Varaord

Frå Mållekken
Versjonen frå 6. januar 2010 kl. 16:15 av TH (Ordskifte | tilskot)
Hopp til navigering Hopp til søk

Varaord eller pronomen er ei klassa av ord som stend i staden for namnord eller namnelekker.

Personlege varaord

eintal nemnefall underfall sidefall eigefall
1.pers. eg meg mér min
2.pers. du deg dér din
3.pers. han han/honom (han, 'n) honom ( 'om, 'nom) hans
ho hana/henne (ho, 'na) henne ( 'ne) hennar
det (d' ) di dess
mangtal
1.pers. me oss vår
2.pers. de dykk dykkar
3.pers. dei deim deira

Avstytte/trykklinne former i klombrer; mest nytta munnleg, i attgjeving av tala og i skaldskap.

hana/henne: Mange målføre skil millom underfall og sidefall (eller direkte og indirekte objekt) i 3. person eintal av varaordi, um dei so ikkje hev eigne sidefallsformer elles. Aasen sette upp hana i den fullkomne bøygjingi av varaordi i Norsk Grammatik, men den einfelde bøygjingi med lik form i under- og sidefall (som han sette upp som «bekvemmest») hev vore mest nytta, soleis at hana vik for henne.

han/honom: Det gjeld same tilhøvet millom han og honom i hannkyn som hana og henne i hokyn, men med di han er nemnefallsformi au, hev denne formi stade mykje sterkare i høve til honom som underfallsform i bruk en det tilsvarande paret i hokyn.

det: Aasen og andre nytta òg den «vestnorske» formi dat, men den «austnorske» formi det vart snart rådande.

di – dess: Desse formene er mest nytta i faste ordlag: med di, til dess.

mér – dér: Desse sidefallsformene er lite nytta anna en i målføredæmt mål. Vanleg underfall i staden: meg, deg.

min – din – vår: Desse eigefallsformene er lite nytta anna en i målføredæmt mål. I staden vert det nytta bøygde eigedomsvaraord (min, mi, mitt osb.) eller underfallsform: vanleg til meg ~ sjeldan til min.

me: Attåt me er òg vi nytta. Alderdomleg er òg mid (mìd) og did (dìd) for me og de.