. father |
e | [e:] | tysk sehen |
i | [i:] | eng. see, tysk viel |
o | [o:] | tysk Buch |
u | [ʉ:] | eng. boot (men lengre fram?) |
y | [y:] | som ein runda i |
æ | [æ:] | eng. man |
ø | [ø:] | tysk Löwe |
å | [ɔ:] | eng. law |
Open og trong sjølvljod
e, i, o, u og y (og stundom ø) kann lyda på tvo måtar, trongt og ope. I lange stavingar finn me oftast den tronge ljoden, i stutte oftast den opne. Når ljoden er open, nærmar e seg til æ, i til e, o til å, u til o, y til ø. Sumtid merkjer ein desse når ein skal skilja ord som elles er like i skrift: lutande kile ( ́) yver trong, attkeik kile (`) yver open. Døme: blót (offer), blòt (leggja i ~).
Schwa
I utyngd staving vert e uttala schwa [ә], liksom britisk uttala av engelsk father. Døme: hane [ha:nә].
Tviljod
Der er fem tviljodar: au, ei, øy, jo, ju. Desse hev oftast uttala /øu/, /æi/, /øi/, /jo/, /ju/. Døme: lauk, leik, røyk, brjota, ljuga.
Vanlege uttalemistak av sjølvljod
Trong o i ein dom (sameleîs etterfestet dom), ei rova (hale), i otta (um morgonen), ein otte (rædsla), ein sott (sjukdom), totte (tykte til tykkja), ein trott. Open o i ein fole, ei hosa, ei kona, eit lok, ein mose (vokster), ein pose. Open u i sumar (kann vera trong når sjølvljodet er stutt), lut, hug. Open i i lit, vit.
- Mrk. Sumtid er sjølvljodet so ope at at ein skriv e for eldre i – t.d. kid > kjed (norr. kið, jf. killing < kidling), sid > sed (norr. siðr), vin > ven (norr. vin, vinr).
Uttala av sjølvljodi ved bøygde former
Lagord. Når lagordet stend i inkjekyn, vert ofte stavingslengdi og ljodhåtten brigde, d.e. at sjølvljodet vert lengt og millomlågt sjølvljod lægt – t.d. god /gu:/ : godt /gɔt/, høg /hø:g/ : høgt /høkt/, låg /lɔ:g/ : lågt /lɔkt/, låk /lɔ:k/ : låkt /lɔkt/.
I notid ymsar uttala alt etter gjerningsordklassone. Opi er uttala i 5te og 6te rekkja – t.d. (5te) fer /fè:r/ (til fara), grev /grè:v/ (til grava), tek /tè:k/ (til taka), veg /vè:g/ (til vega), og (6te) lèt /lè:t/ (til lata). Stundom er jamvel sjølvljodet æ – t.d. (5te) slær (til slå), og (6te) fær (til få), læt (til låta). I telja klassa av linne gjerningsord er uttala jamt opi – t.d. vel (til velja), sel (til selja). Trong er uttala når uttala i grunnformi (infinitiv) er trong (d.e. 3de og 4de rekkja) – t.d. (3de) bit /bi:t/ (til bita), lit /li:t/ (til lita), skriv /skri:v/ (til skriva), og (4de) bryt /bry:t/ (til brjota), lyt /ly:t/ (til ljota), skyt /sky:t/ (til skjota) .
Tilleggsformene. Sjølvljodet er her ope avdi sjølvljodet i gamalnorsk var stutt – t.d. bore (til bera), skore (til skjera), skote (til skjota), vore (til vera), vorte (til verta); skrive (til skriva), slite (til slita), drive (til driva); sprunge (til springa) , stunge (til stinga), sunge (til syngja).
- Mrk. Same gjeld lagord som ovan – t.d. vriden /vrì:en/, skiten – men ikkje vrid-en /vri:en/ (til vrid) og skit-en, avdi sjølvljodet i gamalnorsk var langt.
