Midlandsmaal (1906)

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne boki er førd yver frå ei papirutgåva og kann hava lyte. Sjå Innlesne bøker for fleire av desse.

R. Flo


Midlandsmaal


etter


Framlegge fraa Rettskrivingnemndi i 1899


ved


Arne Garborg



Feil ved oppretting av miniatyrbilete: Fila manglar



Kristiania

Olaf Norlis Forlag

1906


I retskrivingsnemndi 1899 sat: prof. HÆGSTAD og cand. phil. FLO fraa nord-vestlande og bokmannen GARBORG fraa sud-vestlande.

Nemndi, som hadde aa halde sig til de som var skrivi paa norskt, var samstelt um, at ei tillemping av Aasens skrivemaate, laut vera grunnlage for ei norsk skule-rettskriving. Og ho stod saman i alt, so nær som i spursmaale um ordendingar.

Der meinte fleirtale (FLO og GARBORG), at dei midlandske formine vilde kunne samle lande best. Flo (som var meistaren for feirtalsframlegge) skreiv um dette spursmaale mill. a.:

„Dei maalbrigde som her er tekne med, er slike som kann stydja seg anten til maalbruke i heile lande aa rekne for, eller — so godt som alle — til eit avgjort fleirtal, sùme meir til ein kant. andre meir til ein annan. Men der er ei landstròku der dei samlar seg alle saman. De er den store mid-ryfti, fraa dei synste dalbygdir og heilt igjenom de breidaste av lande med Setisdalen og Telemarki til Valdres og Gudbrandsdalen. Her hev Nynorsken naatt si rikaste og fagraste bløming. Her er de og, i vissa i den drjugaste sør-luten: Telemarki med Setisdalen, at norskt aandsliv hev haldi seg uppe ubròti — og, naar ein mæler de etter landevildi, ogso rikt — heilt fraa gamal tid. Og samstundes som desse lands-lutine best hev haldi ved lag sambande med de gamle, hev dei i sin maalbygnad ogso lagt de beste grunnlage til aa samle og binde saman de nye Noreg. I sitt maalbruk, og i vissa i ljodbygnaden — det som gjev sjølvare orde sin klang —, stend dei nærast vestlande, som her byggjer paa heilare og reinare grunn, medan denne grunnen er meir rumpla eller skipla i mange andre grendir. Derimot i den meir ytre svip paa ordi, i tonelag og i endingar, stend dei i fleire maatar nærare saman med maalføri austantil og nordantil. Det er soleis — baade etter lægje og alt — som dette landbande nettupp skulde vera fryrilaga til aa samle eit nyreist heilnorskt Norig. Her stend me paa den landbrui som baade bind saman dei meir eller mindre skilde landslutir i de nvye Noreg, og bind dette Noreg saman med de gamle.

Um nokon vilde meine at desse brigdi likevel er nye og urøynde i den norske bokheimen. so er ikkje de heller so. Dei er tvert um dei eldste aa rekne for, eldre og tidlegare røvnde i

skrift enn andre norske maalformir. I Landstads folkevisur vil ein finne deim alle saman. Og baade i desse og i all den rike maalskatt i same leid som er samla og utgjevin, vert dei vel i hovudsaki standande gjenom alle tidir. Her hev me daa de mest sjølvvaksne, aa kalle, i norsk bokrike aa byggje paa."[1]

De steltest sidan so, at de som i nemndi var fleirtal vart faatal; heile nemndi samde seg daa i eit nytt framlegg um ordendingar; fleirtalsformi fraa de fysste framlegge vart no sideform, „til bruk for folkeskulen i bygder eller byar som maatte ynskja det.“

