Normi

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Normi for skrivemåten i høgnorsk vert ikkje fastsett gjenom påbod frå ei rettskrivingsnemnd, slik det er med den offisielle statsnynorsken. Høgnorsknormi hentar myndi frå friviljug semja um kva som er beste fyredømi. Kunnskap um målet, bruk av målet og ordskifte um kunnskap og bruk er soleîs den reidskapen som gjer av korleîs normi sér ut.

Normgrunnlaget var det Ivar Aasen som fekk til vegar gjenom skriftfestingi av dei norske målføri. Grunnlaget var ikkje eitt målføre, men det sams systemet i norsk.

Fyrste statlege rettskrivingsnemndi vart nedsett i 1898 med Marius Hægstad, Arne Garborg og Rasmus Flo. Framlegget frå Hægstad – kalla Hægstadnormalen etter honom – vart offisiell rettskriving i 1901. Framlegget frå Garborg og Flo – kalla midlandsnormalen – vart godkjend sideform. Båe normalane fylgde stort sétt Aasen, men midlandsnormalen veik noko av i endingsverket.

Det var slett ikkje alle som lika tanken um at staten skulde leggja seg upp i rettskrivingi. Lars Eskeland skreiv i Framvegar og avvegar:

«Då eit par av lærebøkene mine var utkomne, fekk eg brev frå Rasmus Løland med helsing frå professor Moltke Moe og fyrespurnad um eg ikkje vilde søkja Kyrkjedepartementet um godkjenning på desse lærebøkene. Rasmus Løland rådde til dette, han òg. Men eg svara at eg syntest det var for tidleg å få ei rettskriving fastslegi og fastlæst på den måten. Eg meinte det var best å nå fram til ei sameining på eit friare grunnlag og med ein fullt naturleg vokster. Nynorsken heldt då so smått på å trengja seg inn i skule og kyrkja og styringsverk etter stortingsvedtaket i 1885 og skulelovi av 1889 og godkjenning av Det nye Testament på norsk i 1890. Likevel syntest eg det var for tidleg for riksstyret å blanda seg upp i nynorsk rettskriving. Det gjekk den gongen heller snøgt imot samling på fritt grunnlag. Eg synest enno at eg såg rett den gongen. Eg meiner at riksstyret like frå då og til no hev blanda seg mykje for mykje upp i spursmålet um rettskriving og målform. Det er ei ulukka for norsk målvokster.»

Rettskrivingi av 1901 var likevel ikkje serleg umstridd; i både nemndi og ettersynsnemndi sat det folk som hadde stor tillit, med di dei hadde synt målslege evnor i skrift, var millom dei fagleg beste, og sokna til noko ulike målsyner.

Rettskrivingsbrigdet i 1910 opna for nokre få valfrie former.

I 1917 kom det til eit større offisielt rettskrivingsbrøyte. Påskuvar var millom andre Østlandsk Reisning og tanken um samnorsk, ei samansmelting av dei tvo skriftmåli i Noreg (norsk og norskdansk). Storparten av umbrøyti var valfrie, og slo ikkje gjenom slik tanken var frå samnorskhald. Det var på denne tidi at Gustav Indrebø stelte seg i brodden for tanken um å verna det norske målet mot samnorsktanken.

I 1938 kom det til eit målbrigde frå statlegt hald. Då vart mange av dei valfrie formene frå 1917 som ikkje hadde vunne seg uppslutnad i fritt bruk, gjorde påbodne. Forbodne vart ålgjengde former som (ei) visa, tvo, tjuge, hundrad, tusund, timber, kyn, kann, um, upp, burt, fyrr, fyre, myrk, spyrja, spursmål, dryfta, pylsa, yver, annarleis, ålvor, fåre, sputta, greid, breid, lid, segja, bøygja, nøgja, hev, havt, gjeng, stend, vilde, kunde, millom, gjenom, so. Det vart no uråd å skriva eit tolleg tradisjonelt norskt mål innanfor offisiell rettskriving, og det kom til eit endelegt brot millom statsnynorsk og høgnorsk. Den bokmålsnære stavemåten førde snart med seg at mange fekk vandt for å halde dei tvo måli frå einannan i ordfanget au. Offisiell rettskriving i ymse avbrigde frå og med dette hev ikkje havt noko å segja for høgnorsknormi, einast for høvet til å skriva godt norskt i skule og statstenesta.

Hausten 1938 gjorde Gustav Indrebø upptak til å skipa ein Aasen-ring. Lagsmennene i ringen lova at når dei var nøydde å bruka statsnynorsk, skulde dei skriva so nær uppåt Aasen-målet som det var offisielt høve til. Når dei stod fritt, vilde dei skriva like norskt som dei gjorde fyrr en rettskrivingi 1938 kom, eller norskare. Munnleg vilde dei bera fram det norske målet i ei vyrdeleg form.

Det vart heller ikkje jamt ende på høgnorskt mål i offentlegt rom 1938. Bibelutgåva ved Ragnvald Indrebø kom ut det året, og vart standande til 1978.

Norskt Måldyrkingslag vart skipa med tanke på å verka som eit akademi for det norske målet. Dette laget gjorde upptaket til Norsk Ordbok, og grunnmanuskriptet til dette verket ligg fyre i høgnorsk 1917-rettskriving; eit slikt ervid tek lang tid, og syner det meinings- og rotlause i dei jamlege umskifti i offisiell rettskriving.