Medljod
Skrivegjerd | Hovudnorm | Onnor normgild uttala frå ymse landslùter |
b | [b] | |
c | Berre i lånord | |
d- framljod | [d] | |
-d- inn-/utljod |
|
Sunnmøre/Nordfjord: [ð] eller [d] |
dd | [d] | Nordnorsk, trøndsk o.a.: [dʲ] |
dj | [ʝ] eller [ɟʝ] | Mange stader: [j] |
dk | [k] ([kʰ] i utljod) | Sum aust- og nordnorsk: [ɾk] ([ɾkʰ] i utljod) |
f | [f] | |
g- framljod |
|
|
-g- innljod |
|
|
-g utljod | [g] | Sume stader etter e, i, y, æ, ø og l, r: [ɣ] eller [j] |
gj | [ʝ] |
|
-gn inn- og utljod | [ŋn] eller [gn] | |
h | [h] | |
hj | [j] | I sume ord mange stader: [ç] (t.d. hjå) |
j | [j] | |
k- framljod |
|
Vestnorsk: [cç] fyre ei, i, y, øy |
-k- innljod |
|
Vestnorsk: [cç] fyre mange endingar på -e-, -i- |
-k utljod | [kʰ] | |
kj | [ç] | Vestnorsk: [cç] |
l | [l] | Austnorsk:
|
ld | [ld] eller [l] | Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ʎ] |
lg | Sjå -g i utljod | |
lj | [lj] eller [j] | |
ll | [l] | Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ʎ] |
m |
|
|
mb | [mb] eller [m] | |
n |
|
|
nd | [nd]] eller [n] | Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ɲ] |
ng | [ŋg] eller [ŋ] | |
nn | [n] | Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ɲ] |
p fram- og utljod | [pʰ] | |
-p- innljod | [p] | |
q | Berre i lånord | |
r | [r] | |
rd | [r] | Austnorsk: [ɽ] |
rg | Sjå -g i utljod | |
rl | [rl]] | Austnorsk: [ɭ] |
rn | [rn] eller [n] |
|
rs |
|
|
rt | [rt]] ([rtʰ] i utljod) | Austnorsk: [ʈ] ([ʈʰ] i utljod) |
s | [s] | |
sj | [ʃ] eller [sj] | |
sk |
|
|
skj | [ʃ] | |
sl | [sl] eller [ʃɭ] | Trøndsk og andre stader: [ɬ] |
stj | [ʃ] | |
t fram- og utljod | [tʰ] | |
-t- innljod | [t] | |
tj | [ç] eller [cç] | |
tl | [tl] eller [ʃɭ] | Trøndsk og andre stader: [ɬ] |
tt | [t] ([tʰ] i utljod) | Nordnorsk, trøndsk o.a.: [tʲ] |
v | [ʋ] | |
w, x, z | Berre i lånord |
Nøgnare um uttala av medljod
«Stungen» d. Millom sjølvljod og i utljod vert d vanleg ikkje uttala – t.d. å beda, ei gleda, ein spade, ei tid, ein tidur. Undantak kann vera «bibelord» som Gud, nåde, stadnamn som Bodøy, Nidaros, Lade, og allveg lånord som ode, jøde og mode. Fyre etterfesti ‑ig og ‑ug er uttala oftast med d fyre ‑ig og utan d fyre ‑ug – t.d. vert stødig og stødug uttala /stø:dig/ og /stø:ug/.
- Merk: Sunnmørsk og nordfyrdemål held på d millom sjølvljod og i utljod. I jamvektsmål finn ein au halden d: spåddå (spade), tuddur (tidur).
I sume ord og former lyder d for å gjera meiningi tydelegare – t.d. bedne, bodne.
dj vert oftast uttala som j i framljod, men i sume uttalor som gj – t.d. djup, djerv, djevel. I innljod er uttala anten /dj/ med stutt sjølvljod fyre eller /j/ med langt sjølvljod fyre – t.d. ei midja, å rydja, å stydja, ei smidja. Ljodhåtten av sjølvljodet held seg når det vert lengt – t.d. stỳdja /stʏdja/ el. /stʏ:ja/.
tj vert i framljod oftast uttala /ç/ (kj-ljod), stundom /t/ – t.d. tjukk, tjuge, og millom tvo sjølvljod /tj/ eller /ç/ – t.d. sitja, vitja – der sjølvljodet i roti kann vera langt eller stutt: /siça/, /vɪːça/.
ggj finst berre i innljod og hev oftast uttala /ʝ/ (gj-ljod), men òg /j/ – t.d. leggja /leʝa/ el. /leja/, byggja /byʝa/ el. /byja/, (tvi)eggja /eʝa/ el. /eja/. kkj finst berre i innljod og vert uttala /ç/ – t.d. vekkja, ikkje, bikkja
gj i framljod – t.d. gjeva, gjenta – og i innljod – t.d segja, bægje, pløygja, bøygja. kj i framljod – t.d. kjenna, køyra – og i innljod– t.d veikja.
- Merk: Bjodeformi hev hardt medljod – t.d seg, pløyg, veik til segja, pløygja, veikja
Ljodlagi dg, dk og gs vert samandregne til /gg/, /kk/ og /ss/. Er sjølvljodet i eller o, skifter det ljodhått og stavingslengd – t.d. vidga /vigga/ (av vid /vi:/), blodga /blogga/ (av blod /blo:/), vridka /vrikka/ (av vrid /vri:/). Når a, berre stavingslengd – t.d. dragsa /drassa/ (av draga /dra:ga/).
ld og nd vert i utljod uttala anten /ld/ eller /ll/, og /nd/ eller /nn/ – t.d. kald, kveld, vald; land, rand, (sam)fund, snild. Men utan jamning i fortidsformene – t.d. talde (til telja), kjende (til kjenna), kunde (til kunna), og tilleggsformer – t.d. tald, kjend.
nd. Sjå ld.
ng vert anten uttala /ŋ/ eller /ŋg/ – t.d. ring.
rs vert i sume ord uttala /ss/ fyre t – t.d. fyrst, tyrst, størst.
rn kann ymsa. Ofte stutt sjølvljod – t.d. bjørn, tjørn, korn, birna. Ofte lang sjølvljod – t.d. jarn, ørn, gjerne, stjorn, verna, barn; allvegen borne, skorne, (u)vyrdne osb.
Tonelag
Til liks med svensk hev norsk tvo tonelag (skil i tone ved stavingar med hovudtyngd), som skapar minstepar. Døme: liket [¹li:kə], like [²li:kə] (til lo. lik); leiken (no.) [¹læikən], leiken (lo.) [²læikən].
Merk: Grunntonemynsteret for dei tvo tonelagi skil seg frå målføre til målføre.
Circumfleks
Er tostavingstonelag på ord med éi staving. Dette gjeld berre fåe ord. Døme: fôr, vêr, sâl. Ikkje alle ord med circumfleks er vanlege å merkja: mor, far, mt. glør (til glod).
Merk: Circumfleks femner vidare i sume målføre med apokope (m.a. trøndsk), jf. han er stor mot dei er stôr (= store).