Nemndi krev her samrøystes, at alle skal faa, „kjennskap til vanlegt landsmaal“; men, „det vil vera rimelegt“, segjer ho, „at skular som hev valt sideformi, fær lærebøker òg i den, um dei so krev“; og de vert lagt til, at sideformi skil seg ikkje meir fraa normalformi enn att ein „vil kunna retta fraa den eine til den andre i korrekturen“. Nemndi „trur, at godkjenning av ei slik sideform ikkje vil skilja, men heller vera til hjelp for samanveksingi, med di ein paa den maaten tek all grunn burt under den talen som stundom vert høyrd, og vel stundom sèt vondt blod, at det her er tanke um tvang, eller at maalsaki eikorleis skulde vera ei bygdesak: vestland mot austland el. dl.“[2]

Korleis de hev gjengi med den fridomen som her vart tilraadd, de maa eg segja eg ikkje veit. Men um den midlandske stavemaaten segjer eg som eg fyrr hev sagt: „so lengi ikkje heile lande hev valt maalform, og so lengi de i bokheimen er strid um skrivemaaten, so bør ikkje skulestyre paa fyrihand slaa vestlandsformi fast anna enn til rettleiding. De kunde i de heile vera ymist vori aa stelle seg so, at midland og austland og nordanfjelskt hadde berre de eine vale: norskdanskt eller vestlands-norskt. Um ikkje midlandsformi vaar duger til anna, so vil ho staa der og vise, at de ikkje er meiningi aa slaa noko fast til landsmaal, fyrr lande i det heile hev havt tilføre til aa velja.“[3]

Fleire bokmennar hev i seinare tid, meir eller mindre heilt, teki upp den midlandske skrivemaaten. Og de viser seg, at den skilnaden i nokre endingsformir som de her er tale um, gjer svært lite for deim som lesa skal. Og ein kann trygt tru, at etterkvart som folk lærer aa sjaa kor sant de er at norskt maal med alle serskapar i smaating er eitt i grunnen, vil skrivemaaten arbeide seg heilt ihop. Etterkvart som talemaali fær full fridom og trygd og sjølvkjenskap, vil dei lettare og lettare kunna samle seg um eit norskt skriftmaal der einskapen er heilt gjenomførd.

Av dei grunnane kand. Flo i framlegge sette upp, hev eg her i stuttmaal teki med so mykje som eg tenkte aalmenn mann kunde vilja lesa.

Norsk formlæra av Lars Eskeland (5te utgaava) sét i eit tillegg (s. 20—23) upp dei midlandske ord-endingane, greidt og med so mange døme-ord som ei liti skulebok kann hava rom til. I de hefte eg her gjev ut — de kann gange for noko som eit tillegg til den nemnde formlæra — kjem attaat ordendingsreglane, so som Flo sette deim upp, ordlistur som maa kunna greide seg for skriftlegt bruk; og slike tarvst, av di talemaali i dette som 1 andre stykke hev vaksi meir eller mindre kvar sin veg i den lange tidi daa dei ikkje hadde studnad i noko skriftmaal.

Utgjevaren.


Ordendingar.

1. „Daud t“. De[4] som skulde vega mest her: vansken med aa skilja, utan hjelp av t, ord og ordformir med utgang paa -e, slike som vert likt skrivne, men elles er ulike, — um de er aa segja, at mest i alle høve vil ordfelling og samanheng syne greidt nok kva som er meint. Alle maal hev ord av ulik meiming som er likt skrivne (i danskt t. d. kaldet, av kalde og et kald, lammet, av lamme og lam o. s. fr.) Og i dei reine faahøvi der de kann vera faare for mistyding, fær dei som skriv lære seg til aa gjeva agt paa slikt. Til letting paa ymis vis — so folk kann sleppe aa lære, fysst at de og de skal ein ikkje lesa, og etterpaa at ein likevel skal skrive de —, bør ein i skulebøkar paa landsmaal brùka skrivemaaten utan daude t’ar.

2. Hestar(ne), bygder(ne). I flestalle bygdemaal lyder ikkje r i avmerkt[5]) fleirtal; han vert til n (stundom mjukt n: nj) eller til d: hestann(e), bygdidn(e). I skrift hev rn vori brukt; men dette rn fell hardt, og for sume reint uskrivande, serleg i visse ljodlag; formir som „lærararne“ vert i seinare tid ofte skrivne „lærarane“ (eller jamvel „lærarne“).

