Namnord
Namnord eller substantiv er ei klassa av ord som set namn på røynlege ting og tenkte umgrìp.
Namnordi vert inndelte i tri kyn: hannkyn, hokyn og inkjekyn. Desse er atter inndelte i ymse stomnar, som anten er sterke eller linne.
Namnordi vert bøygde i tal – eintal og mangtal – og i kjenne – ubundi og bundi form. Bøygjingi fylgjer kynet og stomnen ordet høyrer til. Namnordi hev au bøygjing i fall (høve, kasus), men denne vert ikkje mykje nytta, slik at nemnefallet er nær einerådande. Hine falli er: eigefall (genitiv) og sidefall (dativ).
Bøygjingsformer
| eintal | mangtal | |||
|---|---|---|---|---|
| ubd. | bd. | ubd. | bd. | |
| hannkyn | hest | hesten | hestar | hestane |
| (i/u-stomnar) | kvist | kvisten | kvister | kvistene |
| sterke hokyn | sol | soli | soler | solene |
| (ō-stomnar) | elv | elvi | elvar | elvane |
| (medljod-stomnar) | bok | boki | bøker | bøkene |
| linne hokyn | visa | visa | visor | visone |
| sterke inkjekyn | land | landet | land | landi |
| linne inkjekyn | auga | augat | augo | augo |