Skilnad mellom versjonar av «Diskusjon:Innføring i høgnorsk»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
s (→‎-nn: ei skriveville i det SAM skreiv)
Line 7: Line 7:
Kvi hev ein tvo n-ar i ka''nn'' medan ha''n'' og de''n'' hev ein eismal n? Er ikkje detta eit symmetribrot? Eg sér at i norrøne tekster vert hannkynsordi merkte med tvo n-ar, medan hokynsordi einast hev éin. Ligg svaret her for ''han''? [[Brukar:CS|CS]] 17. desember 2010 kl. 21:04 (CET)
Kvi hev ein tvo n-ar i ka''nn'' medan ha''n'' og de''n'' hev ein eismal n? Er ikkje detta eit symmetribrot? Eg sér at i norrøne tekster vert hannkynsordi merkte med tvo n-ar, medan hokynsordi einast hev éin. Ligg svaret her for ''han''? [[Brukar:CS|CS]] 17. desember 2010 kl. 21:04 (CET)


:Det heiter ''kunna'' : ''kann'' : ''kunde'' (norrønt ''kunni'') : (hev) ''kunne'', mao. er ''nn'' ein lekk av roti, medan den siste ''n''-en i norrønt ''hann'' er kasusending, d.e. ''kanr'' > ''kann'' (med ''nr'' > ''nn'' - jf. nom. sg. m. *''grœnR'' > ''grœnn'' 'grøn'. Mao. like lite som me lyt skriva ''grønn'' og ''vænn'' ~ ''venn'' lyt me skriva ''hann'' [[Brukar:SAM|SAM]] 18. desember 2010 kl. 09:40 (CET)
:Det heiter ''kunna'' : ''kann'' : ''kunde'' (norrønt ''kunni'') : (hev) ''kunne'', mao. er ''nn'' ein lekk av roti, medan den siste ''n''-en i norrønt ''hann'' er kasusending, d.e. ''hanr'' > ''hann'' (med ''nr'' > ''nn'' - jf. nom. sg. m. *''grœnR'' > ''grœnn'' 'grøn'. Mao. like lite som me lyt skriva ''grønn'' og ''vænn'' ~ ''venn'' lyt me skriva ''hann'' [[Brukar:SAM|SAM]] 18. desember 2010 kl. 09:40 (CET)


::Kva vert uttala for ord som ''grøn'', då? Syner du åt utviklingi frå frumnordisk med yvergangane ''nr'' > ''nn''?
::Kva vert uttala for ord som ''grøn'', då? Syner du åt utviklingi frå frumnordisk med yvergangane ''nr'' > ''nn''?

Versjonen frå 19. desember 2010 kl. 11:26

Eg er samd i det med henne og honom, men ein torde skriva at henne og honom oftare vert nytta i høgnorsk (til liks med målføri). Ein kann òg nemna at ein i høgnorsk kann nytta a-mål, men det kann me laga ein bolk til sist um. -SAM 17. juli 2007 kl. 01:52 (CEST)

Ja, slike ting, dryftingar av bruksmåte og avbrigde, høver best sist i ei innføring. TH 17. juli 2007 kl. 12:52 (CEST)

-nn

Kvi hev ein tvo n-ar i kann medan han og den hev ein eismal n? Er ikkje detta eit symmetribrot? Eg sér at i norrøne tekster vert hannkynsordi merkte med tvo n-ar, medan hokynsordi einast hev éin. Ligg svaret her for han? CS 17. desember 2010 kl. 21:04 (CET)

Det heiter kunna : kann : kunde (norrønt kunni) : (hev) kunne, mao. er nn ein lekk av roti, medan den siste n-en i norrønt hann er kasusending, d.e. hanr > hann (med nr > nn - jf. nom. sg. m. *grœnR > grœnn 'grøn'. Mao. like lite som me lyt skriva grønn og vænn ~ venn lyt me skriva hann SAM 18. desember 2010 kl. 09:40 (CET)
Kva vert uttala for ord som grøn, då? Syner du åt utviklingi frå frumnordisk med yvergangane nr > nn?
Dessutan: kvar kjem d-en i kunde frå, um upphavet ikkje er norrønt? CS 19. desember 2010 kl. 00:01 (CET)
Uttala for grøn bør jamt vera /grø:n/, d.e. med lang vokal, avdi vokalen i norrønt var lang. Uttala /grønn/, d.e. med stutt ø, må vera dansk (kvifor stutt ø i dansk kann ein ikkje svara på, truleg analogisk). grøn fylgjer soleîs t.d. brun /bru:n/ el. /brù:n/ (norr. brúnn), ful /fu:l/ (norr. fúll) osb. Uttala av lek (norr. lekr) derimot, kann anten vera /lè:k/ el. /lèkk/, alt etter målføret, avdi vokalen (og konsonanten etter) var stutt i norrønt. No er det òg soleîs at n-en i han i mitt målføre er palatal, noko me ikkje skulde venta etter skrivemåten -n, berre etter -nn. Stavnaden hann torde vera like greid som han, men no er det heller ikkje mange (um nokre andre enn varaord?) einstava ord som ender på -nn < -nR og der rotvokalen er stutt, so det er vanskeleg å jamføra. Retting: van (norr. vanr) må vita!
Yvergangen nr (eller rettare nR) > nn kjem fyrst i vikingtidi. Mange runeskrifter viser -nR.
d-en i kunde er analogisk etter sende, dømde osb. SAM 19. desember 2010 kl. 01:26 (CET)