De skulde vera likso mykje grunn til aa skrive den avmerkte fleirtalsendingi utan r i norskt som i norskdanskt.[6] Spursmaale vert daa kva skrivemaate ein skal velja av dei som bygdemaali byd: dn(e), nn(e), n(e).

Lande stend paa lag likt bytt millom ut-talen med og utan ende -e. Men mot formi utan e er mill. a. de aa segja, at med den fær ein ikkje eintal og fleirtal so greidt skilde som best var i skrift; i mange ord er de berre tonelage som skil (sau’ensauen o. a). Ein fær daa halde seg til dei maalføri som hev e her.

So spỳrst de um medljoden. Skrivemaaten med dn hev mykje for seg, men ikkje mange nok med seg. Fleirtale brukar n. Dette n er ikkje alle stadir likt ut-tala, og skrivemaaten med nn hev vori uppe. Men dubbel medljod i vegtlaus staving er ikkje elles brukt i norskt, so nær som i eit eller tvo undantak (-all; fyrr ogso -utt); nn i ordendingar vilde daa brjote denne skipnaden og gjera det heile flokut for folk. Mange ord vart og svært avbragslege med slik skrivemaate (som grannanne, grunnanne, munnanne, mennenne o. s. fr.). De fær daa klara seg med ein n fyri e’en.

3. „Triklangen“. Men ikkje i alle tilfelle vil endingi -ne høve. Formir som mennene, føtene, sedene, lidene, sakene o. s. fr., ser ikkje kjenslege ut for norske augo. Og de vart ikkje so lite av slikt. Me fær daa hugse „den norske triklangen“. Dei gamle fleirtals-endingane arirur liver enno.

I skriftmaale hev -ar alltid vori i bruk. Og jamsides med -or hev og -ur vori mykje framme. De er u som raar alle stadir sørpaa i lande (der de ikkje er e), baade austanfjells og i Hardanger og Voss, i minsto i avmerkt fleirtal, der u’en raar mykje ogso nordanfjells; og slikt som fururfurun(e), vikurvikun(e) er aalgjengt paa austlande med.

Endingi -ir hev Landstad (i folkevisune) og Vinje brukt; men dei hev ikkje havt mange etterfylgjarar. Og endaa vantar de ikkje paa, at i’en hev studnad i lande. I vissa i avmerkt fleirtal raar han i heile Trøndelag, og nedetter vestlande til fjordane, og her og der ogso lenger sør, og i dalbygdine austanfjells heilt til det synste i lande. I uavmerkt fleirtal hev han noko mindre raaderom. Heile Telemark og bygdir lenger nord (nedré Numedal, Sigdal, Krødsherad) og søretter (Aamlid), og vestanfjells (sume stadir i Hardanger) er endingi heilt og greidt -ir (jamsides med -ar og -ur); andre stadir er de i’ (Raabyggelag og Hallingdal; øystre og nørdre Trøndelag). Men tek ein med dei maalføri der endingi er kvass é (Valdres, Gudbrandsdalen, Voss o. fl.) — som ein kann og bør gjera —, so vert raaderome ikkje so mykje mindre enn de som avmerkt fleirtals-i hev. De vert ei landevidd likso stor — og for det meste den same — som ogso hev fleirtalsending med

u eller o (i ord som klokke), i de heile nettupp den landtyngdi der den rette norskdomen i maale hev sin styrke. Eit merke av denne i’en hev ogso mest heile lande i uttalen av upphavleg k og g framanfyri fleirtalsendingi av dei ordi de her gjeld, som bekkje(r). strengje(r), eller bekkji(r), strengji(r), gn. bekkir, strengir.

