Gjerningsord

Frå Mållekken
Versjonen frå 1. august 2009 kl. 10:18 av TH (Ordskifte | tilskot)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gjerningsord eller segnord (au verb) er ei klassa av ord som segjer frå um ei gjerning, hending eller vera.

Rekkjor

Gjerningsordi vert bytte i tvo hovudbolkar, sterke og linne gjerningsord. Kvardeira bolken er skift i ymse rekkjor, og dessutan er det ei rekkja som fell millom hovudbolkane og difor ber namnet sterk–linn.

Bøygjing

Gjerningsordi vert bøygde i tid og segjemåte. Bøygjing i tal og menne (person) finst i målførelegt eller alderdomlegt mål. Dette er dei gjerande formene.

Attåt kjem ei namnordleg og tvo lagordlege former av gjerningsord. Dette er dei nemnde formene. Dei lagordlege formene vert dessutan bøygde som lagord.

Ved samansetjing av gjerande og nemnde former kann ein laga ymse umskrivne tider og måtar.

Grunnformer

Tidene er notid (presens) og fyrrtid (preteritum). Segjemåtane er forteljemåte (indikativ), bjodemåte (imperativ) og ynskje- eller mògemåte (konjunktiv).

Den namnordlege formi er nemneform (infinitiv), dei lagordlege er ferdug og uferdug lagform (partisipp).

gjerande nemnde
notid fyrrtid nemneform uferdug lagform ferdug lagform
forteljemåte kjem
kastar
segjer
kom
kasta
sagde
koma
kasta
segja
komande
kastande
segjande
komen
kasta
sagd
bjodemåte kom
kasta
seg
ynskje- eller
mògemåte
kome
kaste
segje
kjøme

Samansette former