Kjenneord

Frå Mållekken
Versjonen frå 21. januar 2009 kl. 23:07 av TH (Ordskifte | tilskot)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare utgåva→ (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kjenneord eller artiklar er ei ordklassa med ord og endingar som fortel um eit namnord er bunde eller ubunde. Stundom kann namnordet vanta og kjenneordet stå til berre eit lagord.

Ubundne kjenneord

Dei ubundne kjenneordi finst berre i eintal og fylgjer kynet åt namnordet: ein i hannkyn, ei i hokyn og eit i inkjekyn. Dette er ei trykklinn utgåva av talordet éin (éi, eitt).

Bundne kjenneord

Bundne kjenneord finst i tvo gruppor: fyresette og etterhengde.

Fyresette

Dei fyresette bundne kjenneordi fylgjer kynet og talet åt namnordet: i eintal den i hann- og hokyn, det i inkjekyn; i mangtal dei i alle kyn. Dette er ei trykklinn utgåva av varaordet den (det, dei).

Etterhengde

Dei etterhengde bundne kjenneordi er endingar til namnordi som i mange tilfelle er samansmelte med stomn- eller mangtalsendingi. Formene i eintal er -en i hannkyn, -i i sterkt hokyn, -a i linnt hokyn, -et i sterkt inkjekyn og -at i linnt inkjekyn; i mangtal er dei vanlegaste formene -ane i hannkyn, -ene i sterkt hokyn, -one i linnt hokyn, -i i sterkt inkjekyn og -o i linnt inkjekyn. Sjå nøgnare um desse endingane under bøygjingi av namnord.

Bruk

Fyresett bunde kjenneord vert einast nytta fyre lagord – med eller utan namnord. Oftast hev namnordet au etterhengt kjenneord i dette tilfellet: Det gamle huset.

Stundom kann lagord + namnord vera utan fyresett kjenneord. Ved ei rad lagord er dette regelen, soleis: fyrste gongen, galne sida, fyrre vìka, heile dagen, største lùten og liknande.