Det som hev haldi denne i’en so utestengd er vel de at -irne i avmerkt fleirtal tyktest drjugt snarpt (her som i birne, firne, kirne, der dei fleste skriv nn). Men med skrivemaaten utan r fell denne motgrunnen burt. Her nokre ord til prøve: Kvistirkvistine, gjestirgjestine, sønirsønine, vénirvénine, lutirlutine, sedir, sedine o. s. fr.; de vert ein skrivemaate so svìpleg og fin og lempeleg som nokon kann vnskje seg.

Med den kann ein og spara seg aa skrive j etter k og g i fleirtalsformir av ymse ord; og paa sør-austlande (ikring Oslofjorden), der dei ikkje hev mykje av kj, og endaa mindre eller slett ikkje ggj. ngj o. dl., fell ut-talen kj og gj ulagleg. Men med i etter k og g kann kvar bruka den uttalen som honom høver. Bekkir, strengir kann ein lesa bekkjir (bekkjé[r]), strengjir (strengjé[r]), eller bekk-ir (-é[r]), streng-ir (é[r]); soleis og med øykir, benkir, leggir o. s. fr. I samansetningar med slike ord fær ein daa og skrive berre k og g, utan der ein vil bruka a til bindestav. Me fær daa „triklangen“ heil.


Gjenom festalle maalføri med u i fleirtals-endingi gjeng eintalsformine ei kistekista, ei gaavegaava; deim fekk ein taka upp saman med u i fleirtal. Landsmaale i seinare tid skriv ei kistaden kista, ei gaataden gaata; i de stykke hev landsmaale berre nokre reint faae bygdir med seg.

Som furu, vìku, selju gjeng alle dei linne hokỳnsord som hev opin (kort) sjølvljod i roti og etter sjølvljoden berre ein medljod (eller ein medljod og j[7]). De er vel 3—400 rot-ord av de slage, og av deim vel so 100 som meir jamleg hev vori nytta i bokmaal. (Sjaa liste I). Merkande er, at ingi ord med a i roti høyrer hit: ved paaverknad av u’en hev a i alle røtar her vorti til o (ø).[8]

I samansetningar brukar ein grunnformi: furuskog, vikublad, sogubok; kistelòk, visestubb, kyrkjebaat o. s. fr.

4. Serformir. De er 10—12 nemneord av hokỳn som i uavmerkt fleirtal er einstavingsord (tær, klør, kyr o. s. fr.), og 40—50, mest alle av hokỳn, som lyder med einstavings („sterkt“) tonelag, endaa um dei jamnast lyder og hev vori skrivne med tvo stavingar: menner, føter, bøker o. s. fr. I dei 10—12 ligg de nærast aa halde paa r i avmerkt fleirtal ogso, og skrive tærne, klørne o. s. fr. i samsvar med skrivemaaten i ordrøtar som stjerne, ørn, bjørn, hyrna. Dei 40—50 lyder i bygdemaali midt etter lande i fleirtal med a: menna(r), bøka(r), mennan(e), bøkan(e) (eller mennadn, bøkadn) o.s.fr. De hev jamnast vori brukt aa skrive endingi med e i desse ordi: mennermennerne, bøkerbøkerne, etter den mest brukte uttalen. Men næst etter den kjem uttalen med a; og daa denne høyrer heime nettupp i dei bygdir som etter sitt lægje og av andre sterke grunnar skulde best kunna samle og semja alt som er norskt i lande, bør ein vel skrive mennar o. s. fr. Her fær og ordi fâr, môr, brôr, syster, dotter koma med (berre at fâr og môr fær ein „litterær“ d i feirtal: fedrarfedrane, mødrarmødrane): brørarbrørane o. s. fr.


5. Bøygjingsmynster.

A-beøygjingi.

Hankỳn

hest — hesten hestar — hestane
time — timen timar — timane
hage — hagen hagar — hagane

(Med einstavings tonelag 1 fleirtal):

mann — mannen mennar — mennane
bror — broren brørar — brørane

Hokỳn

(ikr. 50 ord umframt dei paa -ing høyrer hit)

elv — elvi elv — elvi elvar — elvane
elv — elvi elvar — elvane
egg — eggi eggjar — eggjane
rekning — rekningi rekningar — rekningane

(Med einstavings tonelag i fl.):

taag — taagi tægar — tægane
rot — roti røtar — røtane
stong — stongi stengar — stengane
geit — geiti 'geitar — geitane
syster —- systeri systrar — systrane

I-bøygjingi.

