Eigefall

Frå Mållekken
Versjonen frå 16. august 2007 kl. 00:00 av TH (Ordskifte | tilskot)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare utgåva→ (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Eigefall (genitiv) er eit grammatiskt fall som vanleg syner tilhøyrsla millom namnelekker (namnord, lagord, varaord) i ei setning.

Bruk

Eigefall vert no mest nytta i faste ordlag, i skaldskap, ved sernamn, og dessutan i ordsamansetjing.

Tidleg dags. Livs livande. Mannsens lukka. Husens folk. Sova til solanne. Til skogs. Hjartans takk. Taka til fotanne. Senda husa millom – eller: husemillom.

Former

Sjå bøygjing av namnord, lagord og varaord.

Umskriving

For gamalt eigefall kjem no ofte ymse umskrivingar i staden.

Umskriving med styreord

Dei vanlegaste styreordi å skriva um med er åt og til, men ein kann nytta alle styreord etter som det høver best til å greida ut tilhøvet. Mor åt/til barnet. Helvti av maten. Seden hjå andre folk. Fuglane i fjellet.

Umskriving med hans/hennar

Denne umskrivingi vert berre nytta ved personnamn og ætteord (far, mor osb.). Sengi hans Ola. Målet hennar mor.

Umskriving med samansetjing

Samansette ord er ofte beine ættingar av eigefall: gno. vina ráð > veneråd

Umskriving med setning

Døme på eigefall og umskrivingar

Døme med (1) eigefall, (2) samansetjing, (3) umskriving med åt og (4) umskriving med setning:

han livde av venanne pengarhan livde av venepengarhan livde av pengane åt venenehan livde av pengane (som) venene åtte

no ved sumars(ens) komano ved sumarkomano ved koma åt sumarenno som sumaren kjem

Kva læt best? Det kann skilja etter umstendi, det.