Diskusjon:Stadnamn

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Sume hev vel òg kalla Lillehammer Mesna. -SAM 19. juli 2007 kl. 23:36 (CEST)

Ja, og Veslehamar. TH 19. juli 2007 kl. 23:39 (CEST)


Kva med ei sida med namn på stader, land og rike ogso utanfor Noreg, t.d. Sverike, Hjaltland osb. --Nfanrekurb 9. desember 2009 kl. 10:52 (CET)

Ja, kvifor ikkje? Kann hende er det greidast med ei eiga side um dette, so det ikkje vert for myki i éin teig. TH 9. desember 2009 kl. 16:31 (CET)


Eigersund og Egersund = Eikersund? Rita 7. mars 2010 kl. 16:44 (CET)

Bergen = Bjørgvin?

Bergen hev vel vorti kalla Bjørgvin på landsmål? Frå Wikipedia: "... og fra 1860-tallet ble det brukt av vestlandske landsmålsmenn som navn på byen.". Kva med å setja Bjørgvin i klomber, fyr det er ei god form og bispedømet heiter Bjørgvin. I Grunnmanuskriptet sér eg òg at Bjørgvin stend som hovudform. Eiliv (talk) 22:31, 9 December 2018 (CET)

Ja, det hev du rett i. Eg førde upp Bjørgvin i ordlista. --SAM (talk) 20:58, 10 December 2018 (CET)

Um a-en i Vardøy

Er det nokon serskild grunn til at Vardøy hev «a» og ikkje «o»? Nedervd uttala skal visst vera Vårøya etter Norsk stadnamnleksikon, og koma frå *Vǫrð(u)øy. --Eiliv (diskusjon) 2. november 2020 kl. 09:39 (UTC)

Nokre teoriar: 1) danskane/norsk-danskane lika ikkje u-ljodbrigde former (dei finst ikkje i dansk). 2) Ein mistolka den stadbundne uttala og trudde ho var ei rang umlaging (etter rett skulde *vǫrð(u) gjeva uttala vór- eller vóL, jf. uttala av jord, men i sms. tér ljodvoksteren seg ofte onnorleides). Ho var difor ikkje brukande. Ei onnor sak er at norsk varde svarar til dansk *vårde, jf. gard og gård. 3) Stundom skreiv ein a der uttala var aa (men kor seint?). Merk at det likevel heiter Vårberget (høgaste toppen på øyi) --SAM (diskusjon) 2. november 2020 kl. 11:04 (UTC)

Otteros

Namnet Otteros ser eg kjem frå Indrebø som hermde namn som alt var nytta. Eg lurer enno på um det er den mest høvande skrivemåten. Det er vel av eit tenkt *Otruóss som fylgjeleg vert Otros, men kvar kjem den tvifalde t-en og innskotssjølvljodet frå? Det minner meg mest um eikor uppnorskingi av det danene kunde ha' fenge frå namnet, *Odderos (jf. Sodderen for Sotra). --Eiliv (diskusjon) 5. februar 2021 kl. 13:41 (UTC)