Hokỳn

tuft — tufti tuftir — tuftine
bjørk — bjørki bjørkir — bjørkine
oksl —- oksl akslir — aksline

Hankỳn

(paa lag 50 ord høyrer hit)

kvist — kvisten kvistir — kvistine
øyk — øyken øvkir — øykine
veng — vengen vengir — vengine
son — sonen sønir — sønine

U-bøygjingi.

Hokỳn

kiste — kista kistur — kistune
greide — greida greidur — greidune
kyrkje — kyrkja kyrkjur — kyrkjune
snare — snara snarur — snarune
furu — furo furur — furune
sogu — sogo sogur — sogune
selju — seljo seljur — seljune
taa — taai tær — tærne
klo -— kloi klør — klørne
ku — kui kyr — kyrne

6. Framandord hev ein helst teki som hankỳnsord (til a-bøygjingi) eller som kvaargikỳnsord; t. d. eit dokumentet; fleire dokument — dokumenti. Sùme klarar seg i u-bøygjingi, som i>ei damedama, damurdamune; um dei hev ein medljod til utgang i grunnformi kann dei og stundom koma med her, som ei kanonkanona, kanonurkanonune. Mange gjeng godt etter i-bøygjingi: formformi, formirformine; straffstraffi, straffirstraffine o. a.

7. Segneord (gjerningsord, verb.). Dei maalføri som skìl millom jamleda hokỳnsord og hokỳnsord med lang rotstaving, hev same skilnaden i nemneformi av segneord (infinitiv); i ord med lang rotstaving er endingi e: kaste, sende, drive, bløyte, byggje, pløygje o. s. fr.[9]); ord med stutt rotstaving (kort — opin — sjølvljod i roti og etter den ein medljod, eller ein medljod + j[10] endar med a: fara, lesa, symja o. s. fr.

De er like eins her som med hokỳnsordi. Skilnaden er berre den, at her hev me og korte a-røtar (som i fara, taka); røtar med a og ein medljod etter er i de heile korte. Like eins er de i ord med e og ein medljod etter: freda, seda, lema, gjeva, bela[11] o. fl. Endingi a i nemneform fær daa alle dei segneordi som i roti hev a, e eller opin (stutt) i, o, u, y, og etterpaa einstaka medljod (med eller utan j attaat); smf. liste II. Dei kann vera noko vande aa skilja ifraa ord som hev einstaka medljod og trong (lang) i, o, u eller y i roti; men av deim er de ikkje mange. Eit greidt skiljemerke for ord med i og o i roti er de: at naar rotstaven vert ut-tala med sin rette („alfabetiske“) ljod, so er rotstavingi lang. Ord med opin u, y, ø er ikkje mange.

8. Tillegsformine (particip) av „sterkt“ bøygde segneord (og tillegsord med same endingar) hev vori skrivne bundenbundibunde(t), vaksenvaksivakse(t) o. s. fr.

Men sjølvljoden i kvaargikỳnsendingi[12] her er i røyndi i og ikkje e i de meste av lande. So framand er i denne endingi e-ljoden for folk, at naar dei ser skrivi bunden, so les dei helst bundæn. Men um folk baade her og der i lande vil lesa bundin o. dl. etter bokstaven, so kjem dei ikkje dermed lenger burt fraa sitt eigi enn dei vel maatte.

Ein skrivemaate med i (og de daa etter den raadande ut-talen i lande baade i kvaargikỳns og hankỳns — eitkỳns og einkỳns — endingar) vil rettleide til betre lesemaate, ikkje minst i dei mange ordi med k og g fyri endingi. I byar og i Oslogrendine les folk kj og gj med k-j og g-j kvar for seg. Med skrivemaatan i for e fær derimot ordi ein lett og fin svip; og med ut-talen vert de greidt for alle; dei som brukar mjuk k og g vil lesa kj og gj fyri i i endingar so vel som i røtar; og for dei andre vert denne skrivemaaten likso tilhøveleg etter deira ut-tale.

