Skilnad mellom versjonar av «Spursmål og svar»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
s (Attra brigde gjort av 67.215.233.42 til tidlegare utgåva brigd av WikiSysop)
s (Wikitekst i staden for HTML)
 
Line 1: Line 1:
Spursmål og svar um [[høgnorsk]].
Spursmål og svar um [[høgnorsk]].

<hr>
----

'''''Høgnorsk vert jamt nemnt i same andedraget som [[Ivar Aasen]] og 1917-rettskrivingi; er ikkje høgnorsk eit gamaldags mål?'''''
'''''Høgnorsk vert jamt nemnt i same andedraget som [[Ivar Aasen]] og 1917-rettskrivingi; er ikkje høgnorsk eit gamaldags mål?'''''
Line 7: Line 7:
Nei. Høgnorsken er i jamn, livande vokster. Dei nyare rettskrivingsbrigdi i den [[statsnynorsk|offisielle nynorsken]] kom ikkje som ei fylgja av ny målvokster, men av eit ynske um å laga eit nytt blandingsmål av norsk og [[norskdansk]] – «[[samnorsk]]». Då lagde dei undan det [[typeformer|samlande systemet]] Aasen bygde på då han skriftfeste norsken. Høgnorsken held fast på dette systemet, som er like dagnært og samlande no som då.

'''''Kvifor er det so mange rare ord i høgnorsk?'''''
'''''Kvifor er det so mange rare ord i høgnorsk?'''''
Line 13: Line 13:
Norsk er eit ordrikt mål, og høgnorsken er open for dette mangfeldet. Kva ein tykkjer er rart, stend på umstende som vane, prestisje og kunnskap. Dersom ein kjenner rette [[uttala]] av eit ord skrive på høgnorsk, kann det godt henda ein varast at ein alt kjenner ordet frå eitkvart [[målføre]]t – sitt eige, dessmeir. I høgnorsk er det dessutan lett å laga [[nyord]] av det lagsame måltoet. Gamalt, sa du?

'''''Samarbeider høgnorskrørsla (Ivar Aasen-sambandet) med målrørsla elles (Noregs Mållag)?'''''
'''''Samarbeider høgnorskrørsla (Ivar Aasen-sambandet) med målrørsla elles (Noregs Mållag)?'''''
Line 21: Line 21:
Sume høgnorskfolk er med i NM, andre ikkje. Høgnorskfolk er med på ålmenne måltiltak, som t.d. arbeid med nynorske parallellklassor.
Sume høgnorskfolk er med i NM, andre ikkje. Høgnorskfolk er med på ålmenne måltiltak, som t.d. arbeid med nynorske parallellklassor.

<hr>
----

'''''Er høgnorsk ultrapuristisk?'''''
'''''Er høgnorsk ultrapuristisk?'''''
Line 29: Line 29:
Sjå ''Er høgnorskfolk mot framandord?''
Sjå ''Er høgnorskfolk mot framandord?''

<hr>
----

'''''Er høgnorskfolk mot framandord?'''''
'''''Er høgnorskfolk mot framandord?'''''
Line 37: Line 37:
Sjå ''Kvifor er det so mange rare ord i høgnorsk?''
Sjå ''Kvifor er det so mange rare ord i høgnorsk?''

<hr>
----

'''''Høgnorskrørsla er på den nasjonale lina i målstriden. Kva er den nasjonale lina?'''''
'''''Høgnorskrørsla er på den nasjonale lina i målstriden. Kva er den nasjonale lina?'''''

Den nasjonale lina målber at folk ikkje er lausrivne frå samfundet og at språket er sams for eit språksamfund. Difor er folk på den nasjonale lina for ei fast rettskriving.
Den nasjonale lina målber at folk ikkje er lausrivne frå samfundet og at språket er sams for eit språksamfund. Difor er folk på den nasjonale lina for ei fast rettskriving.

Siste versjonen frå 9. mars 2022 kl. 10:42

Spursmål og svar um høgnorsk.

Høgnorsk vert jamt nemnt i same andedraget som Ivar Aasen og 1917-rettskrivingi; er ikkje høgnorsk eit gamaldags mål?

Nei. Høgnorsken er i jamn, livande vokster. Dei nyare rettskrivingsbrigdi i den offisielle nynorsken kom ikkje som ei fylgja av ny målvokster, men av eit ynske um å laga eit nytt blandingsmål av norsk og norskdansk – «samnorsk». Då lagde dei undan det samlande systemet Aasen bygde på då han skriftfeste norsken. Høgnorsken held fast på dette systemet, som er like dagnært og samlande no som då.

Kvifor er det so mange rare ord i høgnorsk?

Norsk er eit ordrikt mål, og høgnorsken er open for dette mangfeldet. Kva ein tykkjer er rart, stend på umstende som vane, prestisje og kunnskap. Dersom ein kjenner rette uttala av eit ord skrive på høgnorsk, kann det godt henda ein varast at ein alt kjenner ordet frå eitkvart målføret – sitt eige, dessmeir. I høgnorsk er det dessutan lett å laga nyord av det lagsame måltoet. Gamalt, sa du?

Samarbeider høgnorskrørsla (Ivar Aasen-sambandet) med målrørsla elles (Noregs Mållag)?

Der er ikkje samvinna millom høgnorskrørsla og Noregs Mållag på organisasjonsnivå. Dersom samvinna og semja skal vera eit mål i seg sjølv, vil det hindra eit intellektuelt og nyttugt ordskifte. NM hev til vane å segja ja til alt; mange samnorskfolk er t.d. med i NM.

Sume høgnorskfolk er med i NM, andre ikkje. Høgnorskfolk er med på ålmenne måltiltak, som t.d. arbeid med nynorske parallellklassor.

Er høgnorsk ultrapuristisk?

Der er ingen grunn til å segja at høgnorsk er ultrapuristisk. Flest alle høgnorske former var jamstelte hovudformer fram til målbrigdet i 1938. Innan dette målbrigdet hadde nynorsken havt jamn framgang. Høgnorsken er ein skriftleg praksis frå fyre dette brigdet, knytt til kjende namn som brørne Gustav Indrebø (Norsk Aarbok) og Ragnvald Indrebø (bibelumsetjing frå 1938), Leiv Heggstad (Norsk grammatikk fyrsteutg. 1930), og diktarar som Arne Garborg, Elias Blix, Olav Aukrust, Olav H. Hauge. Den nynorske bibelumsetjingi frå 1938 var på høgnorsk, og vart fyrst avløyst i 1978.

Sjå Er høgnorskfolk mot framandord?

Er høgnorskfolk mot framandord?

Me er ikkje einsynte puristar. Me stengjer ikkje ute ålmenne kulturord frå t.d. latin, gresk, fransk - som me hev sams med mange andre mål. Dei skil seg frå dei tyske eller danske ordi av di dei ikkje er av germansk rot og difor ikkje glid so lett inn og ikkje fær nokon tokke av å høyra heime i det upphavlegt norske. Me freistar like vel å finna avløysarord som er laga av norskt målemne, men me leitar ikkje etter mest mogleg «eksotisk-norske» avløysarord berre for at det skal vera norskt. Me godtek difor nokre framandord av ulike grunnar – stil, tradisjon, klårleik osb.

Sjå Kvifor er det so mange rare ord i høgnorsk?

Høgnorskrørsla er på den nasjonale lina i målstriden. Kva er den nasjonale lina?

Den nasjonale lina målber at folk ikkje er lausrivne frå samfundet og at språket er sams for eit språksamfund. Difor er folk på den nasjonale lina for ei fast rettskriving.