Mållekken:Brukarportal

Frå Mållekken
Versjonen frå 1. februar 2011 kl. 00:08 av WikiSysop (Ordskifte | tilskot) (VIKTUG VITRING)
Hopp til navigering Hopp til søk

Denne sida er til dryfting av innehald og ålmenne spursmål elles, og til vitring og hjelp for nye brukarar. Ein kann anten skriva nye teigar eller vidga og bøta på gamle. Ein kann ikkje brigda sidone utan brukarkonto, men der er ikkje noko krav til namngjeving. Ein kann skriva det ein vil, men me mun leggja ei viss tyngd på formlæror, ordlistor, ljodlæra, målteigar og rettleidingar (HTML/CSS, programvara osb.). Alt tilfang skal skrivast på høgnorsk, men ver ikkje rædd mistak, det vert snøgt retta på. Soleis er denne netstaden òg ein stad å læra seg høgnorsk på.

Gjeremål

Dryftingar og spursmål

Upptak og framlegg

Kven vil laga ei vænare utgåve av bilætet uppi vinstre hyrna? TH 22. januar 2009 kl. 13:14 (CET)

Kannhenda me skulde byrja på ei handbok i høgnorsk (eller innføring)? For sume held det med ei formlæra og ei ordbok, men slik er det ikkje for alle. (er på sumarlæger i Risør no)--SAM 14. juli 2007 kl. 14:56 (CEST)

Programvara

Avbrigdet av MediaWiki som vert nytta her kunde gjerna turva ei uppgradering. På Wikipedia kann ein i søkjeboksen få upp framlegg til uppslagsord slik at ein kann lettare finna fram åt det ein er ute etter; ja, ein kann jamvel finna fram til meir enn det ein er ute etter.. Um det ikkje skulde krevja for mykje, so vilde eg hava sét på detta. CS 31. januar 2011 kl. 10:39 (CET)

Eg skal sjå på dette -SAM 31. januar 2011 kl. 14:47 (CET)
Då er programvara etterførd. Fyrre utgåva var noko gamal og dessutan serhøves brigd, og etterføringi gjekk difor ikkje heilt lytelaust. Titlane på teigane hev fenge kråketær og dei høgnorske systemmeldingane må leggjast inn på nytt (endå dei enno finst i den gamle utgåva). Gamalutgåva finn de på www.ivaraasen.no/wiki_gamal/ -WikiSysop 01:08, 1 February 2011 (CET)