De er nok so, at tek ein skrivemaaten med i her, so fær ein ingi serskild form for hokỳn. Men mange bygdir greider seg utan den. Og paa vestlande — Sogn fraarekna — lyder hokỳnsformi av desse ordi ikkje med i, men med -æ, -a eller -o (aa) til ending. Smaa-vanskar kann de verte til sume kantar; men dei vert ut-jamna ved smaa-vinningar til andre kantar att. Merk og skikt som: han skulde skrive de; han skulde hugse de; men: han skulde skrivi de: han skulde hugsa de (skulde ha skrivi, skulde ha hugsa de).

Ein fær etter dette skrive:

Ein fær etter dette skrive:
finne — (hev) funni — (han er) funnin
(ho, de er) funni
kaste — (hev) kasta — (han, ho, de er) kasta
fara — (hev) fari — (han er) farin
(ho, de er) fari
selja — (hev) selt — (han. ho er) seld
(de er) selt
ein opin gang
ei opi grind
eit opi hus

I fleirtal som fyrr: komne, opne o. s. fr.

9. Undantak. A. Fleirtal av and fær vera ændar (til skilnad fraa endar av ende), liksom nætar av natt. Ord som hev denne bøygjingi berre i faae bygdemaal fær ein heretter som fyrr helst bøygje etter ein av dei meir vanlege maatane: traadar (for trædar), fonnir (for fennar), ospir (for espar), akslir (for ekslar) o. fl.

B. Nemneordi klage, flage, kake, nase, mare, svane, ape, (ei) gape, fane, skrape, vare, snare, (ei) trale gjeng sume stadir etter u-bøygjingi; i skrift bøygjer ein deim helst klageklaga o. s. fr.

Eitt ord hev kløyvt seg i tvo: ei gòtugòto (gjeil), og ei gategata (i by).

De heiter ein tale og ei tale; i sume samansetningar er de i fleirtal alltid tòlur (fyritolur o. a.).

De vil vera rettast aa skrive ei kòmu (solarkòmu; uppkòmu). Ei kònu heiter paa dei fleste stadir ei kòne; ein fær daa skrive so. For stovu er den vanlege midlandsformi stogu.

C. Aa kunna lyder oftast med a (stundom kunja) og bør daa helst liksom vilja og skul(j)a hava a i skrift med.

D. Litin hev i mest alle bygdemaal serskilde formir for ei-kỳn, og eit-kỳn lyder mykje med -e; ein fær helst bøygje litin, lita, lite.

Mykin, myki hev i eit-kỳn mykje; like eins: ingin, ingi, inkje; serskilt negtingsord: ikkje (avkorta: kje). Kvaargin, kvaargi, kvaargi, men korkje. Lengi, men lenger.

E. De vil vera rettast aa skrive fyri og yvi (i. st. f. fyre, yver: n. fyrir, yfir), etter som de lyder i innlandsmaalføri (Raabyggelag til Gudbrandsdal og mykje av Trøndelag). Derimot etter, under, som for det meste lyder med e.

F. Endingi -el i nemneord med tvostavings tonelag fær ein skrive med i: bundil(-en), himil(-en), kvervil(-en), risil(-en), tisti(-en), lykil(-en), tygil(-en), spegil(-en) o. s. fr. I nokre faae laaneord: handel, griffel, maks(e)l skriv ein e; like eins i høyrselhøyrsli, førselførslen, um ein daa ikkje heller skriv høyrsl, førsle.

G. Saman med bygdir, kvistir o. s. fr. kunde ein vilja skrive: (han) dømir, sendir, styrir, kjennir o. s. fr. Men ut-talen med i er lite brukt i segneord. Derimot skriv ein funnist, tekist, slegist, i samhøve med (hev) funni, teki o. s. fr.

