Diskusjon:Uttala

Frå Mållekken
Versjonen frå 13. april 2010 kl. 11:06 av Egd81 (Ordskifte | tilskot)
Hopp til navigering Hopp til søk

Er ikkje denne framleggjingi noko tung til rettleiding å vera? Jf. Midtun. Ikkje for det, ein treng ei heilskapleg yversynlista. --SAM 27. mai 2009 kl. 13:34 (CEST)

Er det ikkje greidast å rada det upp alfabetiskt slik, då? Det vilde eg ha sétt etter um eg skulde slå upp uttala i eit nytt mål. Tanken var å gje ei heilsleg yversyn. Både her og andre stader er det fulla ein fyremun um ein har ei stuttare innføring attåt au, men det var ikkje den enden eg tok åt med no. Tok du ikkje på ei side med innføring i høgnorsk? Kann hende er det ein tanke å leggje fram meir einfelde innføringar i ymse emne der, og lenkje millom hine innføringsbolkane og dei meir utfyllande teigane som denne. TH 27. mai 2009 kl. 15:23 (CEST)
Men dette er ikkje eit nytt mål ... Eg kann leggja til eitt og anna her, so fær me sjå um me skil ut tvo bolkar. --SAM 28. mai 2009 kl. 14:58 (CEST)
Nytt i tydingi mål ein treng å lære, må vita. Det er kje mange som skynjar tanken med eit eige norskt uttalemynster, av dei som soknar til nynorsk heller. På NRK dessmeir uttalar dei norske ord etter bokmålske uttalereglar. TH 28. mai 2009 kl. 15:13 (CEST)

Skal ein greida ut um uttala ved lengdumleggjing? T.d. norr. VK > nn. V:K el. VKK - jf. brot, skot osb. Same gjeld norr. KVKV (gera, vera osb.). Ein lyt dessutan få med at uttala i spurde, smurde osb. er trong. Og kva med alle desse medljodssambandi? Her trode ein ha ein eigen bolk under lista yver medljodane. --SAM 28. mai 2009 kl. 15:30 (CEST)

Eg tenkte noko slikt:

Medljodsamband

Stungen d. Millom sjølvljodar og i utljod vert d vanleg ikkje uttala – t.d. å beda, ei gleda, ein spade, ei tid, ein tidur. Undantak er ”bibelord” som Gud, nåde, og namn som Bodøy, Nidaros, Lade, og lånord som ode, jøde, mode, bad (og bada). Fyre etterfesti ‑ig og ‑ug er uttala oftast med d fyre ‑ig og utan d fyre ‑ug – t.d. vert stødig og stødug uttala /stø:dig/ og /stø:ug/.

Mrk. Sunnmørsk held på d millom sjølvljod og i utljod. Og i jamvektsord (spåddå, tuddur).

I sume samansetjingar og bøygjingsformer lyder d – t.d. naudsyn; og i tilleggsformene i fleirtal – t.d. bedne, bodne.

dj vert oftast uttala j i framljod – t.d. djup, djerv, djevel. I innljod er uttala anten /dj/ eller /j/ med lengd sjølvljod fyre – t.d. ei midja, rydja, stydja, ei smidja. Ljodhåtten åt sjølvljoden held seg når han vert lengd – t.d. stỳdja /stỳdja/ el. /stỳ:ja/. --SAM 28. mai 2009 kl. 15:42 (CEST)

Ja, lista eg laga gjeld som det stend berre for rotstaving. Endingar fylgjer noko andre reglar. Elles har eg skrivi um uttala under bolkane med endingsverk i t.d. namnord, men me fær ta ei grov yversyn her mèd. Lengdeumleggjing krev au ein eigen bolk (underbolk under sjølvljod?). Nøgnare utgreiding under tavlone vert lugom. Når det gjeld sjølvljod fær me semjast um eit sams ljodskriftsystem fyrst. TH 28. mai 2009 kl. 15:54 (CEST)
Eg tykkjer det lyt vera ein underbolk under sjølvljod. Mange tek i miss her, og difor er det viktugt å få fram. --SAM 28. mai 2009 kl. 17:11 (CEST)
Eg veit elles ikkje kor nyttugt det er med uttaledøme frå andre mål. T.d. er ikkje 'e' i 'sehen' det same som norsk 'e'. Eg trur desse «hovudsjølvljodi» er sopass kjende at ein ikkje treng slike døme. TH 28. mai 2009 kl. 16:03 (CEST)
Nei ingi sjølvljodar er like. Eg kann heller setja upp ein bolk som viser høvet millom deim når eg fær tid (høg, millomhøg osb.). --SAM 28. mai 2009 kl. 17:11 (CEST)

Spursmål

Kan ikkje skj uttalast [sç]? Og stj [stj], [sç] eller [scç]? Og er -d- inn-/utljod alltid dumb utan -ig? Rita 7. mars 2010 kl. 17:21 (CET)

Eg hev ikkje høyrt onnor uttala av skj enn [ʃ]. For stj er uttala [stj] eller [ʃ]. Ja, ein høyrer ikkje d i inn- og utljod i flest alle målføre, anna fyre -ig. Sumtid kjem han derimot inn att, t.d. i partisipp - bedne osb. --SAM 7. mars 2010 kl. 18:20 (CET)
[sç] er eit systematiskt rett uttal av skj og stj, og var venteleg høyrande i eldre målstig der det no læt [ʃ]. Eg har ikkje ført det upp med di eg ikkje kjenner til at detta uttalet finst i dag, men det bryt ikkje med målbygnaden og er soleis ikkje rangt. [stj] for stj er eit reint bok(måls)-uttal, ikkje rettare eg veit. TH 7. mars 2010 kl. 23:38 (CET)
Ivar Aasen skreiv Om Udtalen af skj og sj i 1856. Eg trur nok at uttalone [sç] og [scç] hev gjenge attende sidan den gongen, so det er ikkje visst at dei enno kann høyrast.

--Egd81 13. april 2010 kl. 13:06 (CEST)


Berre eit par småe innspel

1) "Sjølvljodet i alle linne gjerningsord i telja‑klassa er trongt gjenom heile bøygjingi – t.d. byrja : bør : burde : burt; dylja : dyl : dulde : dult;..."

Her er vel, som òg formi "bør" i staden for "byr" i det fyrste dømet syner, sjølvljodet ope.

2) Er det nokon serskild grunn til at [dʲ] er gjeve som onnor normgild uttala frå ymse landslùter av dd, og ikkje det klangføre himnestengjeljodet [ɟ]? Og like eins med [tʲ] og ikkje [c] for tt?

3) Finst det klangføre himne-kvisleljodet [ʝ] i norske målføre? Detta skal vera den vanlege utala av j- i svenskt, men i Noreg hev eg aldri høyrt -(g)gj- uttala annarleis en [ɟʝ] eller [j]. --Egd81 13. april 2010 kl. 13:06 (CEST)