Lagord

Frå Mållekken
Versjonen frå 26. juli 2007 kl. 21:30 av TH (Ordskifte | tilskot) (mt)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lagord eller eigenskapsord, adjektiv er ei klassa av ord som segjer kva lag (tilstand) ein ting er i, eller kva eigenskap han hev.

Lagordi vert bøygde på tvo viser:

  • i samsvar med namnordi dei stend til: i kyn, tal og bundi/ubundi (linn/sterk) form, og serhøves i grammatiske fall
  • i samanlikning av i kor stor mun laget/eigenskapen gjeld: i grunnmun, høgaremun og høgstemun

Sterk bøygjing

Lagord som god (flestalle lagord er bøygde slik):

eintal mangtal
hann-/hokyn inkjekyn alle kyn
god godt gode

Andre døme: blodug, gul, heilag, mjuk, modig, norsk, raud, stor, storleg, vond.


Lagord som leiken:

eintal mangtal
hannkyn hokyn inkjekyn alle kyn
leiken leiki leike leikne

Andre døme: gjeven, mogen, uvyrden, vaksen.

Linn bøygjing

eintal & mangtal
alle kyn
gode
leikne