Dei umbrigdi med skrivemaaten av ord-endingar som er haldne fram her, vil ikkje krevja noko umbrigde i ord-røtane. Heller vil dei gjera de meir naudsynlegt aa halde fast paa den upphavlege skrivemaaten. Soleis naar ein brukar formi svìpu, so kann de ikkje vera tale um aa skrive e for i der, med den meining at de skulde lyde svépe eller svépa. De vilde vera imot heile skrivemaaten i desse ordi, naar ein skil deim ut som jamleda ord; for de krev, at sjølvljoden i roti alltid maa vera aa taka som opin (kort), Ogso sùme andre meir forne ordformir kunde kanskje betre semjast med desse skrivemaatane. Saalersaalerne gjekk ikkje rett vel saman med de norskdanske saalersaalerne (en saale): men med saalirsaaline kann de ikkje vera noko slikt i vegen.[13] Ogso loglogir (lov) kann ein tryggare brùka (tarv ikkje ottast forblanding med norskfranske logerlósjer).


Liste I.

(Namnord med n-ending: sjaa s. 8).

aalvoru fylju maru (muru) smògu
aalogu gìvu midju smòtu
aku = aking glòpu mylju smyrju
andvòku = aar-
vòku
gòsu (av gjósa) myrju snòru
gòtu = gutu mỳsu sògu
beru gòvu netju spỳtu
berju grisu = glisu pysju stòdu
blòku gròpu rèku stògu
blòtu gròvu rèvu (rev-tik) stròku
bòku (spekk) gyrju ridu svipu
bòru gysju rivu svòlu
bòsu = busu hesju ròtu = skridu tilju
bryu hòku = huku selju tjøru = tjuru
brynju hòlu semju tòknu
dagdvelju (tid-
trøyting)
hòsu setu (av sitja) (fyri-)tòlu
idu sevju tvògu
drevju knòdu skivu tvòru
drivu kòmu skjèru (sigd) uhemju
drysju = skrynju kòru skòku (av skaka) u-tvegju
esju (eldmyrje) krytju skòru ufegju
etu (fòr; mat) kviku skòtu = lòku veru
evju kvisu skridu verju
ferju kvòdu (kvaada) skrynju vidu (tre-fang)
fesju kvòtu = kvetju skytju vidju
fjøru = fjuru lègu slev(j)u (raake) viku
flagu lek(j)u slitu vitju
flusu = flus lètu slògu = slegil
(tust)
vòdu
fròdu lògu vòku = vuku
furu lòku smidju yrju

Liste II.

(Segneord med kort rot òg a-ending; sjaa s. 11).

aakava dysja = drysja gnaga kjéda (kidja)
aathuga elja = ala gnava kita = kitle
aga emja gnika kjaga = masa
aka esja goddega (seg) kjaka = kjekle
ala eta gòsa kjava = kivast
ama (seg) éva (tvila) gòva klaga
apa fala grasa klaka
asa fara grava klava
baka fata gremja klyvja
bala feta = føta grevja knaka
basa fjaka gripja knasa
bata fjasa grisja knea
beda fjeka gròpa knisa
belja = bylja fjuka grina knòda = knø(da)
bera flaka grymja knysja
berja flana grypja kòla
bila (vante) flata grysja kòma
bisa flesja gula kòra
blaga flòga gyrja kraka
blaka flòta gysja krasa
bledja = blada flysja haga krava
blika flytja haka kreka
bòda fòla = fyla hala kremja
bòra frasa = brasa hama krevja
bòsa freda hata kròta
braga frega hava kvapa
braka fremja hemja kvara
brasa fròda = frøyde herja kveda
bréeéka gaga (seg) hesja kvetja
bròta gala hevja kvika = kveikje
bruika gama hika kvima
buga gana hita kvisa
huhaga = buskapa gapa hijala kvisja
bynja gilja hòla (ut) kylja
byrja gima hylja lada
bysja gipa hypja laga
daga gjera hysja laka
dika gjeta (gìta) ida lapa
draga gjeva jaga lata
drepa glada kaga lava
drynja glana kaka (seg) lèka
dvelja glasa kara lemja
dylja gled(j)a kasa lèpa
dynja = duna gluma = glymja kava lepja
lesa remja skynsama taka
lettj)a (lata) seg riga skyvja = skivja tala
lida („lea“) ripa slaga tana = tenja
lima ròòka slava tapa
lita (farga) ròsa sleva (sikle) tasa
liva (hava liv) rydja smaka tedja
livja (seg) rynja smala tegja
lòga saga smòla telja
lòsa saka smyrja temja
lòva sama (seg) snava tenja
maga (upp fisk) seda snaka tena
maka segja snara teva
mala séla snasa tevja
mana selja snydja tilja
masa semja sòva timja
mata setja spada tòla
mida (taka mid; sevja spana tòra
sigte) sitja spara trama (seg)
mòka sivja (seg) spea treda
mòla (sund) skada spela trega
mòsaå skaka spita tròsa = trysja
mina skala spraka tròta
mvlja skapa sprala tvaga
mynja skara spyrja tvéga
mysja skata spyta tvila
nara skava staga tvòga
nasa skila staka = sjaka tysja
nava skilja stara umaka
nema = nemja skina stasa umbòda
neva skipa stava utvega (seg)
nigja skiva stada uvita
òlbòga (seg) skjaga stela vada
òrdskila skjala stevja (-st) vaka
òrsaka skjera stòta vara
para skòda strika vasa
pila skòra strita vava = vevja
pjaga skòta struka vega
plaga (hava fòr skrapa stydja velja
skikk) skrata stynja venja
prata skreva styrja vera
rada skrymja svaga verja
raga skrynja svala veva
raka sku(la) svana vigja
rala skvaka svara vilja
rana skvala = skvelja symja vima
rapa skvapa sverja vitja
rasa skvata = skvatre sviga ylja
rata skylja svipa yrja
reka skyna syvja

Merknader

  1. Framlegg til skrivereglar for landsmaale i skularne s, 108—9.
  2. „Tillæg til Framlegg til sktivereglar for landsmaale i skularne“ s. 20.
  3. „D. 17de Mai“ 20. 7. 1901.
  4. De („det“) kann ein skilja fraa tiltaleorde de (danskt „I“) ved aa skrive dette siste med kile: dé. (Skrivemaaten „De“ bør ein vel berre bruka i vyrdsam tiltale). „Det“ vert elles ofte skrivi for „de“ i denne millombrøyte-tid, daa ein ikkje rett veit kor mykje formkjenskap ein kann vente hjaa vanlege lesarar.
  5. For „avmerkt“ og „uavmerkt“ brukar sume heller „bundi“ og „ubundi“. (Eskeland: N. formlæra s. 5). Utg.
  6. I norskdanskt skriv dei „hestene“ og „bygderne“ um kvart-anna; men der er krav uppe um aa faa r’en burt i skrift der han er daud i talen. Utg.
  7. Av deim med gj og kj etter sjølvljoden er de likevel berre ei 2—3 sjeldsynte ord som fylgjer furu: vekju, u-tregju, ufegju, kvikju, lekju.
  8. Um klage, flage og nokre andre slike ord sjaa stykke 9B.
  9. Nordanum fjelle: aa kast, aa send.
  10. Undantak: alle segneord med kj eller gj til rot-ending gjeng ut paa e, so nær som segja og tegja.
  11. Hev upphavleg rot med stutt i (bidla), som fleire av dei ordi søm hit høyrer.
  12. kvaargikỳn er tungt; inkjekỳn gjev misklang; kunde ein ikkje likso godt skrive: hankỳn, hokỳn, de(t)-kỳn, eller ein-kỳn, ei-kỳn, eit-kỳn? Utg.
  13. Smf. engelsk soul.